Category Archives: Husbygging

Endra bloggadresse

Eg har flytta bloggen min til: http://evrimmel.com 🙂

Kommenter innlegget

Filed under Hobbydill, Holly, Husbygging, Interiør, Matlaging, Mote

Funkishus med god stil og planløsning:)

Funkishus på Flisnes Allè som er til sals og som det er lagt ut bilder av på finn.no har omtrent den planløsninga og stilen eg vil ha på huset eg drømmar om! Det er litt rart. Det er litt småting eg ville ha hatt annleis (fargar og vindu +), men eg likte godt den stilen også.

Interiøret var også veldig fint. Det manglar dei små interiørdetaljane som gjer det meir heimkosleg, men det er slik med visningleiligheiter, pyntinga må tilpassast monge og dermed blir den veldig nøytral og enkel.

Her er nokre av bilda frå salsannonsa på finn.no:) :

Kjøkken og spisestue

Kjøkken og spisestue. Foto: salsannonsa på finn.no

Spisestove og stove

Spisestove og stove. Foto: salsannonsa på finn.no

Stove

Stove. Foto: salsannonsa på finn.no

Soverom

Soverom. Foto: salsannonsa på finn.no

Kommenter innlegget

Filed under Husbygging, Interiør

Trapp

Vi har planar om å bygge hus har eg begynt å planlegge for lenge sidan. Det blir ikkje bygging før vertfall 1-2 år, men det er so kjekt å tenke ut korleis huset skal bli:)

Ein ting eg har tenkt ein del på er kva slags trappeløp vi bør gå for. Det eg har lest er at det sikraste er 180 grader repotrapp. Dei fleste hustypane eg vurderar har det.

Derimot syns eg det er veldig stilig med rett trapp. Spesielt der det er open løsning og trappa blir ein del av rommet på ein måte.

I går fann eg bilde av ei 90 grade repotrapp og den likte eg veldig godt:

90 grader repotrapp. Foto: funnet ein plass i verdensvenen..

Foto: Henta frå verdensveven

Elles har eg tenkt på kva slags trappetrinn og gelender vi skal ha. Vi skal ha opne trinn med sikringslist. Når det gjeld gelender står det mellom glassvegg eller spilevegg i stål med returgelender i tre eller stål.

Fargen på trappa er eg litt usikker på. Kvit er vel det beste i forhold til at det er enkelt og ein blir kanskje ikkje so fort lei av den. Derimot syns eg svart er veldig stilig. Det må vel også takast med i betraktninga kva farge som passar til golvet. Golvfargen har eg ikkje bestemt meg for enda (det skal bli spennande).

Foto: tramont.no

Foto: tramont.no

Foto: tramont.no

Foto: tramont.no

Eg har også lyst å ha belysning nede ved trappetrinna. Om det blir kjem vel ann på korleis vi ligg ann økonomisk.

Kommenter innlegget

Filed under Husbygging

Husdrømmen min:)

Planen vår er å bygge eit hus, men først må økonomien vår vere sikra og vi må ha oss ei tomt. Økomonien er litt usikkert sidan eg ikkje har fått meg fast jobb enda og med tanke på at det kan kome permiteringar eller oppsigelsar sidan jobbmarknaden er som den i disse tider.

Å bygge funkishus blir ein god del dyrare enn eit klassisk hus. I tillegg er tomteprisen der vi skal bygge litt dyr og det er ikkje monge tomter som er ledige eller regulerte.

Eg har rekna ut kor mykje vi kjem til å bruke på å bygge hus, og det må kuttast ein god del plassar ut i frå kva vi kan ha av huslån når vi begge har fast jobb. Vi har litt studielån også, so vi må ta det med i reknestykket.

Jakta på det «perfekte» huset har eg holdt på med i eit par år no. Det er ikkje lett å finne eit med den planløysninga eg vil ha. Eg skal ha kjøkken/spisesplass og stove i open planløysning, soverom m/walkin closet, bad, vaskerom og vindfang (gang) i første etasje. Det virkar som dei fleste kataloghus har dette i andre etasje (gjerne utan soverommet), sjølv om der er da ein del som har det i første etasje.

Eg har sett på dei fleste ferdighusprodusent-katalogar og har funne eit par eg likar veldig godt (men litt forandringar må til da). Prisen for ferdighusa eg har funne er fortsatt litt for dyr når ein reknar med resten av byggekostane, men det skal sikkert gå med dei tre siste:

Lisbon hos Byggmann (men huset vart for dyrt)

Perspektiv hos Systemhus (huset vert sikkert for dyrt med forandring av husstørrelsen)

Pompal 213 hos Byggmann (må bytte om slik at planløsninga oppe blir nede og omvendt + litt andre forandringar)

Americano hos Nor-hus (ein del forandringar på planløsninga, men ikkje på husstørrelsen:))

Alm hos Block Watne (litt usikker på om eg får til rett planløsning på ditte)

Eg likar også eit par av husa hos Byggfag.

Eg er litt usikker på om eg vil ha flatt tak, likar best eit tak med litt takvinkel (slik som på Lisbon og Perspektiv). Det er sikkert greit med flatt tak også, men eg tenker på snø som kjem og om det kanskje ikkje vil vere so bra for taket (men det er no godt utprøvd so det burde vel gå bra). Ein må sikkert vere flink å måke taket når det kjem mykje snø.

Eg syns Ramp og http://www.tommie-wilhelmsen.no har veldig stilige fasader på husa dei lagar. Blir sikkert å hente litt inspirasjon derfrå:)

Kommenter innlegget

Filed under Husbygging

Brannvarsler med fint design

Brannvarsler Snap Alarm frå Produktsajten.se. Foto: prodkutsajten.se

Foto: prodkutsajten.se

Kom over eit blogginnlegg om brannvarslaren Snapalarm🙂

Fint design og ein treng ingen skrua. Den berre klikkast på ei ledning frå ein taklampe:)

Kommenter innlegget

Filed under Ønskelista, Husbygging, Interiør

Kjøpe tomt?

Oppdatering: Tomta vart alt for dyr for oss ja, ha komt eit bud på 1300000:/ Hrfm. Tomta var so stor at den kunne delast i to, men vi har ikkje råd til å ta sjansen på selge den andre delen til god nok pris.

Vi vurderar å kjøpe ei tomt, tenker litt på kva pris vi må ut med. Økonomien vår er ikkje heilt klar pga eg er arbeidsledig, dermed er det litt vanskeleg å vete kor mykje vi kan legge ut for ei tomt, men Vidar har økonomi nok til at vi får kjøpt ei tomt no og so kan vi bygge huset når økonomien er god. Vi kan gå ned litt på arealet på huset og evt. bittelitt på standarden viss vi må det for å få ei bra tomt. Prisen på tomtane i området vi tenker å busette oss på er ganske høge sidan det er lite tomter igjen. Det hadde vore kjekt om vi fekk oss ei bra tomt ja:) Eg vil ha ei flat mark, so dermed på vi nok plane ein del (Vidar får vel jobben med det,hehe).

Utsikta frå tomta (evt. 2.etasje)

Utsikta frå evt. 2 etasje

Kommenter innlegget

Filed under Husbygging