Category Archives: Lydigheit

Godbitane til Holly

Godbitane til HollyGodbitane til Holly i eit fint glas (tidlegare fetaostglas)

Det tar litt tid å lage til godbitane. Vi har kjøpt gobitar for hundar som har allergi og godbitane finst berre i vanleg størrelse (meir som eit lite kjeks), ikkje spesielt for små hunderaser. Dermed må eg skjere bitane i 5-6 bitar for at eg skal kunne bruke dei til kvardags/lydigheitstrening. Holly likar gobitane vertfall, men spørs om dei er smakar godt når ho har fått dei ei stund.

Advertisements

Kommenter innlegget

Filed under Holly, Lydigheit

Har lyst å prøve å trene meir lydigheit, men…

Eg blir inspirert og får so lyst til å trene med Holly når eg ser video av cavalierar som driv på med forskjellege aktivitetar, men eg skulle gjerne hatt nokon å trene lydigheit og agility saman med i nærområdet her eg bor. Det burde også vore nokon som kan litt, slik eg blir litt motivert og får litt inspirasjon og veiledning. Når eg prøvar å trene lydigheit aleine med Holly blir det berre enkle øvelsar inne for det meste. Agility har eg ikkje fått trent sidan snøen har vore her heilt sidan vi flytta til Persaunet i desember.

Eg trur Holly er veldig flink til lære ting:), men det må vere når ho følar for det, hehe.  Ho lærar nye ting veldig fort om ho er innstilt på å gjere det. Spesielt lærar ho fort når ho får godbit som belønning. Problemet mitt er vel kanskje at ho blir kanskje litt for ukonsentrert om det skulle vere noko spennande i nærheita (mest folk/hundar/luktar, men også godbitar). Holly har for eksempel ikkje ville «rulla rundt» tidlegare, men so plutseleg gjer ho det når eg prøvar eit par mnd seinare:) Dette gjald også komandoen «stå».

Eg skal vertfall prøve å trene ein del bak i hagen her når snøen forsvinn (dersom vi fortsatt bor her då da), men eg har også ein hage heime på Hareid dersom vi skulle ende opp der:) Håper der er nokre som vil trene lydigheit og agility med oss når evt. flyttar tilbake til Hareid/Ulsteinvik!:) Det hadde vore gøy:)

Kommenter innlegget

Filed under Lydigheit