Category Archives: Matlaging

Endra bloggadresse

Eg har flytta bloggen min til: http://evrimmel.com 🙂

Advertisements

Kommenter innlegget

Filed under Hobbydill, Holly, Husbygging, Interiør, Matlaging, Mote

Risotto til middag

Risotto

Risotto

I dag laga eg risotto til middag:)
Risottoen tar ca. 20 minutt å lage klar, so er ein ganske grei middag å lage til.
På butikken hadde dei ikkje svinekjøttdeig, dermed vart det familiekjøttdeig istaden.

Ingredienser:
1 Fullkornsris Boil in Bag
1 Familiekjøttdeig (400 g)
Salt (1 krm)
Peppar (1 krm)
Blå drue (ca. ein neve)
Mais (nesten ei boks)
Fersk annanas ( ca. 1/2 liten)

Skjer opp annanas og drue medan du ventar på at vatnet til risen kokar opp.
Steik kjøttdeiga medan risen kokar.
Ha alle ingrediensane oppi ei skål eller form av eit slag.

Eg brukte rømme til, sidan eg syns det gjer det mindre tørt og i tillegg gir det ein ekstra god smak:)
Dersom måltiden skal halde til 3 personar trur eg det er nok å berre tilsette ein boil in bag rispose til og litt meir drue og annanas:)

Kjøkkenbord-hjørnet vårt

Kjøkkenbord-hjørnet vårt (dårleg bilde pga lite lys)

Kommenter innlegget

Filed under Matlaging

Middag og filmkveld at me venninner:)

tacokos

Tacokos:) Ida, Ragnhild, Elisabet og Anna

I kveld kom Ida, Anna, Ragnhild og Elisabet på besøk:) Eg inviterte dei hit på middag og film.

Vi plana over facebook. Det fungerar so mykje bedre enn å sende sms fram og tilbake mellom oss.

Til middag laga vi taco. Den besto av tortillas, kjøttdeig m/tacokrydder, isbergsalat,  kvitost, mais, annanas, party dressing eller rømme og tacosaus.

Vi såg filmen I Love You Man.

I Love You Man

Foto: filmweb.no

Alle var veldig fornøyd med filmvalget. Det var ei god komedie 🙂

Filmen handlar om Peter Klaven (Paul Rudd) som er ein en vellykka ung eiendomsmeglar frå L.A.. Då han frir til kjæreste sin, Zooey Rice (Rashida Jones), innser han at han ikkje har nokon nære kompisar å dele den gode nyheita med, han har ingen mannlege vennar. Han begynner dermed å søke etter ein mannleg venn som kan vere forlovar i bryllupet hans.

Kommenter innlegget

Filed under Film, Kvardagen, Matlaging

Heimelaga pizza, brownies og film

I dag laga eg heimelaga pizza. Foreldra mine kom på middagsbesøk kl.17 🙂 Det var far min som spurte om eg kunne tenke meg å laga pizza.

Seinare på kvelden rundt kl.23 åt eg og Vidar brownies 🙂 Det er veldig godt, men dinne gongen vart den litt for lite steikt (for rennande sidan vi ikkje ville vente lengre) so dermed vart det litt vel kvalmandes.

Vi såg filmen Pans Labyrint.

Pans labyrint

Foto: filmweb.no

Filmen er ein eventyrthriller som handlara om 12 år gamle Ofelia som alltid har vore glad i eventyr. Plutselig lever hun midt inne i eit sjølv. Det foregår i Spania og fascistane er i ferd med å sette inn nådestøtet. Medan mora er syk i barsel og den nye stefaren er opptatt med å slakte lokalbefolkningen, finner Ofelia ut at ho er tronarving til eit paradisisk rike under jorda. Men det er ikke bare å kreve sin fødselsrett, ho må utføre tre oppgåve før fullmåne.

Eg syns den var bra. Vidar var for trøtt so han sovna ganske tideleg i filmen.

Kommenter innlegget

Filed under Film, Kvardagen, Matlaging

Indisk gryte Tikka Masala til middag

God gryte:)

Foto: toro.no

I dag hadde vi Indisk gryte Tikka Masala frå Toro til middag. Eg syns den gryta var veldig god og Vidar likte den også!:) Den hadde godt med smak.

Følg oppskrifta på baksida av gryteposen.

Eg brukte kylling og fløte dinne gongen. Eg vil tru det er bedre med kylling enn svinekjøtt, men det må vel kanskje testast ut ein gong i framtida. Sidan eg ikkje er so glad i kokos brukte eg fløte.

Eg serverte kokt fullkornsris til. For å få litt meir mat ut av måltiden kan ein også ha skive til. Vi vart passe mette av ein pakke kyllingstrimlar (400 g), ein pose Indisk gryte og ein boil in bag fullkornsris. Kanskje vi skulle hatt litt meir ris sidan det vart ganske mykje «saus» i gryta i forhold til ris.

Kommenter innlegget

Filed under Matlaging

Fajitas til middag

I dag hadde vi fajitas til middag igjen. Det går ei stund mellom kvar gong sidan Vidar ikkje er so glad i kylling, men eg trur at han syns fajitas er heilt greit og kanskje litt godt.

Eg har begynt å bruke vanleg løk istaden for rødløk sidan Vidar likar den bedre. Dinne gongen brukte eg ruccolosalat istaden for isbergsalat. Det gjer smaken litt annleis.

Bilde frå forrige fajiitasmiddagen vår:) :

Fajitas

Ingredienser:

Tortillas

Kyllingkjøttdeig

Fajitaskrydder

Isbergsalat eller ruccolosalat

Paprika

Rødløk

Rømme

Steik kyllingkjøttdeiga. Følg bruksanvisninga bak på fajitaskrydder-pakken. Skjer salat, paprika og rødløk i strimlar og legg i kvar si skål. Varm tortillasane i mikroen. Server:)

Det held akkurat med ein pakke kyllingkjøttdeig for to personar (4-5 tortillas tilsamen)

Det er godt med rømme på, men det er ikkje nødvendig å ha det på. Mais er også godt å ha på. For å piffe opp måltiden og gjere det litt utenom det heilt vanlege kan ein bruke ruccolosalat istaden for vanleg salat:)

Kommenter innlegget

Filed under Matlaging

Baguett, kokt egg og bacon til frukost/middag

Eg plana å ha ein god frukost saman med Vidar, men sidan eg sto opp ganske so seint vart frukosten middag istaden.

Det er veldig godt med baguett i skiver, egg og bacon. Eg syns det passar best som frukost eller ein god kvelds sidan det ikkje er so veldig mettandes (blir fort svolten igjen).

Kommenter innlegget

Filed under Kvardagen, Matlaging