Category Archives: Holly aleine heime

Holly sin første dag aleine i nye-leiligheita

Holly har ikkje vore aleien i nye-leiligheita før no i dag.  Syns det vart litt for lenge å starte direkte på 7 timar, men det vart slik:(

Eg prøvde å finne ut kor det var best å plassere buret. Holly knurre-bjeffa til lydar som kjem utanfor vinudua, er litt skumle og ukjente lydar. So dermed tenkte eg det var best å plassere ho inn på badet med baddøra open sidan badet er mest skjerma for lydar. Eg gjekk ut og hadde igjen ytterdøra. Holly starta å bjeffe og pipe med ein gong. Eg venta til ho slutta og gjekk inn igjen. Kanskje det var best å la ho ligge i buret inn på soverommet. Eg prøvar det og går ut igjen. Forsatt den same hylinga og pipinga. Ein høyrar bjeffinga utanfrå også, men ikkje sånn veldig høgt.

På vei ut ringte eg Vidar for å høyre kva han syns eg skal gjere, eg må no på jobb, var allereie seint ute. Eg tenkte ei mulegheit var å fare heim i lunsjen å lufte ho, men klarte ikkje å finne ut om det var berre dumt å kome heim eit par minutt og so fare igjen. Vidar var på Fosen i dag, so han kunne ikkje ta med Holly på jobb i dag. Det passa ekstremt dårleg at han skulle på Fosen i dag syns eg. Dersom han er på Argon har han vertfall mulegheit til å ta med Holly. Eg hadde også planar om å ha på webkamera slik eg fekk sjå korleis Holly hadde det, men Vidar skulle vere om bord i båten, so då gjekk ikkje det heller:/ Huff.

Eg kom fram til at eg måtte berre gå no og so får eg vurdere sjølv i lunsjen om eg skulle fare heim ein tur.

Uff, har sånn vond følelse for at ho må vere aleine so lenge. Ho er no vandt til vere aleien, men ikkje i dinne leiligheita:/

Kommenter innlegget

Filed under Holly aleine heime, Leiligheita

Holly heime aleine

Tankane våre har vore at Holly skal vere laus i leiligheita når eg skulle begynde å jobbe, men eg har vore flink til å gløyme å trene på det. Holly har vore heime aleine laus i 10 minutt til no, då går ho fram og tilbake å pip. Ho hadde lagt seg i buret då eg kom heim. Då ho var aleine i 8 minutt veit eg ikkje kva ho gjor på sidan programmet eg brukte ikkje filma meir enn 1 minutt. Holly låg vertfall i buret då eg kom heim.

No har ho vore i buret 8 timar og 15minutt i 3 dagar, håper det går bra. Eg har tenkt å sette på filmkameraet, men har hittil gløymt å laga det klart. Eine dagen gjekk ho ikkje på do før eg for, men det virka som det gjekk greit sidan ho ikkje måtte ut med ein gong eg kom heim og ho brukte litt tid før ho gjekk på do då vi var ute. 

Holly har tidlegare (då eg gjekk på skule) vore heime aleine mellom 2-7 timar, so ho har vore vant til å vere heime aleine ei stundm, men det er ei stund sidan ho var aleine meir enn 2 timar (sidan juni).

Kommenter innlegget

Filed under Holly aleine heime