Utstilling i Sunnmørshallen

I dag var eg og Holly på utstilling. Det vart å ta hurtigbåten over og ta taxi vidare bort til Sunnmørshallen. Sidan cavalieren begynte kl. 09.00 og hurtigbåten kom til Ålesund kl.08.55 følte eg at vi hadde dårleg tid. Taxi bort til hallen tok 10 minutt og kosta 165 kr. Det var dyrt syns eg. Startprisen låg på 90 kr.

Då vi kom bort til ringen var det åpen klasse hannhund som gjekk. Eg følte eg hadde dårleg tid, men igrunnen hadde eg ikkje det. Det at eg hadde propp i øyra gjor at eg var nærvøs om eg ville høyre når det var vår tur. Eg øvde litt med Holly før eg la merke til at litt av pelsen so stod opp likeforann halefestet (sidan ho har såte med våt pels). Det hadde eg gløym å gjere noko med. So det vart å gå på toalettet for å prøve å bløyte det nok til at det la seg ned. Det hjalp ikkje spesielt nei.

Kritikk:

God type feminin. Fine øyne/uttryke. Passe stopp. Normal benstamme. Fine poter. Noe kort i brystkassen. Ønsker mer driv i bevegelsen. Ikkje i beste pels. Velvist. Vennlig temperament.

Åpen klasse: 2.kval.

Holly var veldig flink i dag, utanom då ho skulle gå. Holly gjekk ikkje bra i dag. Ho skulle gå fortast muleg fram, men gjekk litt saktare tilbake. (Eg har ikkje vore veldig flink til å trene på å gå, men ho gjekk veldig bra då vi trente. Tida gjekk fort fram til utstillinga, hehe).

Eg er vel igrunnen enig i at pelsen til Holly ikkje er av den beste. Ho har røyta i 3 mnd so det sei seg sjølv at den ikkje er so spesielt bra. I tillegg har ho ikkje villa ete opp maten sin den siste månaden og ho vil ikkje ha fiskeolje på. Eg trur at det har gått litt ut over pelsen, men ho har igrunnen aldri hatt bra pels, vertfall ikkje mykje og so mjuk som mange andre cavalierar har.

Eg såg etter når hurtigbåten skulle gå tilbake. Den skulle gå kl. 10.55, så det skulle gå greit å gå bort. Det tok 30 minutt. Det var igrunnen perfekt ver å gå i. Sola skein litt og det var ein god temperatur:)

På kaia medan vi venta på hurtigbåten kom det to turistar å helste på Holly. Dei syns ho var so fin. Ho eine sa at Holly var det finaste ho har sett i dag:)

Eg hadde med meg kamera på ustillinga, men var so pass stressa at eg ikkje orka å ta bilder. På hurtigbåten tok eg eit bilde av Holly:

Holly på hurtigbåten

Kommenter innlegget

Filed under Holly, Utstilling

Kommenter innlegget