Category Archives: Leiligheita

Juleverksted saman med venninner:)

I kveld kom Elisabet, Anna og Ragnhild på juleverkstad hos meg litt over kl.20.  🙂 Vi kosa oss med julekortlaging, gløgg, pepperkake, Cola. Det vart også kjøpt kebabpizza kl. 00.30:) Vi kunne ikkje ete pizza før vi var ferdig å lage kort, det hadde vorte litt styr.

Elisabet og eine julekortet ho laga

Elisabet og eine julekortet ho laga

Ragnhild og Elisabet:)

Ragnhild og Elisabet:)

Holly vil leike

Holly vil leike

Juleverkstadrot

Juleverkstadrot

Anna laga innbunden hjerte-melkesjokoladøske

Anna laga innbunden hjerte-melkesjokoladøske

Anna tar ikkje ei einaste pause frå å binde inn øskane

Anna tar ikkje ei einaste pause frå å binde inn øskane

Ragnhild kosar seg med god salat med biff

Ragnhild kosar seg med god salat med biff

Elisabet kosar seg med pizza:)

Elisabet kosar seg med pizza:)

Kebabpizza:)

Kebabpizza:)

Eg har jobba heile helga, so det måtte litt rydding til i dag også. Det vart til at eg kom heim etter å ha gått i 20 minutt, begynte rett på rydding. Deretter køyrte eg til vik for å handle litt julegåve og sjå etter noko fineklede til meg sjølv. Eg vart litt forsinka sidan eg ikkje fylgte skikkeleg med på kva klokka er pga mangel på klokke m/batteri (mobilen er ikkje godt nok tilgjengeleg der den ligg i veska). I tillegg ville eg handle inn Pepperkake som vi kunne ha at med middagen og det var soklart kø på butikken.

Shopping: Første butikken eg for innom var P.F. Waage. Der hadde dei veldig mykje kjekt frå Eva Solo, Menu og Rosendahl. Det var vanskeleg å ikkje kjøpe noko. Eg har vel igrunnen tenkt på å kjøpe ei skål å ha salt i, men kanskje ikkje til so høg pris. Eg bestemte meg likevel for å berre kjøpe Twist saltskål frå Georg Jensen.

Twist saltskål av Georg Jensen

Foto: norwaydesigns.no

Rosendahl sitt kakefat og 4 asjettar i serien Grand Cru må eg tenke litt meir på om eg vil kjøpe. Eg har begynt so smått å tenke på å begynde å samle på eit servise, men det er ekstremt vanskeleg å bestemme seg for kva servise eg skal gå for. Eg likar igrunnen godt Rosendahl sin serie Grand Cru. Det meste i den serien er fint og det går ann å bruke det i kvardagen også.

Kommenter innlegget

Filed under Gjer det sjølv, Hobbydill, Interiør, Leiligheita, Shopping

Sofaplassen min

Sofaplassen min

Her tilbringe eg mesteparten av dagen heime, med pcen på fange. Eg har tatt fram pledde no, sidan eg vil ikkje fryse lengre. Vidar kan få viljen sin med litt lavare temperatur inne ei periode no. Han vil ha 22 grader, men eg vil vertfall ha 24 grader.

Pleddet er godt og varmt:) Pleddet fekk eg i gåve av foreldra mine for ein god del år sidan.

Kommenter innlegget

Filed under Interiør, Kvardagen, Leiligheita

Kvitt, kvitt, kvitt!!

Eg har so lyst på heilt kvite veggar i sokkelleiligheita vi leige!!:/ Før vi flytta inn vart veggane malte av huseigar og fargen er ein slag kaffe-farge (kvitbesje). Vinduane er ganske små og det kjem lite lys inn. Eg har veldig lyst på eit lysare rom. Føler alt er so mørkt. Sofaen og godstolen er svart og massiv og stovebordet er kirsebær/valnøtt-farga og stort. Alt blir so mørkt og massivt. Eg likar lyst og minimalistisk:)

Bildet er av stova vår. Her ser fargen litt lysare ut faktisk:

Stova vår

Stova vår

Eg har lenge ønska meg eit kvitt stovebord som er litt mindre enn det vi har og blir brukt som stovebord (ikkje spisebord). Vi må kanskje kjøpe to klappstolar slik vi kan ha middagsgjestar sidan vi har berre to kjøkkenstolar. So no tenker eg kanskje eg berre må begynde å sjå etter eit sofabord igjen?? Då blir rommet litt lysare, men blir vel kanskje litt rart med eit lite kvitt sofabord midt blandt alt det mørke, svarte og massive? Huff. Må i tenkeboksa igjen…

Planen var å ha eit spisebord og sofabord i same serien, men har i seinare tid komt fram til at det er kanskje ikkje heilt nødvendig. Uansett skal det kvite sofabordet etter komande husplanar bli på tv-stova på loftet saman med den svarte skinnsofaen sidan eg skal ha kvit sofa på hovudstova. Dermed kan vertfall det gå bra!!:)

Kommenter innlegget

Filed under Ønskelista, Interiør, Leiligheita

Alt muleg rommet vårt (hollyrom, gjesterom, kontor, syrom ++)

Alt muleg rommet

Alt muleg rommet

Her er då eit bilde av rommet. Syns rommet har stort potensiale for å bli eit fint rom. Sofaen og skrivebordet er kjøpt på Ikea. Det som er dumt er at eg får ikkje dei riktige fargane på interiøret sidan symaskintrekket er raud og sofaen blå. Eg er ikkje glad i dei fargane samen, men det fungerte vel heilt greit slik det er no. Kanskje eg kan prøve å bleike symaskintrekket? Kan det gå? Puffen som står der veit eg ikkje om skal bli ståande der eller om den skal inn på stova igjen, men trekket skal vertfall bleikast heilt kvitt eller so skal eg sy eit nytt trekk. Dei har puffane med kvitt trekk på Ikea, men eg veit ikkje om det er heilt kvitt trekket eller meir ein bruntone i det.

Elles so vil eg skifte ut kontorstolen med ein skinnstol, men eg har blitt litt glad i at det er farge på kontorstolen slik som den grønne vi har no, men då må raudfargen i rommet bort. Stolen piffar opp rommet litt:)

Eg skal også skaffe nokre oppbevaringsbokser til å ha under eller oppå skrivepulten.

Kommenter innlegget

Filed under Interiør, Leiligheita

Bilder av leiligheita vi bor i:)

Tenkte å legge ut nokre bilder av leiligheita vi bor i:)

Her er då delar av stova:

Ein del av stova

Ein del av stova. (Holly kosar seg i sofaen).

Eg begynner å bli litt lei den store massive godstolen til Vidar, men han vil ikkje bytte den ut, hehe. Stuebordet skal etterkvart byttast ut i eit kvitt bord m/stålbein som er ein del mindre enn bordet vi har no. Vi må derfor få spisebordet før den tid. Spotten kjøpte vi no nyst. Den heng ikkje heilt slik den skal, men det fungerar fint (er litt arbeid å fikse det).

Ein del av stova

Ein del av stova

Her er soverommet vårt:

Soverommet vårt

Soverommet vårt

Det er akkurat grei nok plass til senga og klesskapet. Vi skal henge opp eit bilde på veggen også, men eg har ikkje funne ut kva det skal vere bilde av enda. Blomster? Landskap? Holly? Eg klarer ikkje å bestemme meg. Og so er det andre spørsmålet om kor stort det skal vere og det tredje om det skal vere i fargar eller svart/kvitt….

Soveplassen hinna Holly:)

Soveplassen hinna Holly:)

Holly har soveplassen sin i enden av senga. Der var akkurat plass til madrassa hennar:) Den har brukt å låge nedafor sida hos meg i dei andre leiligheitane, men det vart ikkje plass til den no når vi har fått oss nattbord.

Nattbord

Nattbord

Nattbord er kjekt å ha:) Dei var ikkje so verst i pris, under 400 kr var det for eit, men det var ein god del arbeid i å montere dei ja! Tok ganske long tid. Lampane låner eg av tvillingsystra mi Solveig til ho har bruk for dei. Då må vi kjøpe oss nye.

Ute i vår hage

Hagen og sokkelleiligheita vår

Kommenter innlegget

Filed under Interiør, Leiligheita

Innflytting i leiligheita vi skal leie på Holstad:)

Først skulle flyttelasset frå Trondheim til Holstad. Vidar var der oppe og skulle ordne med å få det nedover. Han fekk hjelp av kompisar til å bere inn i flyttebilen og ein kompis var so snill og ville køyre flyttebilen nedover:) Der var ikkje stor nok leiebil til leie, so han hadde ein liten tilhenger som backup, men det viste seg at der ikkje var plass då heller:/ Dette fekk vi vete fredags kvelden.

Pappa nemte at eg og han kunne køyre oppover med storebilen (7 kubikks-bil). Vi kom fram til at det vart det beste alterantivet og vi køyrte oppover om natta, tok 23.30 ferja og var framme 06.30. Pappa køyrte frå Hareid til Sunndalsøra og eg frå Sunndalsøra til Tiller. Eg ville ikkje køyre inn i sentrum so pappa tok over den siste strekninga. Då vi kom fram fekk vi sove i 2 tima før Vidar og mora kom for å starte beringa av det som var igjen. Mora til Vidar skulle ha eksamen i Trondheim tidlegare i veka, so ho var igjen og hjalp til med flyttinga. Eg starta å vaske veggane og mora til Vidar hjalp til med å vaske gulv, tak og vindauge etterkvart.

Då vi kom fram på Holstad bar vi alt inn og satte på plass det viktigaste før vi for ut til familia til Vidar for å ete lasagne:) Vi fekk mykje hjelp til å bere av mamma, pappa og familia til Vidar og ein kompis av han.

I dag for eg til leiligheita kl. 11 og begynte å sette på plass ting. Kl. 15 skulle eg og Vidar heim til familia mi for å ete grillmat. Mormor, morfar, Onkel Steinar m/ ungane var på besøk i dag.

Det blir vel å prøve å få det meste på plass i løpet av natta. Eg har litt problem med å slutte før eg har alt på plass, hehe.

Kommenter innlegget

Filed under Leiligheita

Holly sin første dag aleine i nye-leiligheita

Holly har ikkje vore aleien i nye-leiligheita før no i dag.  Syns det vart litt for lenge å starte direkte på 7 timar, men det vart slik:(

Eg prøvde å finne ut kor det var best å plassere buret. Holly knurre-bjeffa til lydar som kjem utanfor vinudua, er litt skumle og ukjente lydar. So dermed tenkte eg det var best å plassere ho inn på badet med baddøra open sidan badet er mest skjerma for lydar. Eg gjekk ut og hadde igjen ytterdøra. Holly starta å bjeffe og pipe med ein gong. Eg venta til ho slutta og gjekk inn igjen. Kanskje det var best å la ho ligge i buret inn på soverommet. Eg prøvar det og går ut igjen. Forsatt den same hylinga og pipinga. Ein høyrar bjeffinga utanfrå også, men ikkje sånn veldig høgt.

På vei ut ringte eg Vidar for å høyre kva han syns eg skal gjere, eg må no på jobb, var allereie seint ute. Eg tenkte ei mulegheit var å fare heim i lunsjen å lufte ho, men klarte ikkje å finne ut om det var berre dumt å kome heim eit par minutt og so fare igjen. Vidar var på Fosen i dag, so han kunne ikkje ta med Holly på jobb i dag. Det passa ekstremt dårleg at han skulle på Fosen i dag syns eg. Dersom han er på Argon har han vertfall mulegheit til å ta med Holly. Eg hadde også planar om å ha på webkamera slik eg fekk sjå korleis Holly hadde det, men Vidar skulle vere om bord i båten, so då gjekk ikkje det heller:/ Huff.

Eg kom fram til at eg måtte berre gå no og so får eg vurdere sjølv i lunsjen om eg skulle fare heim ein tur.

Uff, har sånn vond følelse for at ho må vere aleine so lenge. Ho er no vandt til vere aleien, men ikkje i dinne leiligheita:/

Kommenter innlegget

Filed under Holly aleine heime, Leiligheita