Category Archives: Bilen

Bestemt oss for å kjøpe bil:)

Då er det bestemt! Vi skal kjøpe oss Skoda Fabia 1,2 STV 2004-modell. Det er ei lita stasjonvogn, so passa meg perfekt. Kontrakta skal skrivast under på torsdag.

Skoda Fabia STV

Skoda Fabia STV, bilde henta frå skoda-auto.no

Advertisements

Kommenter innlegget

Filed under Bilen

Vore å sett på bil:)

I dag var vi sta å såg på bil, ein Skoda Fabia STV 1,2 sølvfarga 2004-modell. Vi likte bilen veldig godt, sjølv om ein litt større motor hadde vore litt bedre. Vi har i grunnen bestemt oss for å kjøpe bilen, men vi vurderar ein 2006-modell også.

Det hadde vertfall vore veldig kjekt med bil:)! Vil ha bil før jul so vi kan køyre heimover istaden for å ta tog, togbytte, buss og bil. Kanskje eg får Vidar med på nokon turar i skogen/marka etterkvart, han vil ikkje ta bussen, det blir for mykje styr. I tillegg vil eg kanskje begynde å køyre litt meir, hehe. Eg har ikkje køyrt sidan forrige sommar, so det er vel på tide. Hadde vore greit å berre kunne ta bilen og køyre på hundetreff og agilitytrening etterkvart:)

Kommenter innlegget

Filed under Bilen