Category Archives: Hundetreff

Ein søt liten pomeraniengutt på besøk:)

I kveld fekk vi besøk av ein pomeraniengutt. Holly var ganske nyskjerrig og leiken av seg. So det er slik eg sei, ho viser interesse for nokre og held tonen med dei. Holly syns pommen var litt travel sidan den skulle lukte bak på ho heile tida, den prøvde også å jokke på ho, hehe.

Vi tok ein del bilder, men gjekk tomt for batteri etter ei lita stund. Fleire bilder kjem:)

Holly poserar so fint:)

Holly poserar so fint:)

Pommen kan posere litt den også:)

Pommen kan posere litt den også:)

Dette var spennande altso!

Dette var spennande altso!

Kva du vil?

Kva du vil?

Advertisements

Kommenter innlegget

Filed under Holly, Hundetreff

Traff på ei med ein søt liten tricolor cavaliergutt:)

I dag når eg gjekk tur med Holly var det ei i ein bil som spurte om dei kunne få helse på kvarandre. Eg snudde meg rundt og der var det ein søt liten cavaliergutt stikkande ut bilvinduet:) So det vart til eit lite cavaliertreff.

Holly var ikkje so veldig interessert i å helse på valpen på 4 mnd, men kjekt var no det fordi. Holly treng som regel litt tid før ho blir leiken av seg.

Ho som sat i bilen fortalte at ho hadde sett inn på cavaliertreffsida eg har laga til for Hareidlandet og at det hadde vore kjekt å fått til cavaliertreff i området her. So eg får stå på litt meir og henge opp postere.

Kommenter innlegget

Filed under Holly, Hundetreff

Eit lite besøk av Kristin og Micko, deretter ut på kafe:)

Kristin og Micko kom på eit lite besøk i dag:) Sidan det ikkje vart ut å gå tur saman høyrte eg om ho ville ta med Micko bort på eit lite leiketreff og det ville ho. Holly og Micko leika ein del, men etterkvart vart Holly meir i slappeavhumør og la seg til rette i sofaen. So fort Micko begynte å gå rundt og snuse hoppa Holly ned av sofaen for å følge etter. Eg syns det var kos at Holly fekk leike litt med ein hund. Det er ikkje so ofte ho får springe rundt og leike fritt. Ute er ho so å sei alltid i band og då blir det litt vanskeleg å leike ordentleg.

Solveig, Nina og Madeleine skulle på kafe i kveld og eg bestemte meg for å joine. Eg måtte skynde meg for å rekke bussen, men dei vart visst seine dei også. Det vart visst til at vi skulle på Barmuda istaden for på kafe, men det var heilt greit. Kjekt å prøve ut nye plassar også (har vore innom ein gong før). Det var ei koseleg atmosfære der, men etterkvart vart det litt for høg musikk og masse folk til å vere ein plass å fare på kafe at med vennar. Men kjekt var det:) Eg måtte ha meg noko mat so eg kjøpte meg ein kreolsk pasta med kylling. Det var veldig godt, mykje chili og kvitløk:) Retten besto av pasta, kremsaus, kyllingstrimlar, rødløk, chili, kvitløk med brød og kvitløksdressing til. Trur eg skal lage dette heime ein dag:)

Kommenter innlegget

Filed under Hundetreff

Cavaliertreff på Væreholmen igjen:)

I dag vart det cavaliertreff på Væreholmen igjen:) Vi var der frå kl. 16 til 17.30. Det var koseleg, men kaldt, brr. Eg sjekke på cavalierforumet for å vere sikker på om det vart treff og det blei det:) Det hadde nettopp hagla noko enormt, so eg vart litt skeptisk. Ullgenser og regnbuksa måtte på. Eg skulle ta bussen og vart litt seint ute, men det var bussen også heldigvis! Det vart litt stress å handle, kome seg heim, ete, gjere seg klar og gå ned til bussen på 1 time (og det halv ikkje på at eg for innom ein klesbutikk på veien, hehe).

Vi var 7 mennesker og 7 hundar. Holly kosa seg, sprang rundt og tygde på pinnar. Eg trente Holly ein del på innkalling sidan eg endeleg har fått tak i leverpostei på tube:) Det er ganske praktisk med leverposteitube når det er kaldt ute!  Holly var veldig flink å kome. Ho brukar også å bli litt meir oppmerksom når det er kaldt trur eg. På slutten vart Holly litt meir interessert i dei andre hundane og leikte litt, det var kos å sjå på:) Det er ein av grunnane til eg drar på treff, for at Holly skal få leike seg. Ho har ikkje hatt noko særleg med leikekompisar til no. Ho treng også litt tid på å «varme seg opp» før ho blir interessert virkar det som, hehe, men nokon gongar klaffar det med ein gong:) Eg og Holly fekk site på heimover med Therese og samboaren som har cavalieren Collin. Det var godt å sette seg i ein varm bil og sleppe å vente på bussen:)

Bilder kjem viss eg får «knabba» til meg nokon:)

Kommenter innlegget

Filed under Hundetreff

Cavaliertreff på Væreholmen:)!

I dag var eg og Holly på cavaliertreff:) Treff blir planlagt på cavalierforumet og  endeleg vart det treff igjen! Vi fekk site på med Tine og det syns eg var veldig greit sidan eg var usikker på kor eg skulle gå av bussen og kor Væreholmen var i forhold til busstoppet.

Vi kom dit kl. 14.50. Treffet starta rundt 14.30. Eg trudde det skulle vere rundt 6-7 personar og cavalierar der, men der var ein god del meir! Vi var 15 mennesker og 17 cavalierar+ 1 terrier og 1 volpino.  Det var veldig kjekt:)

Dei fleste hadde hundane lause og der var ikkje nokon bilvei i nærheita. Eg valgte derfor å sleppe Holly laus. Det er vel 2. gongen ho har vore laus ute i år. Ho diggar å springe og gå å snuse, so det var det treffet gjekk mest ut på for ho, men ho leika litt att med dei andre hundane også. Ho fann spesielt tonen med ein terrier. Det er rart ditta, ho finn andre hunderaser meir interessant enn si eiga. Verfall so for ho rundt å kosa seg i ca 1 time utan band. Eg trente litt på innkalling og kontakt inn i mellom. Holly var ganske flink mesteparten av tida.

Cavaliertreff

Selma

Selma

I farta:)

I farta:)

I farta:)

I farta:)

Maldini og Holly

Maldini og Holly

Theo og Selma

Theo og Selma

Søte små

Søte små

Vil ha godbiten

Helse på....

Helse på....

Marve og Holly

Marve og Holly

Søte Holly:)

Søte Holly:)

Det var ein cavalier som sprang opp ein liten bakke og over den. Eg visste ikkje kva som var bak den. Det var fleire cavalierar som fylgte den cavalieren. Eg såg etter Holly og der såg eg ho begynde å springe oppover bakken. Tine gjekk oppover der for å sjå etter dei andre. Eg prøvde innkalling og Holly såg bort mot meg etterkvart, men ho ville heller følge etter Tine og dei andre cavalierane. Sidan eg ikkje visste kva som befant seg på andre sida begynte eg å småspringe, men der var heldigvis ikkje noko anna enn fjøre der. Holly og dei andre kom mot oss og eg prøvde innkalling igjen. Då kom Holly sakte, men sikkert:)

Mot slutten skulle vi ta fellesbilde og ho var laus då også. Mesteparten hadde tatt cavalierane sine i band no når vi skulle ta bilde. Medan vi venta på å stille opp til nye bilder kom det gåande ein mann og ein hund ca. 30 meter frå oss. Jauda, Holly såg so klart dette og sprang av gårde for å helse på hunden. Eg prøvde innkalling, men det gjekk ikkje, ingen kontakt. So dermed måtte eg gå bort. Eg hadde nettopp tenkt på å ha ho i band igjen, men vart litt for sein gitt. Mannen tok det med eit smil og sa det ikkje gjor noko. Det var bra tenkte eg. Eg er berre glad for at hunden ikkje var aggressiv av seg. Eg hadde heller ikkje hatt Holly laus om ho hadde vore aggressiv.

Fleire bilder kjem etterkvart, enten her eller på heimesida mi under Galleri 2009….

2 kommentarar

Filed under Hundetreff

Cavaliertreff 2 på Sluppen:)

I dag var eg og Holly på cavaliertreff igjen. Holly likte seg godt:) Denne gongen var det 7 cavalierar på treffet. 6 blenheim og ein tricolor. 

Det vart først litt helsing og leik.

Deretter trente vi på fot, sitt, stå. Det gjekk for det meste bra. Ho var litt opptatt av luktane på bakken ei lita stund.

Så vart det å trene på sitt og bli og bli og kom på plass. Holly var veldig flink i grunnen. Ho vart litt ukonsentrert og begynte å bevege seg av og til, men ho har aldri trent med so mykje forstyrrelsar før.

Vi trene deretter på innkalling. Holly vart haldt igjen medan eg gjekk eit stykke forann og sa Holly og hei Holly for å opprettholde kontakt og til slutt snudde meg og småropte Kom. Holly kom springane og ville ha godbit.

Etter innkallinga gjekk vi opp til fontena opp med eit bygg. Eg prøvde av og til å få Holly til å gå fot, men det var berre snakk om sekund før ho fann noko interessant og ville ikkje meir. På Holly la merke til fontena begynte ho å småknurre og småbjeffe, men halen logra. Var visst spennade med dinna fotena, kva i all verda er det for noko? Då vi kom opp ville Holly ut i vatnet eller rettare sagt drikke vatn. Ho var den einaste som for ut i. Det var visst vanskeleg å nå tak i vatnet utan å gå ut i det.

Det vart prøvd å ta eit samla bilde av alle, men det vart for mørkt:/

Eg fekk ei til å sjå litt på tenna og kjenne litt på ho slik ho blir meir vant til det. Ho er litt meir villig til vise tenna sine, men ho står ganske so samankrøka:/

Vi var so pass heldige at det var opplett heile treffet:), begynte å smådryppe heilt på slutten.

Kommenter innlegget

Filed under Hundetreff

Cavaliertreff på Sluppen:)

I dag vart det arrangert cavaliertreff på parkeringsplassen ved Sluppen Barnehage:) Eg tok bussen og kom dit til kl. 18. Holly var skikkeleg gira heile veien frå vi for heimafrå, trur ho legg merke til når eg er litt gira når vi skal ut. Vertfall, ho drog i bandet heilt frå busstoppet og opp til parkeringsplassen. Då vi kom dit vart vi møtt av 3 cavalierar:) Blenheimtispa Nos, blenheimhannen Theodor og tricolorhannen Theo. 

Vi snakka litt saman og kom fram til å ha litt ringtrening. Vi stilte oss opp i rekkefølga til alderen på cavalierane.

Theo står pent

Theo står pent

Då det var vår tur spurte eg litt om korleis Holly gjekk sidan eg det sto i kritikken frå utstillinga vi var på at ho treng å forbedre gangen sin. Holly gjekk visst kanskje litt vinglete med den eine foten, litt for langt ut med den. Det kan vere at ho veks seg av dette etterkvart sidan ho er ikkje så gamal, så vi får håpe det. Holly var ikkje spesiell villig til å stå pent når tenna skulle sjåast på, men ho tillot å sjå på tenna ei lita stund. Framover skal det kanskje arrangerast cavaliertreff kvar 14. dag, så eg får prøve å møte opp på treffa slik at folk kan kjike på tenna hennar:) 

 

Etter vi var ferdig med ringtreninga snakka vi litt og lot hundane snuse og småleike.

Theodor og Theo leikar

Theodor og Theo leikar saman

Holly fann ein pinne

Holly fann ein pinne

 

Vi prøvde litt lydigheit. Først snakka vi om innkalling og Theo fekk prøve det ut.

Theo klar for å kome på innkalling

Theo klar for innkalling

Vi vart så fortalt litt om grunnleggande konkurranselydigheit, så eg og Holly øvde litt på kommandoane på plass, sit og fot. Holly er ganske flink, men ho flyttar litt på seg når ho skal sitte heilt inn til foten min. Vi har ikkje trent så mykje på at ho skal vere heilt inn til foten, så vi får vel begynde å trene inn det. Eg har fått litt meir interesse for lydigheitstrening nå etter å ha sett eit par rally-lydigheitstreningar på YouTube, men det vert å vente litt med lydigheitstreninga tenke eg. Trur eg skal få sjå om vi skal fortsette med agilityen først. 

Vi kom fram til å gå ein tur i skogområdet. Vi gjekk forbi der det er ein froskedam og vidare inn i skogen. Holly og Theo kjempa seg fram, dei drog heile tida. Inn i mellom ville Theo leike, men Holly var heilt bestemt på å gå. Vi kom fram til Nidelva og Theo fekk så lyst til å bade, men det fekk han ikkje enda. Det kom også nokre padlarar forbi. Eit lite stykke fram var det drikkepause i elva for hundane. Så gjekk vi eit stykke vidare før vi snudde. Det var ein veldig fin tur:)

Fleire bilder kan sjåast her: (kjem snart)

Kommenter innlegget

Filed under Hundetreff