Category Archives: Før og etter

Lampe – før og etter

Lampen eg "tok" hos mor og far, hehe.

Før. Lampen eg "tok" hos mor og far, hehe.

Eg kom på at foreldra mine har hatt to golvlampar som er litt moderne stil på no, men fargen var ikkje fin (passar vertfall ikkje inn i den interiør-stilen eg har. So eg skal høyre om dei fortsatt har disse lampane og spraylakkere dei enten svart eller kvit. Forhåpentlegvis blir dette eit før etter innlegg:)

Kan hende lampeledninga også blir skifta om. Ideen har eg frå D’constructed by *SNYdesign. Huset på Planen har skrive eit innlegg der ho viser til ei side dei sel stoffledningar🙂 Monge fine fargar/stilar der! Eg tenkte kanskje på disse sidan dei er litt nøytrale sjølv om dei skillar seg litt ut:

Foto: stofledning.dkFoto: stofledning.dk

Foto: stofledning.dk

Advertisements

Kommenter innlegget

Filed under Før og etter, Interiør

Oppbevaringseske – før og etter

Før:

Eske før "innpakking"

Eske før "innpakking"

Etter:

Eske etter "innpakking"

Eske etter "innpakking"

Eske etter "innpakking"

Eske etter "innpakking"

Eg brukte gåveinnpakkingsmetoda på dinne eska. Det vart dermed ikkje papir inni eska, men der skal det ligge mykje ting so innsida visast ikkje. Det vart ikkje so veldig fint med ditte gåvepapiret sidan det var forskjelleg mønster på det. Hadde det våre likt mønster over heile hadde det sett bedre ut.

Eg har vore på leit etter oppbevaringsesker til å ha gåvepapir, kort og hobbyting oppi. Det skulle vere vanskeleg å finne noko eg likte , men då eg var i Oslo fann eg nokre esker med rundinger i svart og kvitt. Dessverre orka eg ikkje å drasse med meg disse heimover  (kanskje eg skal be foreldra mine å kjøpe med seg eit par av eskene når dei skal til Oslo?:). Dermed fortsatte eg med ideen min om å ha gåvepapir utanpå diverse esker eg får tak i. Den eg har «pakka» inn no tok eg når den var tom for sjokolade på jobben. Eg ventar på at ei eske i A4-størrelse er tom, hehe.

Kommenter innlegget

Filed under Før og etter, Interiør