Category Archives: Forallergiutredning

Kjøpt nytt for til Holly i dag:)

Ja, då skal vi teste ut Specific Allergy Management Pluss. Håper Holly likar det (ho er kresen i matveien, vil ha alt anna enn foret ho får, hehe). Dyrlegen hadde ikkje inne godbitane Specific Hypoallergenic Treats, men han skulle bestille det:) So då får Holly endeleg skikkelege godbitar igjen:)

Kvar gong vi er hos dyrlegen her seier han alltid at ditta (cavalier-rasa) e verden snillaste hund:) Er litt morosamt, hehe. Han kommenterte også med at dei slit no med sine sjukdomar. Litt seinare nemnte han at kanskje han skulle skaffe seg ein cavalier, hehe.

Specific Allergy Management Pluss skal både vere for vanleg allergi og for forallergi. Ho har gått på Specific Food Allery Management sidan april. Er spent på resultatet med det nye foret! Holly har det bra med foret ho har fått til no, men ho er pittelitt tørr i huda/pelsen og røyte noko veldig. Dermed håper vi at det kan bli bedre med dette foret.

Eg ga Holly litt av foret i kveld for å sjå om ho likte det. Ho venta på at eg skulle opne posen og sto klar ved matskål då eg hadde maten oppi. Ho åt opp det eg ga ho.

Foret lukta forresten KLIPPFISK eller noko liknande! Eg vil tru det er fordi foret har mykje fiskeolje i seg.

So no ventar vi eit par veke i spenning for å sjå om Holly et maten sin..Hittil har vi gitt maten som «godbit» og leike litt med den for å få ho til å ete, men ho et den heldigvis «frivilleg» i perioder.

Éin kommentar

Filed under Forallergiutredning, Holly, Holly si matlyst

Forallergiutredninga

No er Holly ferdig med halve utredninga. Ho har gått på allergifor i 1 månad. Sidan ho har åt ganske lite av foret ho fekk, tenkte eg å bytte til Royal Canin. Hos dyrlegen her hadde dei berre eit formerke og det var Specific. So dermed vart det å kjøpe ein forpose med Specific på 8 kg sidan der ikkje var mindre posar heller. Det virkar som Holly likar det foret:) Ho har åte opp maten sin dei to siste dagane! Får håpe ho fortsette slik.

Holly klør ikkje noko særleg og ho flassar ikkje, men ho er fortsatt litt tørr. So ho er vel ca. slik ho var då ho starta kuren?, mulegens ikkje like tørr.

Kommenter innlegget

Filed under Forallergiutredning, Holly

Forallergiutredninga

No har det gått ei stund sidan vi begynte på utredninga. Ho har til tider hatt god matlyst, men det blir litt for ofte at ho ete berre 1/3 av maten sin. Får sjå det litt ann framover. Magen er ikkje heilt stabil, so avføringa er som regel ikkje heilt fast, gjerne litt rennane.

Holly klør ikkje noko særleg, men av og til og ikkje intenst. Syns ikkje ho klør mindre enn då vi begynte på forallergiutredninga igrunnen. Veit ikkje om det er meir enn normalt og kva som gjer at ho plutseleg begynde å klø. Eg syns ho har fått bedre pels, ho er ikkje like tørr trur eg og røyter ikkje like mykje heller, men om alt dette kjem som eit resultat av allergiforet eller om ho er ferdig med ei røyteperiode, det veit eg ikkje. Vi får berre fortsette å gå på allergiforet og sjå om pelsen blir enda bedre.

Vi har ikkje vore 100% flinke til følge utredninga, for ho skal ikkje få noko anna enn det foret, altso ingen godbit heller. Ho har vel fått ei gulrot eller greenis ein sjelden gong:/ Det er so vanskeleg å ikkje la ho få noko godbit å ete på. Sidan eg har lyst å stille ho ut på ustilling ein gong til må eg finne ut om det fins ein slags godbit eg kan trene med, so skal kontakte dyrlegen og høyre. Eg vil også trene litt lydigheit og agility so treng godbit til det også.

Kommenter innlegget

Filed under Dyrlege, Forallergiutredning

Forallergiutredninga

No har Holly ikkje fått v&h på 2 1/2 veke. Eg er usikker på om det har hjulpe, men det kan vere. Eg innbiller meg at ho ikkje klør like mykje. Det kan også vere pga. ho ikkje har fått ein type godbit også på ei god stund (3-4 veker). Det er veldig vanskeleg å vete om ho klør mindre og evt. årsaka til det:/ Ho har klødd litt, men ikkje oftare enn ein frisk hund trur eg. Ho bit heller nesten ikkje lengre på potane. Ho har forsatt litt tørr hud som flassar pittelitt.

I dag begynte Holly på Hill`s Prescrition Diet Canin z/d Ultra Allergen-Free. Bitane var veldig store og eg bekymra meg litt sidan Holly brukar so og sei aldri å tygge maten sin, men det gjekk bra. Holly tygde bitane godt. Vi har dessverre ikkje meir igjen av foret ho har gått på, so eg må ringe dyrlegen for å høyre om det går bra at ho begynde direkte på foret eller om eg burde kjøpe ein pakke med det foret vi hadde so ho får ein overgang mellom fortypane. Eg trur det skal gå greit, men er vel best å høyre med ein som kan dette skikkeleg.

Kommenter innlegget

Filed under Dyrlege, Forallergiutredning