Category Archives: Bursdag

50-årsselskapet til faren has Vidar

I kveld var vi i 50-årsselskapet til Bjørn.

Middagen er servert:)

Til middag var det hjortegryte og fløtegratinerte potete:) Det er so godt!:) Eg hadde ikkje rukke å ete frukost utanom ein mandarin, so eg gjekk å berre venta då vi kom dit kl. 17. Selskapet begynte ikkje før 18 og middagen kl. 18.30.

Det var bildepresentasjon, song og rebusbordleik som underholdning.

Etterkvart vart det servert kaffi og kake. Det var også godt. Eg hadde laga ostekake, men fekk med meg halvekake heim. Slik er det når det er so monge kake å velge mellom, det blir ein del restar då, hehe.

Advertisements

Kommenter innlegget

Filed under Bursdag, Kvardagen

Trondheim dagbok

Det kjem fleire bilder når eg får lasta over bildane frå mobilen min…

Den korte versjonen-> Køyring, kortlading, bading, ete, shopping og bursdagsfest

Den lengre versjonen:

Fredag: Vidar og eg køyrte til Trondheim. Først leverte eg Holly hos foreldra til Vidar. På veien til Trondheim stoppa vi for å kjøpe ostepølse meny:) og bollar med sjokoladebitar:) Vi fylte også på Statoilkoppane våre. Far min overraska meg med ein kopp før vi for. Kjekt det:) Vi tok 15-ferja frå Hareid og kom til Trondheim 21.20. Petter, han vi skulle overnatte med bur litt før sentrum. Då vi kom fram var han ikkje heime so Vidar foreslo at vi skulle stikke på Ikea ein tur. Det ville eg so klart:) Eg hadde igrunnen planlagt ein tur dit i morga, men sidan det vart so mykje som skulle gjerast i morga hadde eg droppa den planen. So då fekk eg kjøpt dinna plastikknettholdaren likevel.

Hos Petter fekk vi god Pizza Orginale:) Trur det var med kjøttbollar og chili av eit slag. Det var veldig godt med kvitløksdressing på. Det var av merket Stabburet huskar eg rett og smakte det same som den ein får på pizzarestaurantar:)

Resten av kvelden laga eg til bursdagskortet til Eva, medan Vidar og Petter såg på Seinkveld og eit anna humorprogram. Eg måtte soklart titte litt fram når Seinkveldduellen kom da. Dessverre gløymte eg å ta bilde av bursdagskortet eg laga, men eg kan legge ut eit bilde av det fine kortet eg vart inspirert av! Håper ikkje Anita som har laga kortet har noko i mot det. Ho lagar veldig fine ting og det er veldig lett å bli inspirert. Sjekk ut hobbybloggen hinna:) Her er kortet hinna eg henta inspirasjon frå dinne gongen:

Fine kortet eg fekk inspirasjon av

Det vart kanskje ikkje dei største forandringane på kortet eg laga dinne gongen, men fargane og stilen vart da litt annleis:) Mitt vart litt meir amatørmessig også, hehe. Blått kopiark utanpå med store rundingar og lysegrønt scrappingark inni. Musa teikna eg på eit kvitt teikenarg. Ho vart teikna med store auge med augevippe og eg laga til ein lapp med skrift i musa sine hende. Sløyfa var kvit og grøn med rundingar. I tillegg var nokre pyntedetaljar ikkje med eller bytta ut.

Laurdag: Eg, Solveig, Nina og Rita for på Pirbadet rundt 12.30. Før det var det litt småtitting i butikkane på Torget sidan eg gjekk inn der på veien (det regna ute) bort til Solveig som overnatta hos Nina. Eg enda opp med å kjøpe meg eit svart smykke på Accent.

Smykke

Smykke eg kjøpte

På Pirbadet var det litt kø, men det gjekk forholdsvis fort. Vi var alle bestemt på å halde oss til det varme vatnet, so vi for først i Helsebassenget og deretter Velværebassenget. I tillegg sat vi litt i dampbadstu og vanleg badstu. Det var opptatt i boblebada heile tida:/

Etterpå for eg, Rita og Solveig på Egon og bestilte oss Kylling BLT Sandwitch 🙂 Det er so godt!!

Eg og Rita:)

Eg og Rita:)

Vi rakk desseverre ikkje å kose oss med ein kopp varm sjokolade før Rita skulle fare. Eg og Solveig skulle også rekke å kjøpe gåve til Eva som vi skulle på bursdagsfest hos seinare på kvelden. I tillegg ville vi begge sjå etter sko.

Eg fann meg eit støvlettpar på DNA på Trondheim Torg og håper dei passar. Dei gjor det vertfall då eg prøvde dei på. Der er litt for mykje nagledill-rader på, so eg skal kanskje ta av to av radane. Det er veldig IN med naglar på klede no, men for meg blir det kanskje litt for voldtsomt med so mykje av det. For å fjerne to av nagleradane må eg først ha ei nål som kan sy i skinnet, so får sjå om det kjem til å skje, hehe. Bildet vart ikkje so bra, men får duge inntil vidare:) :

Støvlettane

På leiten etter gåve til Eva fann eg meg hue og skjal og det var det Eva fekk også i gåve:) Det er alltid kjekt å få skjal og hue tenkte eg og Solveig. Kan aldri få nok av det….Hua kjøpte eg på ein veskebutikk eg gløymer namnet på heile tida (heiter Accent), skjaldet er kjøpt på Acessories:

Ny hue og skjald

Holly ville ha oppmerksomheit so ho fekk bli med på bilde, men det var vanskeleg å få ho til å sjå mot kameraet, hehe.

Vi tok bussen til Eva og kom dit til kl 19.30. Det var kjekt å sjå Trondheimsfolket igjen:) Eva diska opp med pølse m/brød ut på kvelden og det vart likt svært godt av alle. Eg orka dessverre ikkje å ete noko sidan eg var fortsatt mett etter middagen og drikka eg drakk. Kvelden gjekk og alle kosa seg. Det vart mykje prat og dans på golvet. Det er so kjekt når det folk vil danse på festa syns eg sidan eg likar so godt å danse. Solveig og Nina for innover til byen rundt 24 sidan dei skulle ut på byen. Eg ville bli hos Eva sidan eg er so sjeldan i Trondheim.

Eg fekk meg skyss heimover til dit Vidar skulle overnatte, men sidan eg ikkje fekk tak Vidar var det ikkje til stor hjelp. Dermed vart det til å overnatte hos Eva likevel, men det er da kjekt det. Vi kosa oss med pølse til nattmat. Dei har gjesterom so eg sov godt på ei ganske stor seng. Kl. 04. fekk eg mld frå Vidar om at dei hadde såte ute i badestamp, so han kunne ikkje ta med mobilen dit ut, derfor fekk eg ikkje tak i han.

Søndag: Vidar ringte kl. 12.30 og det var vel på tide å stå opp. Til frukost vart det pølse m/brød og potetgull 🙂 Sidan bussen går so sjeldan vart det til at eg blei hos Eva til eg og Vidar skulle reise heimover. Vidar kom å henta meg kl. 17 og vi rakk dermed 23-ferja frå Sula. På veien kjøpte eg ein sånn smørbrødpakke m/ 4 skiver. Det var ikkje spesielt godt, men mat må ein ha dagen derpå. Eg kjøpte også 3 bollar med sjokoladebollar og vi fylte på Statoilkoppane.

Før vi for heim henta vi Holly hos foreldra til Vidar. Ho hadde berre vore snill og grei dinne helga:) Dei hadde hatt to uhell da, hehe. 1. Gløymte å ha av tispetrusa (ho har løpetid) eine gongen Holly skulle på do, hehe. Det er ikkje alltid like lett å legge merke til at ho har på tispetruse. 2. Det datt masse sylte på gulvet og Holly var so klart der med ein gong og slikka i seg. Dermed vart øyrane fulle av sylte! Det førte til ei litt stor floke og mesteparten måtte eg berre klippe vekk, men det er ikkje so farleg sidan ho ikkje skal stillast ut.

For å få Holly til å ete maten sin tok dei Holly sin mat oppi Fluffy (hunden deira) si matskål sidan ho alltid vil bort å ete maten hinna, men dei klarte berre å lure ho i starten.

Kommenter innlegget

Filed under Bursdag, Hobbydill, Holly, Kvardagen, Mote, Tur

Gåvetips

Gåve

Kom over nettsida Gave-Tips.no. Som det står på nettsida finn du eit godt og variert utvalg av gåvetips til alle anledningar.

Kommenter innlegget

Filed under Bursdag, Shopping

Adventlysestake:)

Adventlysestake frå Tilbords:) Adventlysestake frå Tilbords:)

No står adventlysestaken «vekkgøymt» inni ei hylle klar til bruk frå desember av.

Vidar fekk seg adventlysestaken i bursdagsgåve av foreldra mine. Eg sa vi hadde lyst på ein som det var reklamert om i Tilbords sitt blad, men Tilbords hadde den ikkje inne og kom heller ikkje til å ta den inn. Dermed kjøpte foreldra mine ein anna. Vidar hadde tenkt seg ein med vanlege lys og det hadde igrunnen eg også. Den Vidar fekk var fin da, so Vidar beholdt den.

Kommenter innlegget

Filed under Bursdag, Interiør

Bursdagselskapet til Ove Svein (onkelen has Vidar)

Bursdagsbarnet:)

I kveld var vi i selskapet til Ove Svein som er onkelen has Vidar. Onkelen vart 50-år. Det var feira med julemiddag på hotellet kl.19. og deretter kaffi hos foreldra has Vidar.

Martin og Linda

Eg skal til å ete ribbe, gledar meg:)

Kommenter innlegget

Filed under Bursdag

Vidar er 28 år

I dag har Vidar bursdag:)

KebabpizzaDet vart kebabpizza til middag og The Simpson på tv.

Forelda mine, Vidar si mor og minstebroren kom på kaffi kl. 17.

Vidar opnar gåve

Vidar opnar gåve.

BursdagskortKortet eg laga til Vidar:)

Eg hadde laga ostekake m/jordbærgelelokk. Elles laga eg til fat m/Ritzkjeks, ost og drue.

Mor til Vidar kom med bollar so det vart satt fram: Jordbærsylte, bringebærsylte, leverpostei, majones, egg og sild.

Linda, Martin og Ottar-ArneMora til Vidar, minstebroren til Vidar og far min. Kaka var god den:)

Bjørg forsyne seg med kakeMor mi ville også smake på kaka:) Holly syns det lukta godt.

Eg ryddar etter kaffiselskapetEg ryddar etter kaffiselskapet……

Kommenter innlegget

Filed under Bursdag, Hobbydill, Kvardagen

Martin sitt bursdagselskap

I dag var eg og Vidar i bursdagselskapet til Martin (lisjebroren has Vidar). Han fylle 15 år den 9. Til middag fekk vi Chow Chow-gryte som var veldig god:) Trur eg må be om oppskrifta snart! Etterpå vart det kaffi. Det vart servert tre kaker.

Eg hadde laga Toro brownies og det var veldig godt. Det dumme med brownies er at det er vanskeleg å lage til fint på eit fat sidan den er so klissete og blaut inni. Men sidan den er so god er det verdt det:)

Kommenter innlegget

Filed under Bursdag, Matlaging