Category Archives: Jobb

Godt nytt år folkens:)

Rakkett

Då er året 2010 her. Håper det blir eit strålande år:)

Mitt ønske for året er å få ein fast jobb! og om det blir innan noko eg likar å jobbe med då er eg eigentleg meget fornøgd med året 2010:)

I år som i fjord åt eg og Vidar nyttårsmiddagen hos kvar vår familie. Utpå kvelden for eg og Solveig for å hente Vidar hos foreldra has. Foreldra til Vidar hadde besøk av sine foreldra og eine onkelen has Vidar. Resten av kvelden på nyttårafta feira eg at med Vidar og tvillingsytra mi Solveig:) heime hos meg og Vidar.

Holly kosa sej masse på nyttårsafta:) Rakettane brydde ho sej ikkje om når ho var ute, men inne var det litt boffing og småbjeffing når lydane kom, men ho var ikkje redd lydane:)

Vidar, meg og Holly

Vidar, meg og Holly

Ej og stjerneskuddet mitt:)

Ej og stjerneskuddet mitt:)

Solveig og stjerneskuddet hinna

Solveig og stjerneskuddet hinna

Kommenter innlegget

Filed under Jobb, Jula 2009, Kvardagen

Jobbe litt til

Det var visst litt meir jobbing ned på Terminalkiosken. Eg skal jobbe heile veka til og med søndag. I tillegg skal eg kanskje jobbe i 28-30, men håper igrunnen på fri da. Sidan eg ikkje har fått meg jobb er det igrunnen greit å jobbe då også da, tene litt peng når det er muleg.

Det har vore litt lite bloggingen den siste tida, men skal prøve å oppdatere litt oftare. Eg held på å lage til ny layout (design) til bloggen og nytt domene (nettadresse), dermed blir det kanskje litt lite blogging fram til eg får den bloggen i gong. Det tar litt å finne ut korleis eg vil ha den nye layouten, men er godt i gong vertfall:) Blir vel klar til nyåret eller forhåpentlegvis før!!:)

Kommenter innlegget

Filed under Jobb

Jobbe litt meir

Då fekk eg jobbe litt meir ned på terminalen. Jobbar der no man-ons og mulegens til og med helga:)

I dag hadde eg tidlegvakt og det var veldig lite folk innom kafèkiosken. Det var det også i går etter kl. 17.

Kommenter innlegget

Filed under Jobb

Telefonvakt og vaska huset til far

I dag var eg telefonvakt for far min. Det var igrunnen heilt greit. Det kom vel inn ca. 10 tlfsamtalar. I tillegg tørka eg støv, støvsugde og vaska golvet for far min.

Eg skal visst ta telefonar for far min i morga også og det blir vel å vere telefonvakt for han fram til eg får meg ein jobb.

Det var litt kjekt å gjere noko anna enn å sløve heime. Ikkje det at eg sløvar heile dagen, men er kjekt å kome seg ut av huset av og til:)

Kommenter innlegget

Filed under Jobb, Kvardagen

Jobbhelg

Eg har hatt jobbhelg og er steike sliten i kroppen no. I morga skal eg på jobb kl. 06.30 og eg skal jobbe tidleg/sein annakvar dag til og med fredag. Blir sliten av dette, men kjekt med litt pengar på kontoen:) Sidan eg skal besøke Solveig i Oslo snart kjem det godt med! Tenkar på å ta fly, men då må eg bestille billett snart. Eg har vurdert å kanskje reise til helga, men spørs om eg ventar til helga etter.

Kommenter innlegget

Filed under Jobb, Kvardagen

Slitsom dag på jobb

I dag var det 10 timers arbeidsdag på trafikkterminalen sidan det er søndag. I tillegg var eg ca. 1 time ekstra på jobb for å gjere alt klart før og etter jobb. Gjett om eg er sliten i kroppen. Det var omtrent noko å gjere heile tida, enten rydde eller betjene kundane. Eg fekk vel ca. 20 minutt pause tilsamen der eg åt og las litt aviser.

Eg skal heldigvis ikkje på jobb i morga sidan eg skal på kontroll med øyret mitt. Håper eg er kvitt ørebetennelsen.

Kommenter innlegget

Filed under Jobb, Kvardagen

Siste dag med sommarjobb

I dag var siste dag på jobb. Eg skal kanskje jobbe ei veke til om 9 daga, det kjem ann på om ho som er sjukmelde kjem tilbake på jobb.

Eg tok å unna meg ein liten hamburgermeny til middag etter jobb:) Det var godt! Hadde plana om å ete hamburger i helga, men det vart ikkje noko av, so eg hadde gleda meg til dinne!

Det har vore litt lite søvn eller rettare sagt rar døgnrytme på meg dei to siste vekane sida eg har av og til hatt seinvakt og tidlegvakt etter kvarandre. Dermed har eg sove litt på dag/kveldstid etter jobb for å innhente den lisje søvnen eg får om natta (4-5 tima). Eg kunne fått litt meir søvn da, men eg var ikkje so veldig flink til å legge meg når eg kom heim kl. 22. Då blei det mat, tv og surfing som stod på lista.

Kommenter innlegget

Filed under Jobb, Uncategorized