Category Archives: Hobbydill

Endra bloggadresse

Eg har flytta bloggen min til: http://evrimmel.com 🙂

Advertisements

Kommenter innlegget

Filed under Hobbydill, Holly, Husbygging, Interiør, Matlaging, Mote

Julepynting i leiligheita

Det vart litt julepynting rundt om kring i leiligheita.

Sidan eg jobba heile helga og til og med i dag vart det dårleg med tid til julehandel.

Juletrepynt og juletrefot vart kjøpt inn i dag.

Treet vart så som så, hehe:)

Juletrelys får bli til neste år.

Her er litt av julepyten vår:

Juletreet vårt

Juletreet vårt

Stjerna (som blir bytta ut neste år) og julekulane vart kjøpt på Nille.

Juletrefoten kjøpte eg på Biltema.

Glitteret er frå då eg pynta til jul på soverommet mitt hos mor og far.

Glassistapp

Glassistapp

Glassistapp eg fekk i julegåve i år av foreldra til Vidar

Julenissane

Julenissane i Bonzaitreet

Nissane i treet laga eg då vi hadde juleverkstad på linja Barne og ungdom på vidaregåande.

Engel i vinduskarmen

Engel i vinduskarmen

Dinne engelen har eg fått av to venninne:)

Dei tre vise menn

Dei tre vise menn

Dei tre vise menn har vi fått av foreldra til Vidar:)

Blomsterpotte med litt sølvpynt

Blomsterpotte med litt sølvpynt sidan eg ikkje har funne ei plante å ha i

Pepperkake i svart skål

Pepperkake i svart skål

Hadeland vase med juletregreiner til pynt

Hadeland vase med juletregreiner til pynt

Kommenter innlegget

Filed under Hobbydill, Interiør, Jula 2009

Heimelaga julekort

Kvar jul lagar eg heimelaga julekort og kvart år føler eg at eg er litt seint ute, hehe.

Eg begynte å lage julekort då eg hadde juleverkstad. Deretter holdt eg på litt på jobb sidan det var omtrent ingen innom dei to siste dagane. Siste finish var natt til juleafta. So eg var litt flinkare dette året sidan eg ikkje sat å laga julekort på nyttårsafta:) Brukar å gjenstå å lage ferdig julekorta til familia.

Julekort til mor og far

Julekort til mor og far

Julekort til venninne

Julekort til venninne

Love Hearts på baksida på julekortet

Love Hearts på baksida på julekortet

Julekort til venninne

Julekort til venninne

Julekort til tvillingsystra mi

Julekort til tvillingsystra mi

Innsida av kortet til tvillingsystra mi

Innsida av kortet til tvillingsystra mi

Julekort til onkel

Julekort til onkel m/familie

Julekort til Vidar (samboaren min)

Julekort til Vidar (samboaren min)

Julekort til storesytra mi

Julekort til storesytra mi

Julekort til foreldra has Vidar

Julekort til foreldra has Vidar

Stjernane i sølv og gull har eg kjøpt på Nille. Dei var fine og fungerte bra på julekorta:) Glitteret for litt av, men der var nok til at det ikkje viste på stjerna.

Hjerta i sølv har eg kjøpt på ein bokhandel. Eg brukte ein sann firkant med dobbelsidig limfeste bakpå hjertet for å feste det på kortet.

Stjernane på det siste kortet har laga ved å bruke ein dings ein kan lage stjerner med. Arket var for hardt til at hjertane vart trykt ut, men det var ei fin effekt ved det også:)

Motivet av katten og jenta fann eg på Internett. Eg teikna etter motiva og deretter brukte eg ein svart penn for å få forsterka motivet.

Kommenter innlegget

Filed under Hobbydill, Jula 2009

Juleverksted saman med venninner:)

I kveld kom Elisabet, Anna og Ragnhild på juleverkstad hos meg litt over kl.20.  🙂 Vi kosa oss med julekortlaging, gløgg, pepperkake, Cola. Det vart også kjøpt kebabpizza kl. 00.30:) Vi kunne ikkje ete pizza før vi var ferdig å lage kort, det hadde vorte litt styr.

Elisabet og eine julekortet ho laga

Elisabet og eine julekortet ho laga

Ragnhild og Elisabet:)

Ragnhild og Elisabet:)

Holly vil leike

Holly vil leike

Juleverkstadrot

Juleverkstadrot

Anna laga innbunden hjerte-melkesjokoladøske

Anna laga innbunden hjerte-melkesjokoladøske

Anna tar ikkje ei einaste pause frå å binde inn øskane

Anna tar ikkje ei einaste pause frå å binde inn øskane

Ragnhild kosar seg med god salat med biff

Ragnhild kosar seg med god salat med biff

Elisabet kosar seg med pizza:)

Elisabet kosar seg med pizza:)

Kebabpizza:)

Kebabpizza:)

Eg har jobba heile helga, so det måtte litt rydding til i dag også. Det vart til at eg kom heim etter å ha gått i 20 minutt, begynte rett på rydding. Deretter køyrte eg til vik for å handle litt julegåve og sjå etter noko fineklede til meg sjølv. Eg vart litt forsinka sidan eg ikkje fylgte skikkeleg med på kva klokka er pga mangel på klokke m/batteri (mobilen er ikkje godt nok tilgjengeleg der den ligg i veska). I tillegg ville eg handle inn Pepperkake som vi kunne ha at med middagen og det var soklart kø på butikken.

Shopping: Første butikken eg for innom var P.F. Waage. Der hadde dei veldig mykje kjekt frå Eva Solo, Menu og Rosendahl. Det var vanskeleg å ikkje kjøpe noko. Eg har vel igrunnen tenkt på å kjøpe ei skål å ha salt i, men kanskje ikkje til so høg pris. Eg bestemte meg likevel for å berre kjøpe Twist saltskål frå Georg Jensen.

Twist saltskål av Georg Jensen

Foto: norwaydesigns.no

Rosendahl sitt kakefat og 4 asjettar i serien Grand Cru må eg tenke litt meir på om eg vil kjøpe. Eg har begynt so smått å tenke på å begynde å samle på eit servise, men det er ekstremt vanskeleg å bestemme seg for kva servise eg skal gå for. Eg likar igrunnen godt Rosendahl sin serie Grand Cru. Det meste i den serien er fint og det går ann å bruke det i kvardagen også.

Kommenter innlegget

Filed under Gjer det sjølv, Hobbydill, Interiør, Leiligheita, Shopping

Scrappingutstyr

Eg har handla inn ein god del scrappingutstyr:) Gler meg til å lage julekort og bursdagskort:)

Bilder kjem!!

Kommenter innlegget

Filed under Hobbydill

Trondheim dagbok

Det kjem fleire bilder når eg får lasta over bildane frå mobilen min…

Den korte versjonen-> Køyring, kortlading, bading, ete, shopping og bursdagsfest

Den lengre versjonen:

Fredag: Vidar og eg køyrte til Trondheim. Først leverte eg Holly hos foreldra til Vidar. På veien til Trondheim stoppa vi for å kjøpe ostepølse meny:) og bollar med sjokoladebitar:) Vi fylte også på Statoilkoppane våre. Far min overraska meg med ein kopp før vi for. Kjekt det:) Vi tok 15-ferja frå Hareid og kom til Trondheim 21.20. Petter, han vi skulle overnatte med bur litt før sentrum. Då vi kom fram var han ikkje heime so Vidar foreslo at vi skulle stikke på Ikea ein tur. Det ville eg so klart:) Eg hadde igrunnen planlagt ein tur dit i morga, men sidan det vart so mykje som skulle gjerast i morga hadde eg droppa den planen. So då fekk eg kjøpt dinna plastikknettholdaren likevel.

Hos Petter fekk vi god Pizza Orginale:) Trur det var med kjøttbollar og chili av eit slag. Det var veldig godt med kvitløksdressing på. Det var av merket Stabburet huskar eg rett og smakte det same som den ein får på pizzarestaurantar:)

Resten av kvelden laga eg til bursdagskortet til Eva, medan Vidar og Petter såg på Seinkveld og eit anna humorprogram. Eg måtte soklart titte litt fram når Seinkveldduellen kom da. Dessverre gløymte eg å ta bilde av bursdagskortet eg laga, men eg kan legge ut eit bilde av det fine kortet eg vart inspirert av! Håper ikkje Anita som har laga kortet har noko i mot det. Ho lagar veldig fine ting og det er veldig lett å bli inspirert. Sjekk ut hobbybloggen hinna:) Her er kortet hinna eg henta inspirasjon frå dinne gongen:

Fine kortet eg fekk inspirasjon av

Det vart kanskje ikkje dei største forandringane på kortet eg laga dinne gongen, men fargane og stilen vart da litt annleis:) Mitt vart litt meir amatørmessig også, hehe. Blått kopiark utanpå med store rundingar og lysegrønt scrappingark inni. Musa teikna eg på eit kvitt teikenarg. Ho vart teikna med store auge med augevippe og eg laga til ein lapp med skrift i musa sine hende. Sløyfa var kvit og grøn med rundingar. I tillegg var nokre pyntedetaljar ikkje med eller bytta ut.

Laurdag: Eg, Solveig, Nina og Rita for på Pirbadet rundt 12.30. Før det var det litt småtitting i butikkane på Torget sidan eg gjekk inn der på veien (det regna ute) bort til Solveig som overnatta hos Nina. Eg enda opp med å kjøpe meg eit svart smykke på Accent.

Smykke

Smykke eg kjøpte

På Pirbadet var det litt kø, men det gjekk forholdsvis fort. Vi var alle bestemt på å halde oss til det varme vatnet, so vi for først i Helsebassenget og deretter Velværebassenget. I tillegg sat vi litt i dampbadstu og vanleg badstu. Det var opptatt i boblebada heile tida:/

Etterpå for eg, Rita og Solveig på Egon og bestilte oss Kylling BLT Sandwitch 🙂 Det er so godt!!

Eg og Rita:)

Eg og Rita:)

Vi rakk desseverre ikkje å kose oss med ein kopp varm sjokolade før Rita skulle fare. Eg og Solveig skulle også rekke å kjøpe gåve til Eva som vi skulle på bursdagsfest hos seinare på kvelden. I tillegg ville vi begge sjå etter sko.

Eg fann meg eit støvlettpar på DNA på Trondheim Torg og håper dei passar. Dei gjor det vertfall då eg prøvde dei på. Der er litt for mykje nagledill-rader på, so eg skal kanskje ta av to av radane. Det er veldig IN med naglar på klede no, men for meg blir det kanskje litt for voldtsomt med so mykje av det. For å fjerne to av nagleradane må eg først ha ei nål som kan sy i skinnet, so får sjå om det kjem til å skje, hehe. Bildet vart ikkje so bra, men får duge inntil vidare:) :

Støvlettane

På leiten etter gåve til Eva fann eg meg hue og skjal og det var det Eva fekk også i gåve:) Det er alltid kjekt å få skjal og hue tenkte eg og Solveig. Kan aldri få nok av det….Hua kjøpte eg på ein veskebutikk eg gløymer namnet på heile tida (heiter Accent), skjaldet er kjøpt på Acessories:

Ny hue og skjald

Holly ville ha oppmerksomheit so ho fekk bli med på bilde, men det var vanskeleg å få ho til å sjå mot kameraet, hehe.

Vi tok bussen til Eva og kom dit til kl 19.30. Det var kjekt å sjå Trondheimsfolket igjen:) Eva diska opp med pølse m/brød ut på kvelden og det vart likt svært godt av alle. Eg orka dessverre ikkje å ete noko sidan eg var fortsatt mett etter middagen og drikka eg drakk. Kvelden gjekk og alle kosa seg. Det vart mykje prat og dans på golvet. Det er so kjekt når det folk vil danse på festa syns eg sidan eg likar so godt å danse. Solveig og Nina for innover til byen rundt 24 sidan dei skulle ut på byen. Eg ville bli hos Eva sidan eg er so sjeldan i Trondheim.

Eg fekk meg skyss heimover til dit Vidar skulle overnatte, men sidan eg ikkje fekk tak Vidar var det ikkje til stor hjelp. Dermed vart det til å overnatte hos Eva likevel, men det er da kjekt det. Vi kosa oss med pølse til nattmat. Dei har gjesterom so eg sov godt på ei ganske stor seng. Kl. 04. fekk eg mld frå Vidar om at dei hadde såte ute i badestamp, so han kunne ikkje ta med mobilen dit ut, derfor fekk eg ikkje tak i han.

Søndag: Vidar ringte kl. 12.30 og det var vel på tide å stå opp. Til frukost vart det pølse m/brød og potetgull 🙂 Sidan bussen går so sjeldan vart det til at eg blei hos Eva til eg og Vidar skulle reise heimover. Vidar kom å henta meg kl. 17 og vi rakk dermed 23-ferja frå Sula. På veien kjøpte eg ein sånn smørbrødpakke m/ 4 skiver. Det var ikkje spesielt godt, men mat må ein ha dagen derpå. Eg kjøpte også 3 bollar med sjokoladebollar og vi fylte på Statoilkoppane.

Før vi for heim henta vi Holly hos foreldra til Vidar. Ho hadde berre vore snill og grei dinne helga:) Dei hadde hatt to uhell da, hehe. 1. Gløymte å ha av tispetrusa (ho har løpetid) eine gongen Holly skulle på do, hehe. Det er ikkje alltid like lett å legge merke til at ho har på tispetruse. 2. Det datt masse sylte på gulvet og Holly var so klart der med ein gong og slikka i seg. Dermed vart øyrane fulle av sylte! Det førte til ei litt stor floke og mesteparten måtte eg berre klippe vekk, men det er ikkje so farleg sidan ho ikkje skal stillast ut.

For å få Holly til å ete maten sin tok dei Holly sin mat oppi Fluffy (hunden deira) si matskål sidan ho alltid vil bort å ete maten hinna, men dei klarte berre å lure ho i starten.

Kommenter innlegget

Filed under Bursdag, Hobbydill, Holly, Kvardagen, Mote, Tur

Bursdagskort

Til Morfar

Bursdagskort

Bursdagskort

Til onkel Steinar og Sølvi

Bursdagskort

Bursdagskort

Kommenter innlegget

Filed under Hobbydill