Category Archives: Dans

Haudeverk og utslitt, droppa dansetimen i dag

I dag var eg ganske so utslitt etter opplæringa på jobb. Eg hadde småhaudeverk, så eg la meg ned på senga etter middag og der vart eg liggande til ut på kvelden. Eg trur ikkje det hadde vore nokon vits å vore på dansetimen sidan eg fortsatt er litt forkjøla og i tillegg hadde småhaudeverk. Eg var heldigvis kvitt haudeverken då eg sto opp:) Litt kjipt å gå glipp av dinne dansetimen også da sidan eg ikkje kan dansetrinnane som vart gått igjennom sist eg var droppa timen.

Advertisements

Kommenter innlegget

Filed under Dans

Streetdance kurs, fjerde time

I dag for eg på dansetimen, men eg er forstatt forkjøla. Eg blei med på mesteparten av timen, nokon dansebevegelsar gjor eg ikkje (armhevingar og nokre andre trinn ned på gulvet). Eg vart litt fortare gåen i dag sidan eg har vore forkjøla i over ei veke no. Då vi skulle gå gjennom dansetrinna som vart gjort forrige time var det ein del som ikkje huska dei, så det vart ein del repetisjon heldigvis (eg var ikkje på forrige time). Vi lærte ikkje nokon nye dansetrinn i dag. Eg trur dei fleste syns dei siste dansetrinna var vansklegare enn dei andre vi har gått igjennom til no. Vi skal ha to gongar til med denne dansen før vi begynnar på ein ny etter haustferien.

Kommenter innlegget

Filed under Dans

Forkjøla, droppa dansetimen i dag

Forkjøla, forkjøla…Eg har vore forkjøla i to dagar no og er ganske lei. I går låg eg å sov mesteparten av dagen. Holly sov i sofaen at med meg eller ved sida av. Då natta kom sov eg ganske så dårleg, vokna ca. annakvar time. 

Eg orka desverre ikkje å fare på dansetimen i dag. Hadde igrunnen plana om å fare å sjå på, men orka ikkje det heller.

Kommenter innlegget

Filed under Dans, Uncategorized

Streetdance kurs, andre time

I dag var andre time av dansekurset. Vi starta med oppvarming som besto mest av dansetrinn kl. 20.10 og hold på til ca. 20.25 min. Deretter begynte vi på dansen vi dansa sist og hold på med til 20.45. Eg følte eg hadde fått tekken på dansen etterkvart. Så begynte vi endeleg på dei nye dansetrinna. Det var eit par trinn som var litt vanskeleg, spesielt dei siste sidan eg var ganske gåen i slutten av timen. Vi dansa dansen mange gongar på rad og til slutt to gongar i raskare tempo. Det at vi satte opp tempoet var i grunnen bra syns eg for det gjekk lettare å danse trinna til det tempoet.

Kommenter innlegget

Filed under Dans

Streetdance kurs, første time

I kveld begynte eg på Streetdance kurs hos Lets Dance. Kurset er på tirsdagar kl.20.05-21.05, 15 veker framover. Det var kanskje opp mot 30 deltakarar, så det var litt vanskeleg å få med seg alt instruktøren gjorde heile tida, men vi roterte litt på plassane og gjekk gjennom dansen mange gongar så det gjekk no greit etter kvart. Det var også litt rotete slik vi stod, så eg følte eg måtte passe litt på inn i mellom slik at eg ikkje dulta bort i andre. Eg vart litt gåen på slutten av timen, men det gjekk i grunnen greit. Vi dansa i grunnen heile timen, men dei første minutta gjekk med på å varme litt opp og så varme opp med eit par dansebevegelsar. Neste gong skal vi visst danse same dansen, men eg går ut i frå at vi kjem til å fortsette å bygge på med fleire dansetrinn.

Kommenter innlegget

Filed under Dans