Category Archives: Hund

”VG-veterinær sprer unødvendig frykt blant eiere av Cavalier King Charles Spaniel og kva med reportasjen på TV 2 Nyheitene: «Utrydd syke hunderaser»???

I media har det vore mykje om sjuke hunderaser og cavalieren har ofte vorte nemnt. Spesielt har det SM komt fram, men også hjertesjukdom og andre sjukdomar.

1. For eit par veke sidan i VG helgebilag gjekk ein VG-veterinær ut med helseproblem ho hevda cavalieren har, med hovudfokus på hjertesjukdom og epilepsi.  Budskapet til VG-veterinæren var i kortheit at hunden var «søt, men sjuk». Norsk cavalierklubb syns innlegget vart vist fram på ein måte som gjor at det som vart sagt var misvisande og feilaktig. Konklusjonen var tatt ut i frå eit mangelfult grunnlag. Spesielt gjaldt dette epilepsi som var heilt feil. Norsk cavalierklubb har skrive ein henvendelse til VG om innlegget til VG-veterinæren og det i samarbeid med ein ansatt i Agria forsikring, som har sett på data som er registrert om helse til hunderaser. Tallmaterialet dei har er frå 2002 og ut ifrå det har rasa cavalier generelt sett ei god helse, men slit med ein hjertesjukdom. Denne sjukdomen oppstår vanlegvis først når cavalieren er 6-7 år og gir sjeldan ei plutseleg død og kan behandlast med medisinar (ofte over lengre tid).

Henvendelsen frå Norsk cavalierklubb finst for tida på framsida til klubben.

Norsk cavalierklubb er opptatt av forbedre rasa sine helseproblem og krever at oppdrettarane som skal stå på oppdrettarlista i deira klubb skal ha gjennomført kurs og alle cavalierar som avlast på  skal ha helseattest med hjerte u.a. Dermed meinar eg og monge andre at det skal det vere litt tryggare vertfall å kjøpe cavalier frå dei som står på oppdrettarlista og anbefalar at dei som skal kjøpe cavalier kjøpar frå dei som står på den lista, men som ved alle sjukdomar kan ein aldri vete om den kan ramme akkurat den hunden og den hunden. Det må ein berre ta i betraktning når ein kjøpar hund. Alle valpekjøparar bør uansett undersøke stamtavla til valpen dei har planar om å kjøpe for sjå om det ligg sjukdom blandt slekta.

2. Elles har også ei med ein cavalier som er ramma av SM hatt ei reportasje på TV 2 Nyheitene. Ho kontakta Rådet for Dyreetikk også som blei med i artikkelen. Artikkelen si overskrift var «Utrydd syke hunderaser». Cavaliereigaren meiner at NKK og NCK gjer ingenting for å hindre SM. Det virkar som ho meinar at NKK eller NCK skal kreve at alle cavalierar skal skannast for SM. NKK kan da ikkje kreve at alle cavalierar skal skannast når det er berre to skannarar i HEILE Norge? Det kjem ikkje til å føre til bedre avl spør du meg, då kjem det til å dukke opp enda fleire useriøse oppdrettarar som ikkje bryr seg opp i rettningslinjane til NCK og NKK og alt det dei seriøse oppdrettaren gjer for å gjere rasa bedre blir ødelagt på grunn av dei useriøse oppdrettarane. Skanning er heller ingen garanti sidan SM ligg i genane akkurat som monge andre sjukdomar.

Min meining er at det blir feil at ein skal utrydde sjuke rasar. Alle hundane er da ikkje sjuke. Eg er einig i at noko må gjerast, men svaret på problemet kan ikkje vere so ekstremt. Det blir vel uansett umuleg sidan det finst alt for monge useriøse oppdrettarar og uvetne hundeeigarar. Ei mulegheit eg tenker er at seriøse oppdrettar bør gå saman og starte å skanne hundane sine og avle på dei først og fremst. Då måtte antall kull reduserast veldig den første tida og det måtte ha blitt innført fleire cavalierar frå utlandet for å få større avlsmateriale. Dette hadde blitt mykje arbeid og kosta pengar. Det dumme er at det garantert (etter mine tankar) ville komt ekstremt monge nye useriøse opprettarar som avla fram cavalierar for å tene pengar og dei hadde ikkje brydd seg spesielt om korleis rasa vart bevart. Det som også er: sjukdomen SM er ikkje forska nok på til å vete korleis ein skal bli kvitt den. Dermed kan ein ikkje vere sikker på om ein blir kvitt den. Kanskje den blir med vidare i avla sjølv om alle cavalierane vart skanna??

I monge av kommentarane til innlegget står det at ein skal slutte med utstilling, at det er utstillinga som har skylda for all sjukdomen hos hunderasar. Hos Norsk cavalierklubb har ein da avlsretningslinjer: Hjerteundersøkelse, øyeundersøkelse og kneleddsundersøkelse. Når det gjeld SM står det at ein foreløpig inntil meir utfyllande og sikrare forskningsresultat (gentest, blodprøver) foreligge, sørge for inngåande kjennskap til avlsdyra sin arvemessige bakgrunn i forhold til sykdommen. Det står også om kva alder cavalierne skal vere ved parring og om avlshundens foreldre. Det blir også skrive om begrensinga i forhold til avkom frå ein enkelt hannhund/ antall kull frå tisper. Sjå Norsk cavalierklubb for meir utfyllande informasjon om avsretningslinjane. Det er altso ikkje berre utstillingsresultat som tel! Som ved alle retningslinjer er det ikkje alle som følge dei, men NCK gjer da sitt for å prøve å få fram friske kull!  Utstillinga er der mest for å få vete korleis hunden ser ut (kroppsmessig) og korleis temperamentet, altså både fysisk og psykisk. Eg vil da tru at dei fleste seriøse oppdrettar stillar hunden ut fleire gongar for å få fram eit gjennomsnitt om korleis hunden eigentleg er og har ein god helseattest i tillegg før dei startar avl på hunden.

Dette er mine tankar om denne saka akkurat no….Muleg det eg skriv blir litt rart skrive, men orkar ikkje å rette på det no…

Advertisements

Kommenter innlegget

Filed under Hund

Har lyst på ei black/tan cavaliertipse, men…

Black/tan cavalier:), slik vil eg ha

Black/tan cavalier:), slik vil eg ha

Har hatt lyst på ein hund til ei god stund, men eg tenker at det kanskje blir for mykje styr? Det blir sikkert kjekkare for Holly og det blir ikkje mykje meir arbeid, men med tanke på å ta med hundane på kjøreturar og besøk blir det sikkert ein del meir stress. I tillegg blir det vansklegare å få pass til to cavalierar. Det blir også ein del meir arbeid når det evt. kjem barn inn i bildet.

Eg har sett meg ut tre tisper eg kan tenke meg å ha valp etter og viss det blir ein cavalier til må det bli neste sommar. Vi skal kanskje begynde å bygge hus neste år dersom økonomien er i orden (det vil sei at eg har fått meg fast jobb og den er sikker), men det går sikkert greit sidan det blir i starten av byggefasa. Vi kunne også ha hatt ein valp no, men tispane eg vil ha valp etter har allereide hatt kull i år.

Kommenter innlegget

Filed under Hund

Barock Keramikkskål – for hund

Barock Keramikkstål var ganske so stilig da:) Eg likar igrunnen ikkje mønster, men har begynt so smått å like denne typen. Trur neppe det blir kjøpt ei slik med det første, men den passar godt å ha ståande framme:) Ser litt finare ut enn dissa plastskålane som følger med Ferplastbura som vi har ståande framme, hehe.

Kommenter innlegget

Filed under Hund, Hundeutstyr, Interiør

Godisboks Modern line Hunter – for hund

Godisboks Modern line Hunter virkar litt fin å ha ståande framme på benken. Den minste av boksane passar godt i jakkelomma også:) Prisen var ikkje so galen heller. Sidan Holly ikkje skal ha noko anna enn foret sitt so blir det lite vits å kjøpe enn sånn, men når det kjem godbitar for hundar med allergi so er dette eit alternativ eg skal tenke på. Eg har faktisk sett gobitar for hundar med allergi, trur det var Specific som har det so håper at dyrlegen her har det inne eller kan få det inn:)

Kommenter innlegget

Filed under Ønskelista, Holly, Hund, Hundeutstyr, Interiør

Treatstik – aktivitetsleike for hund

Eg tenker at kanskje Treatstik aktivitetsleike er noko for Holly. Ho er litt kresen av seg når det gjeld leiker. Ho likar godt dei det kjem godbitar ut av:) Vi har allereide ein ball ho trillar rundt på som det kjem «godbitar» ut av ( som i vårt tilfelle er foret hennar), men vi treng ei leike til som kanskje ho interesserar seg enda meir i.

Kommenter innlegget

Filed under Ønskelista, Holly, Hund, Hundeutstyr

Bagel bed – hundeseng

Har litt lyst å kjøpe ei Bagel bed til Holly, men eg trur eg ventar til vi får vårt eige hus slik eg får kjøpt seng som passar inn i huset der (men det er so kjedeleg å vente). Det dumme er at sidan vi bør vere forsiktig med å kjøpe stoffsenger sidan Holly er litt allergisk so er det ei sannsynlegheit for at eg ikkje bør kjøpe ei slik seng, men heller ei seng i skinn:/ Huff.

Kommenter innlegget

Filed under Hund, Hundeutstyr, Interiør

Studio Line vann- og matskål for hund

Eg syns Studio Line skåla var litt stilige, skal ikkje sjå bort i frå at den blir kjøpt inn dersom eg tar å bestiller eit par varer frå petshopgirls.no:) Skåla er i plast og prisen var ikkje galen:) Holly likar ikkje stålskåler der det kjem gjennskin frå skåla, so vi går for plast. Det var mykje stiligare med serien i stål, men uansett vart dei litt for dyre, hehe.

Kommenter innlegget

Filed under Ønskelista, Hund, Hundeutstyr, Interiør