Category Archives: Holly si matlyst

Holly spiser maten sin:)

Etter vi kjøpte nytt for har Holly spist opp omtrent all maten sin kvar dag:) Det er kjekt å sjå ho vente på at eg setter ned matskål når eg spør om ho vil ha mat og at går bort til det og spis maten godt fornøgd!

Kommenter innlegget

Filed under Holly, Holly si matlyst

Kjøpt nytt for til Holly i dag:)

Ja, då skal vi teste ut Specific Allergy Management Pluss. Håper Holly likar det (ho er kresen i matveien, vil ha alt anna enn foret ho får, hehe). Dyrlegen hadde ikkje inne godbitane Specific Hypoallergenic Treats, men han skulle bestille det:) So då får Holly endeleg skikkelege godbitar igjen:)

Kvar gong vi er hos dyrlegen her seier han alltid at ditta (cavalier-rasa) e verden snillaste hund:) Er litt morosamt, hehe. Han kommenterte også med at dei slit no med sine sjukdomar. Litt seinare nemnte han at kanskje han skulle skaffe seg ein cavalier, hehe.

Specific Allergy Management Pluss skal både vere for vanleg allergi og for forallergi. Ho har gått på Specific Food Allery Management sidan april. Er spent på resultatet med det nye foret! Holly har det bra med foret ho har fått til no, men ho er pittelitt tørr i huda/pelsen og røyte noko veldig. Dermed håper vi at det kan bli bedre med dette foret.

Eg ga Holly litt av foret i kveld for å sjå om ho likte det. Ho venta på at eg skulle opne posen og sto klar ved matskål då eg hadde maten oppi. Ho åt opp det eg ga ho.

Foret lukta forresten KLIPPFISK eller noko liknande! Eg vil tru det er fordi foret har mykje fiskeolje i seg.

So no ventar vi eit par veke i spenning for å sjå om Holly et maten sin..Hittil har vi gitt maten som «godbit» og leike litt med den for å få ho til å ete, men ho et den heldigvis «frivilleg» i perioder.

Éin kommentar

Filed under Forallergiutredning, Holly, Holly si matlyst

Holly si dårlege matlyst, oppdatering..

Holly har fortsatt ikkje ete meir enn 20 gram om dagen, so eg lurte på om eg måtte ringe dyrelegen i dag sidan det virka som det ikkje hjalp å bytte til nytt for (Purina Pro plan Adult Small) og gå på dråpane Galastop som skulle få vekk det innbilte svangerskapet hennar.

Men i dag åt ho faktisk ein god del mat:)! Eg tinte V&H kylling og ga ho ein del først utan tørrfor i. Ho begynte å jafse det i seg:). So då ho hadde ete nesten alt tok eg å tilsatte tørrfor og litt meir V&H. Ho jafsa i seg det også:) So no håpe eg vi er tilbake i det gode mønsteret vi hadde i sommar!

No har vi altså ein halv forpose med Eukanuba Cavalier, ein nesten full pose Royal Canin Cavalier og ein so å sei full pose Purina Pro Plan Adult Small. Holly har vertfall å velge mellom tørrfor framover, hehe.

Kommenter innlegget

Filed under Holly si matlyst

Holly si dårlege matlyst

Uff, Holly si matlyst er dårleg igjen:( Ho har vore småspist i over 2 veker no. Den siste veka har ho spist veldig lite. Ho vil ikkje ha V&H, ikkje Eukanuba tørr eller våt. Eg har komt fram til måtte gi ho ei lita skive med leverpostei dei dagane ho ikkje vil ete i det heile, men det rare er at eg også har måtte starte å mate ho med handa for at ho ville ete skiva.  Nokon gongar har ho ikkje ville hatt skive heller.

Forma til Holly verkar bra, men det kan ikkje vere bra for ho å ete så lite. Eg har kjøpt inn Royal Canin Cavalier King Charles Spaniel, men ho ville ikkje ete det foret heller. Eg ringte dyrelegen i går og ho syns eg burde kome med Holly så ho kunne få sjå på ho. Dyrelegen sa at ho trudde det gjekk på at Holly er kresen, men det kunne også kome av at Holly har innbilt svangerskap. Holly har litt melkeproduksjon.Eg fekk resept på nokon dråpar som skal redusere det hormonelle slik at ho ikkje blir innbilt lengre. Dyrelegen sa eg burde prøve eit nytt for og gi ho mat berre ein gong om dagen og ta den vekk dersom ho ikkje ete.

Kommenter innlegget

Filed under Holly si matlyst