Category Archives: Blomster

Cliviablomst

Clivia-blomst
Då har er kjøpt ein ny blomster:) På den gamle har blanda begynt å henge.

Eg syns det blir so tomt utan blomster i vinduskarmen. Blir litt glad også av å sjå på ein fin blomst:)

Har aldri sett dinne typen blomster før. Syns den var veldig fin:)

Det er kjekt å variere litt blomstersortar også, fint med variasjon i farge.

Cliviablomst

Kommenter innlegget

Filed under Blomster

Amaryllisen blomstrar:)

Amaryllisen blomstrar:)

Veldig fin blir den:)

Amaryllisen blomstrar:)

Amaryllis

Eg har flytta den bort på vinduskarmen over tv-en no.

Den blei litt bortgøymt i vinduskarmen ved sidan av. Ser ikkje so ofte dit bort.

Kommenter innlegget

Filed under Blomster

Amaryllis

Amaryllis

Det er ganske få planter i leiligheita vår og eg har sett bort på blomsterstativa på daglegvarebutikken kvar gong eg er der. Eg likar veldig godt Orkidee, men har ein frå før og den brukar krukka eg evt. trengte for å ha ei ny plante i.

På mandag var det tilbud på Amaryllis og eg hadde sett at vi hadde ei blomsterkrukke tilovers på boda. Amaryllis er veldig fine og dei hadde dei i fargane kvit og raud. Eg har sett etter fine kvite eller lilla blomstrar og dermed kjøpte eg ein.

Det var berre ein stilk når eg kjøpte den, men no har det dukka opp ein til:) Kjekk overraskelse det:)….

Her er bilder av amryllisen når den blomstrar:)

Kommenter innlegget

Filed under Blomster

Kunstig rose, mappe og diverse ark

I dag for eg innom ein blomsterbutikk for å sjå om dei hadde noko eg kan ha i vasane mine. Eg er helst ute etter noko kunstig. Der var ikkje noko stort utvalg, men eg kjøpte ei kunstig kvit rose. Den kosta 30 kr, so var ikkje so veldig billeg, men passe grei pris.

Kunstig rose

Kunstig rose

Etterpå for eg opp på ein bokbutikk for å sjå om eg fann noko eg kan trenge. Der fann eg altso ei mappe eg kan legge ark som eg skriv ut i. I tillegg fann eg nokre ark eg kan bruke til å lage kort av:)

Mappe

Mappe

Ark til å lage kort av

Ark til å lage kort av

Kommenter innlegget

Filed under Blomster, Hobbydill, Shopping

Shopping på Moa:)

I dag for eg innom Moa. Eg kom dit kl. 12.30 og klokka gjekk fort. Den vart 18.30 før eg begynte å køyre heimover.

Bilder av tinga kjem etterkvart 🙂

Eg for først innom Tilbords. Der fann eg eit kakefat eg likte veldig godt. Kakefatet var i glass med runde «ståføtter» under. Kanskje dei var i stål, huskar ikkje heilt. Eg likte både det runde og det firkanta, men det vart ikkje kjøpt denne gongen. Sidan det var på tilbud angrar eg litt på at eg ikkje bestemte meg for å handle det då eg skulle til å fare :/

Eg for innom diverse butikkar og kom etterkvart bort på Åhlens. Der fann eg ein god del ting 🙂 Såpedispenser med «stålpumpe» og gjennomsiktig plast ( syns den vart litt for stor når eg såg den heime), to krokar med sugekopp og «stålkrok» til å henge koppehanddukar på, to pakkar med kleshengarar, to kunstige blomstar, ein teboks, eit svart smykkestativ forma som eit tre, ein tannpirkarholdar og ein serviettholdar i stållook.

Såpedisenser frå Åhlens

Såpedisenser frå Åhlens

Sugekoppknagg i stål

Sugekoppknagg i stål frå Åhlens

Kunstig blomster frå Åhlens

Kunstig blomster frå Åhlens

Smykketreet mitt frå Åhlens:)

Smykketreet mitt frå Åhlens:)

Tannpirkarholdar frå Åhlens. ( + Den fine katten eg fekk frå foreldra mine då eg var mindre)

Tannpirkarholdar frå Åhlens. ( + Den fine katten eg fekk frå foreldra mine då eg var yngre)

 

Serviettholdar

Serviettholdar frå Åhlens. Serviettar kjøpt på Spar:)

Eg kom på at eg måtte ha meg noko mat etterkvart. Det var eigentleg det eg skulle handle først på Moa sida eg ikkje hadde ete frukost, men butikkane hadde frista litt for mykje og svolten berre vart trengt bort. Eg for bort på Coop Ops for å kjøpe meg noko å drikke og ete. Der var mykje stilig kjøkken og interiørting. Eg fann nokon bilderammer i svart til 20 kr. Det var billig tenkte eg so eg kjøpte 4 stk.

Bilderamme frå Coop Obs

Bilderamme frå Coop Obs. (Har ikkje hatt bilde inn i ramma enda)

Til drikke kjøpte eg meg ein iste med peachsmak, men maten vart kjøpt på Valaker Bakeri. Der hadde eg lagt merke til ein grov baguett med majones og røykalaks på veien bort på Coop Obs, so eg for dit og kjøpte baguetten. Det var ein god baguett 🙂 Eg syns også at iste med peachsmak er veldig godt 🙂 Det brukar gjerne å ende med at eg kjøpar det når eg skal ha meg noko å drikke når eg er på shopping.

Eg såg litt innom Kapphal? og der fann eg eit skjerf/sjal eg likte godt fargen på og enda med å kjøpe det. Fargen vart ikkje heilt riktig på bilda men:

Skjerf/sjal

Skjerf/sjal

Skjerf/sjal

Skjerf/sjal (nice med gjennskin av blitzen i speilet)

Eg for innom dei fleste skobutikkane på senteret, men fann ikkje nokon lave sko som passar :/ Dei blir for tronge opp på foten øverst der skoen startar på fotbladet eller kva det heiter. Eg trudde eg hadde funne eit par som ikkje var for trongt, men nei. Eg fann heller ikkje nokon støvlettar :/ Eg fann meg vertfall eit par vintersko, sjølv om det var ikkje akkurat den type sko eg hadde planar om å kjøpe.

Vintersko frå Økonomisko

Vintersko frå Økonomisko

Eg tok turen innom Glitter og der fann eg meg ei lommebok (fann ut at det hadde vore kjekt å bruke det sidan eg er lei av å ha alt muleg smått opp i lomma i veska). I tillegg fann eg eit par øyredobbar i sølv med blå steinar.
Dei var ganske so fine syns eg 🙂

Øredobbar

Øredobbar

På Gina Tricot kjøpte eg meg ein topp og ein tunika i svart. Dei hadde ikkje nokon anna farge utan ein til og den likte eg ikkje. Eg fann også eit smykke som eg enda med å kjøpe. Det var gullkjede med kvite kuler på.

Smykke

Smykke

So eg må sei meg passe fornøgd med denne shoppingturen 🙂

Kommenter innlegget

Filed under Blomster, Matlaging, Shopping

Ute i sola:)

I dag var eg, Vidar og Holly ute på plenen/terrassa vår. Det var skikkeleg fint ver.

Eg og Vidar kosa oss med Smoothie is med smak av pære og jordbær. Den var igrunnen god, men er ikkje noko ein et masse av (det er vel kanskje like greit, hehe).

Vidar kosar seg med smothies-is

Vidar kosar seg med smothies-is

Eg kosar meg med smothies-is:)

Eg kosar meg med smothies-is:)

Smoothies-is med smak av pære og jordbær

Smoothies-is med smak av pære og jordbær

Vidar brukar alltid å kødde når eg tar bilder av han sidan han ikkje er so veldig fotogen, men eg fekk vertfall eit normalt bilde av han:)

Vidar gjer seg til Vidar gjer seg til Vidar gjer seg til

Vidar

Vidar

Holly fekk gå laus og var for det meste flink til å halde seg der ho skulle vere når vi sa ifrå. Det kom ein gut forbi og då måtte ho berre bort å helse på, ho ville ikkje lyde. Det gjekk no greit, guten hadde ikkje noko imot det. Holly ser ut over jordbæråkeren, det lukta godt derHolly snusar rundtHolly

Holly

Vidar, ballen og Holly

Vidar, ballen og Holly

Vidar fann nokre pinnar som Holly kunne få tygge på, men ho vart fort lei. Ho ville heller at vi skulle leike samen med ho.

Del av utsikta vår:

Del av utsikta vår

Del av utsikta vår

Det vart også tatt litt bilder av blomster.

Blomst

Blomst

Kommenter innlegget

Filed under Blomster, Holly, Kvardagen, Matlaging

Blomst:)

Eg har hatt plana om å få hengt opp nokre bilder på veggen, men har ikkje funne noko motiv. Det hadde vore kjekt å hatt noko personleg på vegge, og sidan eg syns det er fint med blomster, det gir også litt farge på veggen også (dersom det ikkje blir i svart/kvitt) tok eg nokre bilde av blomstar eg har fått/kjøpt. Eg likte i grunnen bildane best i svart /kvitt, men her er altso nokre av dei med fargar og uredigert:

Blomst

Blomst

Blomst

Blomst

Kommenter innlegget

Filed under Blomster