Category Archives: Dyrlege

Hos dyrlegen ein tur..

Eg har lagt merke til at ho har kanskje litt større brystvorter enn normalt og det kom bittelitt melk frå dei, dermed har ho innbilt svangerskap etter løpetida ho hadde. Det hadde ho for eit år sida også. Eg trur ikkje ho hadde det på løpetida midt i mellom, men det kan vere. Holly sitt innbilte svangerskap er av den mildaste sorten:) Einaste som gjer at vi merker det er at ho har litt melkeproduksjon. I tillegg er det eit år sidan Holly fjerna tannstein og vi har fått innkalling til tannkontroll hos dyrlegen i Trondheim, so var vel på tide å stikke innom dyrlegen her da.

I dag tok eg med Holly til dyrlegen ein tur for å finne ut om eg burde gi ho Holly Galastop for å bli kvitt melkeproduksjonen. Dyrlegen sa at den kom sikkert til å gi seg og at det ikkje er nødvendig, men eg kunne gjere det om eg ville. Vi fekk resept på Galastop, men eg trur ikkje eg vil gi Holly det dinne gongen. Når vi likevel var hos dyrlegen ba eg ho sjå litt på tannsteinen til Holly. Dyrlegen meinte ho ikkje hadde spesielt masse tannstein, men det kunne vere greit å kanskje fjerne det. Eg fortalte at ho hadde fjerna tannstein for 1 år sida, og då sa dyrlegen at det kanskje kunne vere greit å fjerne det i gong i året da. Det syns eg er litt unødvendig sidan Holly må då ligge i narkose og det er eg litt skeptisk til. Eg spurte om det var mulegheit for å ta vekk tannsteinen sjølv. Dyrlegen meinte at det kunne gå ann, men då trengst det ei veldig god tannskrape. Holly er for so vidt roleg og tillatar mykje, men ho kan plutseleg skvette til, so eg må tenke meg litt om kva eg vil gjere. Tannsteinen skal evt. fjernast hos dyrlegen når ho skal ha den årlege vaksina (som er i feb/mars).

Kommenter innlegget

Filed under Dyrlege, Holly

Kjøpt nytt for til Holly i dag:)

Ja, då skal vi teste ut Specific Allergy Management Pluss. Håper Holly likar det (ho er kresen i matveien, vil ha alt anna enn foret ho får, hehe). Dyrlegen hadde ikkje inne godbitane Specific Hypoallergenic Treats, men han skulle bestille det:) So då får Holly endeleg skikkelege godbitar igjen:)

Kvar gong vi er hos dyrlegen her seier han alltid at ditta (cavalier-rasa) e verden snillaste hund:) Er litt morosamt, hehe. Han kommenterte også med at dei slit no med sine sjukdomar. Litt seinare nemnte han at kanskje han skulle skaffe seg ein cavalier, hehe.

Specific Allergy Management Pluss skal både vere for vanleg allergi og for forallergi. Ho har gått på Specific Food Allery Management sidan april. Er spent på resultatet med det nye foret! Holly har det bra med foret ho har fått til no, men ho er pittelitt tørr i huda/pelsen og røyte noko veldig. Dermed håper vi at det kan bli bedre med dette foret.

Eg ga Holly litt av foret i kveld for å sjå om ho likte det. Ho venta på at eg skulle opne posen og sto klar ved matskål då eg hadde maten oppi. Ho åt opp det eg ga ho.

Foret lukta forresten KLIPPFISK eller noko liknande! Eg vil tru det er fordi foret har mykje fiskeolje i seg.

So no ventar vi eit par veke i spenning for å sjå om Holly et maten sin..Hittil har vi gitt maten som «godbit» og leike litt med den for å få ho til å ete, men ho et den heldigvis «frivilleg» i perioder.

Éin kommentar

Filed under Forallergiutredning, Holly, Holly si matlyst

Forallergiutredninga

No er Holly ferdig med halve utredninga. Ho har gått på allergifor i 1 månad. Sidan ho har åt ganske lite av foret ho fekk, tenkte eg å bytte til Royal Canin. Hos dyrlegen her hadde dei berre eit formerke og det var Specific. So dermed vart det å kjøpe ein forpose med Specific på 8 kg sidan der ikkje var mindre posar heller. Det virkar som Holly likar det foret:) Ho har åte opp maten sin dei to siste dagane! Får håpe ho fortsette slik.

Holly klør ikkje noko særleg og ho flassar ikkje, men ho er fortsatt litt tørr. So ho er vel ca. slik ho var då ho starta kuren?, mulegens ikkje like tørr.

Kommenter innlegget

Filed under Forallergiutredning, Holly

Forallergiutredninga

No har det gått ei stund sidan vi begynte på utredninga. Ho har til tider hatt god matlyst, men det blir litt for ofte at ho ete berre 1/3 av maten sin. Får sjå det litt ann framover. Magen er ikkje heilt stabil, so avføringa er som regel ikkje heilt fast, gjerne litt rennane.

Holly klør ikkje noko særleg, men av og til og ikkje intenst. Syns ikkje ho klør mindre enn då vi begynte på forallergiutredninga igrunnen. Veit ikkje om det er meir enn normalt og kva som gjer at ho plutseleg begynde å klø. Eg syns ho har fått bedre pels, ho er ikkje like tørr trur eg og røyter ikkje like mykje heller, men om alt dette kjem som eit resultat av allergiforet eller om ho er ferdig med ei røyteperiode, det veit eg ikkje. Vi får berre fortsette å gå på allergiforet og sjå om pelsen blir enda bedre.

Vi har ikkje vore 100% flinke til følge utredninga, for ho skal ikkje få noko anna enn det foret, altso ingen godbit heller. Ho har vel fått ei gulrot eller greenis ein sjelden gong:/ Det er so vanskeleg å ikkje la ho få noko godbit å ete på. Sidan eg har lyst å stille ho ut på ustilling ein gong til må eg finne ut om det fins ein slags godbit eg kan trene med, so skal kontakte dyrlegen og høyre. Eg vil også trene litt lydigheit og agility so treng godbit til det også.

Kommenter innlegget

Filed under Dyrlege, Forallergiutredning

Forallergiutredninga

No har Holly ikkje fått v&h på 2 1/2 veke. Eg er usikker på om det har hjulpe, men det kan vere. Eg innbiller meg at ho ikkje klør like mykje. Det kan også vere pga. ho ikkje har fått ein type godbit også på ei god stund (3-4 veker). Det er veldig vanskeleg å vete om ho klør mindre og evt. årsaka til det:/ Ho har klødd litt, men ikkje oftare enn ein frisk hund trur eg. Ho bit heller nesten ikkje lengre på potane. Ho har forsatt litt tørr hud som flassar pittelitt.

I dag begynte Holly på Hill`s Prescrition Diet Canin z/d Ultra Allergen-Free. Bitane var veldig store og eg bekymra meg litt sidan Holly brukar so og sei aldri å tygge maten sin, men det gjekk bra. Holly tygde bitane godt. Vi har dessverre ikkje meir igjen av foret ho har gått på, so eg må ringe dyrlegen for å høyre om det går bra at ho begynde direkte på foret eller om eg burde kjøpe ein pakke med det foret vi hadde so ho får ein overgang mellom fortypane. Eg trur det skal gå greit, men er vel best å høyre med ein som kan dette skikkeleg.

Kommenter innlegget

Filed under Dyrlege, Forallergiutredning

Svar på allergitesten: Positiv:/

Sidan Holly klødde ein del etter ho hadde tatt lusekur og i tillegg har litt tørr hud valgte vi å ta ei allergiprøve.
Vi fekk svaret i dag. Testen ga eit lite utslag for husstøv og gras (huskar ikkje om ho nemnte fleire typar).
Dyrlegen vil vi skal bruke hundefor for allergihundar i 6 veker og teste om det blir nokon forbedringar, dermed får vi testa ut om ho også kan ha forallergi.

Dyrlegen nemnte også at det kan vere ein liten sjanse for at Holly får sterkare allergi når ho vert eldre sidan det er ikkje alltid det gir skikkeleg utslag når hunden er so ung. Vi skal sjå ann tida framover no når det blir meir gras osv.

Det eg syns var snodig er at dyrlegen sa at cavalier er ein hund som er utsatt for allergi? Eg las litt av det forumfolk skreiv i tråden på cavalierforumet(http://cavalierer.com/forum/viewtopic.php?f=15&t=5650&hilit=allergi)og det verkar da som ikkje cavalier er spesielt utsatt for det. I tillegg er det ikkje noko omtalt blant folk eller på Internett.

Det at Holly har fått allergi kan kome av at ho hadde lus og immunforsvaret reagerte med å utvikle allergi, men det er ikkje sikkert.

Eg syns det at ho klør pga allergi verkar litt rart sidan ho har so lite allergi :hmm: Dette pga vi har skinnsofa og ho brukar ei skinnmadrass å sove på. I tillegg brukar vi å moppe golvet vertfall 2 gongar i veka. Når det gjeld gras har det ikkje vore tilstede, det har vore snø heilt sidan desember. Det er først no den siste veka det har komt gras.

Éin kommentar

Filed under Dyrlege

Ringte dyrlegen angåande den raude foten til Holly

Sidan Holly hadde lus har ho bite seg ein del på to av føta. Dei vart litt raude og ho fekk antibiotika-kur i 10 dagar for forebygge og hindre betennelse. Den eine foten vart bra, men ikkje den andre. Den har vorte verre i ettertid og derfor ringte eg legen og forklarte dette. Ho syns det var litt vanskeleg å svare på kva som kunne gjerast uten å sjå foten, men eg prøvde å forklare historikken so godt eg kunne.

Eg lurte mest på om Holly burde få ein antibiotika-kur til, om det ville hjelpe eller om ho kunne bli bra igjen av seg sjølv (eg vil helst ikkje bruke det om det ikkje er nødvendig). Dyrlegen sa at ho syns det hadde vore lurt å testa Holly for allergi sidan ho har klødd ein del etter ho fekk lus. Eg forklarte då at ho ikkje har klødd ganske lite i det siste, vertfall i forhold til det ho gjor. No klør ho kanskje 5-10 gongar dagleg, men ikkje noko intens kløe. Det at foten er raud er vel fordi ho fortsatt bit seg der, men det kan igjen kan vere eit resultat av allergi, so ein antibiotika-kur vil kanskje ikkje vere so mykje til hjelp, vertfall ikkje over tid.

So no skal eg kontakte Agria og høyre om forsikringa vår dekke ei allergi-utredning. Eg trur i grunnen det sidan vi har det vi kan ha av forsikring gjennom dei. Men usansett blir det vel ein egenandel da:/

Kommenter innlegget

Filed under Dyrlege