Category Archives: Agility

Prøvde ut litt av agility-startsettet vårt:)

I dag tok Vidar med Holly ut i hagen for å trene litt agility. Eg tok med fotokamera og videokamera. Vi brukte leverpostei på tube som godbit og det fungerte veldig bra:) Holly kosa seg masse.
Vi satte opp 4 pinnar først og når ho hadde prøvd det ei stund satte vi opp 2 til. Det gjekk lika bra i grunnen. Av og til lokka eg litt mykje med leverpostein følte eg, so vi prøvde ut om klarte å gå det utan at eg var ein slags veivisar. Det gjekk sann passe, ho klarte det ordentleg ein gong.

Holly er klar for slalom

Holly er klar for slalom

Då er vi i gong

Då er vi i gong

Gjekk bra dette

Gjekk bra dette

Dette var moro ja!

Dette var moro ja!

Snart ferdig no

Snart ferdig no

Her var det ja

Her var det ja

Det gjekk ikkje so bra med hoppinga heile tida, men med litt trening blir ho sikkert veldig flink.

I farta

I farta

Holly fekk gå rundt i langlina i «pausane» og då fann ho seg pinnar å tygge på. I tillegg trente vi litt på å stå oppstilt.

Tygge på ein pinne

Tygge på ein pinne

Søte Holly:)

Søte Holly:)

Holly er klart til oppstilling

Holly er klart til oppstilling

Trening på å stå oppstilt på utstilling

Trening på å stå oppstilt på utstilling

Pinne, pinne, pinne

Pinne, pinne, pinne

So var det på igjen med slalom og hopp. Ho vart viss til tider litt for opptatt av leverpostein, hehe.

Hopp

Hopp

Litt for sein

Litt for sein

Følg leverpostei!

Følg leverposteien!

Vidar syns også det var ganske kjekt med agility, so han blir sikkert med ut i hagen for å trene agility igjen. Men eg får han ikkje med på agilitykurs nei…..

Advertisements

Éin kommentar

Filed under Agility, Holly, Ringtrening

Kjøpt Agility startsett for nybegynnarar

Eg har kjøpt eit Agility startsett:) Sidan det er snø ute blir det sikkert ei stund til vi får prøvd det ut:/ Det skal bli kjekt å prøve det ut:) Ser ikkje ut til at snøen vil forsvinne, men den gjer vel det etterkvart. Oppdatering: Innlegget frå då vi prøvde ut agilitystartsettet.

I tillegg kjøpte eg ein frispee. Den var litt spesiell form på, men fungerte bra. Sidan den er bua ned so får ikkje Holly til å plukke den opp frå golvet når den ligg eine veien, litt kjipt er det, men elles likte vi den godt.

Kommenter innlegget

Filed under Agility, Holly, Shopping

Agility grunnkurs, dag 5

I dag var siste kursdag. Hundane fekk prøve seg på dei hindra som dei var usikre på og evt. prøve ut heile bana også. Deretter vart det tatt tida på hundane. Vi fekk starte på det hinderet vi ville.

Bana besto av: Hopp, pølse, tunnel, bom, hopp, tunnel og lengdehopp. 
Agilitybana

Agilitybana

 

Holly var litt usikker på pølsa i dag, så vi trente litt på den og så gjekk vi gjennom heile bana ein gong. Då det var Holly sin tur å bli tatt tida på starta vi med å prøve ut pølsa eit par gongar og vi det vart også det hinderet vi starta ved. Holly gjekk igjennom på sitt første forsøk, men ho snuste litt inni pølsa. Tunnelane og bommen gjekk greit, men ho gjekk berre så det tok litt tid. Det som overraska meg var at ho hoppa over hopp og lengdehopp hindrane. Eg hoppa no at med ho, men vi fekk lov til denne gangen og ho har ikkje villa hoppa noko særleg tidlegare så det var positivt. Eg syns Holly var veldig flink i dag igrunnen:)

Holly på bommen

Holly på bommen

 

I løpet av dagen var det ein hund som markerte inni tunnelane så det måtte skyllast med litt vatn:) 

Skylle tunnelen etter litt markering

Skylle tunnelen etter litt markering

 

Då alle var ferdige fekk hundane kursbevis og vi fekk vete tidane hundane brukte på bana. Holly brukte 52,1 sek. huskar eg rett. Den raskaste hunden brukte 15 sek. Den som kom på andre plass brukte 30 sek. Så vi får trene litt på å få opp farta til Holly.

Kursbevis

Kursbevis

 

Vi fekk informasjon om at det vert arrangert Agility2 kurs dersom det er 4 eller fleire som er interessert. Det var vel det, men ingen av oss kunne dei same dagane. Så vi kunne evt. vente til våren. 

Vi fekk også informasjon om når det trening på agilitybana og at vi kan øve på diverse hinder ved Presthus sidan dei har hinder der også. Det blir isåfall når dei har miljøtrening der på mandagar ved Presthus. Eg skal prøve å kome meg dit eit par mandagar før det blir for kaldt. 

Fleire bilder kan sjåast her: (kjem snart)

Kommenter innlegget

Filed under Agility

Agility grunnkurs, dag 4

I dag blei Vidar også med på agilitykurset:) Ho tok seg i grunnen god tid på alle hinderane i dag. Første hinder var vippa. Holly var veldig flink og ville gjerne gå over. Andre hinder var ringen. Her var ho litt meir forsiktig, men ho hoppa etterkvart gjennom. Etter desse hinderane fekk vi prøve på å bytte side hunden skulle gå på. Vi gjekk i åttetall og snudde rundt forann hunden. Vi trente først utan hund. Så var det vår gruppe inn på agilitybana. Der var eit par hinder sammensatt. Vi begynte med det bakerste og kom til slutt til det første hinderet og for gjennom heile løypa. Holly var flink til alt utan hopp. Syns det er litt rart at ho ikkje vil hoppe. Ho brukte av og til litt tid på kome inn i tunnelen og hoppe over hoppa. Møna klarte ho nesten med ein gong, var berre slik at ho kanskje ikkje heilt forsto at ho skulle springe opp på den, ho gjekk eit par gongar på sida.

Kommenter innlegget

Filed under Agility

Agility grunnkurs, dag 3

Eg og Holly tok bussen kl. 17.09. Vi kom til busstoppet kl. 17.30, der venta Tove på oss. Vi kom fram i god tid og tok å gjekk ein liten tur.

Vi starta på hindrane ca. kl. 18.10. Denne gangen starta vi inn på agilitybana. Første hinder var møna. Holly klarte seg veldig bra:) På starten var ho litt forsiktig av seg, men ho hadde veldig lyst på godbit og få ros. Ho likte veldig godt å gå på møna, så det var veldig kjekt:) Andre hinder bommen. Holly var i godt humør og snuste oppover og gjekk over. Etterkvart fekk eg opp farta på ho også:) Etter desse hindrane gjekk vi bort på den lisje marka. Tredje hinder var tunnel. Holly gjekk gjennom og fekk opp farta etter nokre gongar. Eg gjekk både på venstre og høgre side slik at ho blei vant til begge delane. Fjerde hinder var pølsa. Holly gjekk gjennom her også. Vi gjekk så gjennom hopp over planke og gjennom tunnel. Holly var ikkje så gira på hoppe, men etter to forsøk hoppa ho litt. Gjennom tunnelen fekk ho litt og litt meir fart. I dag var eg i grunnen veldig fornøgd med innsatsen til Holly:)

Vi var ferdig kl. 19.25. Eg og Holly fekk site på med instruktøren Randi til Leutenhaven og gjekk heim derfrå. Det var ein fin gåtur heim i småregnet.

Kommenter innlegget

Filed under Agility

Agility grunnkurs, dag 2

Andre kursdag vart holdt på Skjetlein. Eg og Holly tok bussen til busstoppet før rundkjøringa på Klett og vart så henta av ei som skulle på kurset. Ho hadde med eit bur Holly kunne ligge i. Vi kom dit kl. 17.50 og det hadde begynt å regne. Eg lufta Holly litt og la ho i buret igjen slik at ho slapp å vere ute i regnet. Ho skulle også ligge i buret ein god del sidan det var berre ein og ein hund som skulle prøve hinder. Eg gjor det slik at eg gjekk bort til Holly kvart 5 eller 10 minutt på grunn av ho ikkje er vant til å ligge i bur aleien i bilen.

Vi vart inndelt i to grupper, eg var på ei med 4 hundar, den andre var på 3 hundar.

Første hinder var tunnel. Holly klarte seg i grunnen bra når ho forsto kor eg ropte frå, då kom ho tuslande gjennom tunnelen. Ho sprang ikkje så veldig fort gjennom tunnelen, men det kjem vel med tida.

Andre hinder var lengdehopp. Holly klarte fint å hoppe over ein planke, men tok seg veldig god tid. Når det var satt opp ein planke til vart den berre lagt på sida slik at ho ikkje skulle gå opp på den. Holly tok seg igjen veldig god tid og hoppa over eit par gongar ,medan nokon gongar gjekk ho på sida av hinderet eller oppå. Vi måtte vente litt på at den andre gruppa vart ferdig med sine hinder, så hundane fekk hoppe ein gong til.

Dei andre hinderane var bort på agilitybana som også lukta visst litt spesiell for nokre hundar sidan den ligg at med fjøsen der det kjem kloakk og dermed kjem det lukt under marka. Holly reagerte ikkje sånn spesielt igrunnen, men eg trur ikkje ho likte det noko særleg.

Tredje hinder var fire hopp på rad. Holly var no ikkje spesielt glad i pølse-godbit. Vi hoppa først over det siste hoppet, så over to, deretter 3 og til slutt alle saman. Holly tok seg veldig god tid inn i mellom, men klarte å hoppe over dei fleste gangane. Ho for vel på sida 1 gong. Eg hoppa over saman med ho, men ho var litt for rask inn i mellom, så eg vart hengande etter. Då skulle eg vel eigentleg ha sprunge på sida.

Fjerde hinder var slalom og det siste vi gjekk gjennom i dag. Instruktøren illustrerte tre måtar å lære hunden å gå slalom. Ein med alle pinnane, ein med alle pinnane og klikkar og så ein med to pinnar og så legge til to pinnar. Vi skulle her bruke den første metoda. Holly gjekk ganske greit mellom pinnane, men veldig sakte her også, hehe. Ho var fortsatt ikkje spesielt begeistra over pølse-gobitane, ho sputta ut dei fleste. 

Vi var ferdige ca. kl. 19.40 og bussen gjekk ikkje før kl. 20.17, så når vi kom til busstoppet spurte eg om ho kunne kjøre oss til City Syd slik at vi slapp å vente ein halv time ute og sidan bussen går kanskje litt oftare der. Bussen gjekk ikkje før 20.19. Holly ville gjerne trene litt og få godbitar så vi brukte det til å fordrive tida.

Kommenter innlegget

Filed under Agility

Hos dyrlegen / Agility grunnkurs dag 1

Første kursdag vart holdt ved Presthus der hundeskulen held til. Holly var ikkje med i dag sidan eg var så «glup» og for til dyrelegen for å ta vanleg helsesjekk kl.10.15 når eg like godt skulle dit for å få vaksinebevis.

Først tok dyrlegen å kjente på Holly og sa at ho kanskje har litt innbilt svangerskap. Eg snakka om kanskje å fjerne litt tannstein, men visste ikkje heilt kor nødvendig det var. Dyrlegen ska at det ikkje var heilt nødvendig å gjere det no, men ho måtte sikkert fjerne den seinare. Dyrlegen kom med prisen og sa at eg måtte no uansett ut med konsultasjonsprisen, så det var kanskje like greit å fjerne tannsteinen denne gangen istaden for å måtte bestille ein time seinare. Eg trudde ikkje ho kom til å få narkose sidan legen sa Holly skulle bli bedøvd, ikkje heilt narkose. Eg skulle kome tilbake tidlegast kl. 14 og for dermed på Ikea og handla litt sjølv om eg kanskje måtte bere Holly litt.

Då eg kom tilbake var Holly nesten klar til å kunne bli henta, men ho låg no der berre stille i henda mine, heilt utslått. Så dermed vart det å vente til neste buss og bussen etter den igjen. I mellomtida hadde eg sett på klørne til Holly sidan dyrlegen skulle klippe dei når Holly likegodt var bedøvd. Eg kan ikkje sei eg var heilt fornøyd med resultatet sidan ei av klørne var klipt inn på nerven og dermed hatt på middel for å stoppe blødning og på to andre var det klipt slik at ein såg blod. I tillegg var dei ganske så flisete klipt. Eg har aldri klipt inn på nerven til Holly, so syns det ikkje skal vere så vanskeleg å la vere sidan ho var bedøvd, so trur ikkje eg skal til dyrlegen for å klippe klørna hennar igjen nei. Når tida kom for å gå til bussen kl. 14.40 var Holly fortsatt ikkje til å rikke, så eg måtte bere ho til bussen og det var ganske so tungt når eg måtte bere posane frå Ikea også. Eg var ganske så sliten i henda når eg kom heim ja, hadde ikkje klart å bere noko lengre nei, det gjekk akkurat. Klokka gjekk og Holly hadde fortsatt ikkje gått noko når kl. kvar 17 og eg skulle ta bussen kl. 17.25 til agilitykurset. Dermed ringte eg Vidar og fekk han heim frå jobb så han kunne vere her med Holly. Eg var så klart småbekymra når Holly låg å småskalv inn i mellom, men eg hadde søkt opp på Internett at det var ganske normalt etter narkose.

På agilitykurset var det først ein time teori der vi fekk litt grunnleggande informasjon om Agility og kva vi skal lære på kurset. Før hund og eigar fekk prøve seg på hopp, gjekk vi gjennom ein øvelse for å lære inn Start i Agility. Instruktør haldt ein liten bolleskål og lokka hunden, so skulle eigar sei Start Versegod eller noko liknande. Grunnen til at ein kunne sei Versegod i tillegg til Start var fordi hunden ikkje veit kva Start vil sei enda. So vart det å prøve hopp kvar sin gong. Hunden som ikkje hoppa låg i bilen og venta til det var den sin tur. Førar av hund skulle gå eine veien med hunden på venstre side, deretter på den andre sida på veien tilbake.

Kommenter innlegget

Filed under Agility, Dyrlege