januar 13, 2010

Endra bloggadresse

Eg har flytta bloggen min til: http://evrimmel.com :)

januar 12, 2010

Cliviablomst

Clivia-blomst
Då har er kjøpt ein ny blomster:) På den gamle har blanda begynt å henge.

Eg syns det blir so tomt utan blomster i vinduskarmen. Blir litt glad også av å sjå på ein fin blomst:)

Har aldri sett dinne typen blomster før. Syns den var veldig fin:)

Det er kjekt å variere litt blomstersortar også, fint med variasjon i farge.

Cliviablomst

januar 11, 2010

Risotto til middag

Risotto

Risotto

I dag laga eg risotto til middag:)
Risottoen tar ca. 20 minutt å lage klar, so er ein ganske grei middag å lage til.
På butikken hadde dei ikkje svinekjøttdeig, dermed vart det familiekjøttdeig istaden.

Ingredienser:
1 Fullkornsris Boil in Bag
1 Familiekjøttdeig (400 g)
Salt (1 krm)
Peppar (1 krm)
Blå drue (ca. ein neve)
Mais (nesten ei boks)
Fersk annanas ( ca. 1/2 liten)

Skjer opp annanas og drue medan du ventar på at vatnet til risen kokar opp.
Steik kjøttdeiga medan risen kokar.
Ha alle ingrediensane oppi ei skål eller form av eit slag.

Eg brukte rømme til, sidan eg syns det gjer det mindre tørt og i tillegg gir det ein ekstra god smak:)
Dersom måltiden skal halde til 3 personar trur eg det er nok å berre tilsette ein boil in bag rispose til og litt meir drue og annanas:)

Kjøkkenbord-hjørnet vårt

Kjøkkenbord-hjørnet vårt (dårleg bilde pga lite lys)

januar 9, 2010

Middag og filmkveld at me venninner:)

tacokos

Tacokos:) Ida, Ragnhild, Elisabet og Anna

I kveld kom Ida, Anna, Ragnhild og Elisabet på besøk:) Eg inviterte dei hit på middag og film.

Vi plana over facebook. Det fungerar so mykje bedre enn å sende sms fram og tilbake mellom oss.

Til middag laga vi taco. Den besto av tortillas, kjøttdeig m/tacokrydder, isbergsalat,  kvitost, mais, annanas, party dressing eller rømme og tacosaus.

Vi såg filmen I Love You Man.

I Love You Man

Foto: filmweb.no

Alle var veldig fornøyd med filmvalget. Det var ei god komedie :)

Filmen handlar om Peter Klaven (Paul Rudd) som er ein en vellykka ung eiendomsmeglar frå L.A.. Då han frir til kjæreste sin, Zooey Rice (Rashida Jones), innser han at han ikkje har nokon nære kompisar å dele den gode nyheita med, han har ingen mannlege vennar. Han begynner dermed å søke etter ein mannleg venn som kan vere forlovar i bryllupet hans.

januar 8, 2010

Heimelaga pizza, brownies og film

I dag laga eg heimelaga pizza. Foreldra mine kom på middagsbesøk kl.17 :) Det var far min som spurte om eg kunne tenke meg å laga pizza.

Seinare på kvelden rundt kl.23 åt eg og Vidar brownies :) Det er veldig godt, men dinne gongen vart den litt for lite steikt (for rennande sidan vi ikkje ville vente lengre) so dermed vart det litt vel kvalmandes.

Vi såg filmen Pans Labyrint.

Pans labyrint

Foto: filmweb.no

Filmen er ein eventyrthriller som handlara om 12 år gamle Ofelia som alltid har vore glad i eventyr. Plutselig lever hun midt inne i eit sjølv. Det foregår i Spania og fascistane er i ferd med å sette inn nådestøtet. Medan mora er syk i barsel og den nye stefaren er opptatt med å slakte lokalbefolkningen, finner Ofelia ut at ho er tronarving til eit paradisisk rike under jorda. Men det er ikke bare å kreve sin fødselsrett, ho må utføre tre oppgåve før fullmåne.

Eg syns den var bra. Vidar var for trøtt so han sovna ganske tideleg i filmen.

januar 7, 2010

Svart prikkete oppbevaringsboks

Rund oppbevaringsboks med prikkar

Foto: perlanliving.se

Svart prikketet oppbevaringsboks frå La Shelf. Kan kjøpast hos perlanliving.se.

januar 7, 2010

Kjøkkenhandduk

Kjøkkenhandduk blomma svart frå perlanliving.se

Foto: perlanliving.se

Disse kjøkkenhanddukane frå Malin Westberg kunne eg godt tenkt meg, men må nok vente med å kjøpe meg nye kjøkkenhandukar til dei eg har er slitte.

Dei kan fåast i svart, raudt og oliven hos perlanliving.se

januar 7, 2010

Strykebrettoverslag

Bubbla strykebrettoverslag frå perlanliving.se

Foto: perlanliving.se

Kunne gjerne tenkt meg eit Bubbla strykebrettoverslag på strykebrettet mitt. Strykebrett vi har er eit billeg eit frå Ikea, so eit overslag hadde vore fint:)

januar 6, 2010

Smoothie og The Vampire Diaries:)

The Vampire Diaries

Foto: cwtv.com

I kveld var det sesongstart på The Vampire Diaries :)

Serien handlar om Elena og Jeremy som fortsatt prøvar å tilpasse seg etter at foreldra døde i eit bilkrasj for 4 mnd sidan. Når skuleåret begynner dukkar det opp ein ny mystisk gut med namn Stefan. Elena og Stefan blir umiddelbart tiltrekt av kvarandre. Stefan har skjular ei hemmeleg, nemeleg at han er vampyr og samtidig som han starta på skulen dukka også vampyrbroren hans opp. Stefan og Damon har ei bitter historie. Stefan er god og vil ikkje leve som ein vampyr, medan Damon er ond og vil gjere alt for å få Stefan ond.

Eg likar veldig godt overnaturlege seriar so dette var kjekt:)

januar 6, 2010

Indisk gryte Tikka Masala til middag

God gryte:)

Foto: toro.no

I dag hadde vi Indisk gryte Tikka Masala frå Toro til middag. Eg syns den gryta var veldig god og Vidar likte den også!:) Den hadde godt med smak.

Følg oppskrifta på baksida av gryteposen.

Eg brukte kylling og fløte dinne gongen. Eg vil tru det er bedre med kylling enn svinekjøtt, men det må vel kanskje testast ut ein gong i framtida. Sidan eg ikkje er so glad i kokos brukte eg fløte.

Eg serverte kokt fullkornsris til. For å få litt meir mat ut av måltiden kan ein også ha skive til. Vi vart passe mette av ein pakke kyllingstrimlar (400 g), ein pose Indisk gryte og ein boil in bag fullkornsris. Kanskje vi skulle hatt litt meir ris sidan det vart ganske mykje “saus” i gryta i forhold til ris.