Category Archives: Holly

Endra bloggadresse

Eg har flytta bloggen min til: http://evrimmel.com 🙂

Advertisements

Kommenter innlegget

Filed under Hobbydill, Holly, Husbygging, Interiør, Matlaging, Mote

Holly, Vidar og solbærsaftflaska

Holly

Holly

Holly

Holly

Holly vil også ha solbærsaft!

Kommenter innlegget

Filed under Holly, Kvardagen

Holly at med varmepumpa

Holly under varmepumpa

Holly likar seg godt at med varmepumpa. Ho spring dit kvar gong etter vi har vore ute og etter ein dusj, hehe. Forstår ho igrunnen veldig godt, det er godt og varmt der:)

Kommenter innlegget

Filed under Holly

Trondheim dagbok

Det kjem fleire bilder når eg får lasta over bildane frå mobilen min…

Den korte versjonen-> Køyring, kortlading, bading, ete, shopping og bursdagsfest

Den lengre versjonen:

Fredag: Vidar og eg køyrte til Trondheim. Først leverte eg Holly hos foreldra til Vidar. På veien til Trondheim stoppa vi for å kjøpe ostepølse meny:) og bollar med sjokoladebitar:) Vi fylte også på Statoilkoppane våre. Far min overraska meg med ein kopp før vi for. Kjekt det:) Vi tok 15-ferja frå Hareid og kom til Trondheim 21.20. Petter, han vi skulle overnatte med bur litt før sentrum. Då vi kom fram var han ikkje heime so Vidar foreslo at vi skulle stikke på Ikea ein tur. Det ville eg so klart:) Eg hadde igrunnen planlagt ein tur dit i morga, men sidan det vart so mykje som skulle gjerast i morga hadde eg droppa den planen. So då fekk eg kjøpt dinna plastikknettholdaren likevel.

Hos Petter fekk vi god Pizza Orginale:) Trur det var med kjøttbollar og chili av eit slag. Det var veldig godt med kvitløksdressing på. Det var av merket Stabburet huskar eg rett og smakte det same som den ein får på pizzarestaurantar:)

Resten av kvelden laga eg til bursdagskortet til Eva, medan Vidar og Petter såg på Seinkveld og eit anna humorprogram. Eg måtte soklart titte litt fram når Seinkveldduellen kom da. Dessverre gløymte eg å ta bilde av bursdagskortet eg laga, men eg kan legge ut eit bilde av det fine kortet eg vart inspirert av! Håper ikkje Anita som har laga kortet har noko i mot det. Ho lagar veldig fine ting og det er veldig lett å bli inspirert. Sjekk ut hobbybloggen hinna:) Her er kortet hinna eg henta inspirasjon frå dinne gongen:

Fine kortet eg fekk inspirasjon av

Det vart kanskje ikkje dei største forandringane på kortet eg laga dinne gongen, men fargane og stilen vart da litt annleis:) Mitt vart litt meir amatørmessig også, hehe. Blått kopiark utanpå med store rundingar og lysegrønt scrappingark inni. Musa teikna eg på eit kvitt teikenarg. Ho vart teikna med store auge med augevippe og eg laga til ein lapp med skrift i musa sine hende. Sløyfa var kvit og grøn med rundingar. I tillegg var nokre pyntedetaljar ikkje med eller bytta ut.

Laurdag: Eg, Solveig, Nina og Rita for på Pirbadet rundt 12.30. Før det var det litt småtitting i butikkane på Torget sidan eg gjekk inn der på veien (det regna ute) bort til Solveig som overnatta hos Nina. Eg enda opp med å kjøpe meg eit svart smykke på Accent.

Smykke

Smykke eg kjøpte

På Pirbadet var det litt kø, men det gjekk forholdsvis fort. Vi var alle bestemt på å halde oss til det varme vatnet, so vi for først i Helsebassenget og deretter Velværebassenget. I tillegg sat vi litt i dampbadstu og vanleg badstu. Det var opptatt i boblebada heile tida:/

Etterpå for eg, Rita og Solveig på Egon og bestilte oss Kylling BLT Sandwitch 🙂 Det er so godt!!

Eg og Rita:)

Eg og Rita:)

Vi rakk desseverre ikkje å kose oss med ein kopp varm sjokolade før Rita skulle fare. Eg og Solveig skulle også rekke å kjøpe gåve til Eva som vi skulle på bursdagsfest hos seinare på kvelden. I tillegg ville vi begge sjå etter sko.

Eg fann meg eit støvlettpar på DNA på Trondheim Torg og håper dei passar. Dei gjor det vertfall då eg prøvde dei på. Der er litt for mykje nagledill-rader på, so eg skal kanskje ta av to av radane. Det er veldig IN med naglar på klede no, men for meg blir det kanskje litt for voldtsomt med so mykje av det. For å fjerne to av nagleradane må eg først ha ei nål som kan sy i skinnet, so får sjå om det kjem til å skje, hehe. Bildet vart ikkje so bra, men får duge inntil vidare:) :

Støvlettane

På leiten etter gåve til Eva fann eg meg hue og skjal og det var det Eva fekk også i gåve:) Det er alltid kjekt å få skjal og hue tenkte eg og Solveig. Kan aldri få nok av det….Hua kjøpte eg på ein veskebutikk eg gløymer namnet på heile tida (heiter Accent), skjaldet er kjøpt på Acessories:

Ny hue og skjald

Holly ville ha oppmerksomheit so ho fekk bli med på bilde, men det var vanskeleg å få ho til å sjå mot kameraet, hehe.

Vi tok bussen til Eva og kom dit til kl 19.30. Det var kjekt å sjå Trondheimsfolket igjen:) Eva diska opp med pølse m/brød ut på kvelden og det vart likt svært godt av alle. Eg orka dessverre ikkje å ete noko sidan eg var fortsatt mett etter middagen og drikka eg drakk. Kvelden gjekk og alle kosa seg. Det vart mykje prat og dans på golvet. Det er so kjekt når det folk vil danse på festa syns eg sidan eg likar so godt å danse. Solveig og Nina for innover til byen rundt 24 sidan dei skulle ut på byen. Eg ville bli hos Eva sidan eg er so sjeldan i Trondheim.

Eg fekk meg skyss heimover til dit Vidar skulle overnatte, men sidan eg ikkje fekk tak Vidar var det ikkje til stor hjelp. Dermed vart det til å overnatte hos Eva likevel, men det er da kjekt det. Vi kosa oss med pølse til nattmat. Dei har gjesterom so eg sov godt på ei ganske stor seng. Kl. 04. fekk eg mld frå Vidar om at dei hadde såte ute i badestamp, so han kunne ikkje ta med mobilen dit ut, derfor fekk eg ikkje tak i han.

Søndag: Vidar ringte kl. 12.30 og det var vel på tide å stå opp. Til frukost vart det pølse m/brød og potetgull 🙂 Sidan bussen går so sjeldan vart det til at eg blei hos Eva til eg og Vidar skulle reise heimover. Vidar kom å henta meg kl. 17 og vi rakk dermed 23-ferja frå Sula. På veien kjøpte eg ein sånn smørbrødpakke m/ 4 skiver. Det var ikkje spesielt godt, men mat må ein ha dagen derpå. Eg kjøpte også 3 bollar med sjokoladebollar og vi fylte på Statoilkoppane.

Før vi for heim henta vi Holly hos foreldra til Vidar. Ho hadde berre vore snill og grei dinne helga:) Dei hadde hatt to uhell da, hehe. 1. Gløymte å ha av tispetrusa (ho har løpetid) eine gongen Holly skulle på do, hehe. Det er ikkje alltid like lett å legge merke til at ho har på tispetruse. 2. Det datt masse sylte på gulvet og Holly var so klart der med ein gong og slikka i seg. Dermed vart øyrane fulle av sylte! Det førte til ei litt stor floke og mesteparten måtte eg berre klippe vekk, men det er ikkje so farleg sidan ho ikkje skal stillast ut.

For å få Holly til å ete maten sin tok dei Holly sin mat oppi Fluffy (hunden deira) si matskål sidan ho alltid vil bort å ete maten hinna, men dei klarte berre å lure ho i starten.

Kommenter innlegget

Filed under Bursdag, Hobbydill, Holly, Kvardagen, Mote, Tur

Holly har fått løpetid igjen

Holly med tispetrusa si

Då har Holly fått løpetid igjen…

Tispetrusa er grei å bruke når ho ligg opp i sofaen:) Holly bryr seg heldigvis ikkje om tispetrusa, men den kan vere litt i veien når ho vil reingjere seg, hehe.

Eg såg nokre dråpar blod på gulvet og då kom eg på at i går når eg børsta Holly la eg tilfeldig merke til at ho var litt hoven nedentil. Tenkte å sjekke det ut, men gløymte no det. Tidlegare har eg alltid lagt merke til at ho skal ha løpetid ei stund før ho begynder å blø, men dinne gongen kom litt overraskande på. Eg trudde ho skulle ha løpetid litt ut i desember.

Kommenter innlegget

Filed under Holly

Overåsanden, hamburgermeny og på besøk hos Bernt og Sara

Vi for ein tur på Overåsanden ein tur slik at Holly fekk springe litt rundt. Det var heilt mørkt der so vi parkerte med lysa frå bilen ned mot sanden. Dermed vart det lyst midt mellom to mørke område. Vi gjekk fram og tilbake mellom dei områda og fekk Holly til å springe etter oss:)

Overåsanden ein sommarkveld

Etterpå for vi heim med Holly og vidare ned på terminalen for å kjøpe oss middag. Det var so pass seint at vi bestemte oss for å kjøpe oss middag der istaden for å lage middag heime. Vidar tenkte på pølse m/brød, men eg ville heller ha hamburger og dermed vart det til det:) Eg får rabatt på maten på terminalen sidan eg jobbar der av og til, so det er ikkje so dyrt å ete der:)

Hamburger

Hamburger er godt:) Foto: spiseriet.no

Vi for so vidare ut til Bernt og Sara. Dette var første gongen vi besøkte dei, so det var kjekt å sjå korleis dei bur. Dei hadde kvite veggar og ganske stort soverom. Det vil eg også ha!, hehe. Vi såg litt på tv, skravla, drakk cola og åt m&m, potetgull og drue. Koseleg var det:)

M&M

Holly fekk ikkje bli med til Bernt og Sara. Det var litt dumt syns eg, men det er greit at Holly får vere litt aleine heime so det ikkje blir uvant for ho å vere det. I tillegg er det greit å sleppe å fylge med på alt Holly finn på når vi er på besøk hos folk, hehe. Ho brukar å gå rundt å snuse og prøve å finne noko å ete på omtrent heilt til vi skal fare igjen, hehe.

Kommenter innlegget

Filed under Holly, Kvardagen, Tur

Godbitane til Holly

Godbitane til HollyGodbitane til Holly i eit fint glas (tidlegare fetaostglas)

Det tar litt tid å lage til godbitane. Vi har kjøpt gobitar for hundar som har allergi og godbitane finst berre i vanleg størrelse (meir som eit lite kjeks), ikkje spesielt for små hunderaser. Dermed må eg skjere bitane i 5-6 bitar for at eg skal kunne bruke dei til kvardags/lydigheitstrening. Holly likar gobitane vertfall, men spørs om dei er smakar godt når ho har fått dei ei stund.

Kommenter innlegget

Filed under Holly, Lydigheit