Category Archives: Mote

Endra bloggadresse

Eg har flytta bloggen min til: http://evrimmel.com 🙂

Kommenter innlegget

Filed under Hobbydill, Holly, Husbygging, Interiør, Matlaging, Mote

Bestilt abonnement hos Bo Bedre og Costume:)

Før jul bestilte eg meg abonnement hos Costume og Bo Bedre:) Gledar meg til å få blada i posten:)

I mellomtida får eg nøye meg med å lese på nettsida deira.

Kommenter innlegget

Filed under Interiør, Mote

Sykkelhjelm

Yakkay sykkelhjelm med coveret Tokyo pinstripe

Foto: yakkay.com

Ein sykkelhjelm frå Yakkay kan eg godt tenke meg til våren. Ein får tilpassa sykkelhjelmet etter sin eigen klesstil og den blir som ein klestilbehør når ein er ute på sykkeltur.

 

Kommenter innlegget

Filed under Mote

Outfit

Outfit 29.11.09 Outfit 29.11.09

Pologenser: B-Young

Tunikavest: B-Young

Leggins: H&M

Skjerf: Neste Stopp

Hue: Accent

Vintersko: Økonomisko

Kommenter innlegget

Filed under Dagens outfit, Mote

Trondheim dagbok

Det kjem fleire bilder når eg får lasta over bildane frå mobilen min…

Den korte versjonen-> Køyring, kortlading, bading, ete, shopping og bursdagsfest

Den lengre versjonen:

Fredag: Vidar og eg køyrte til Trondheim. Først leverte eg Holly hos foreldra til Vidar. På veien til Trondheim stoppa vi for å kjøpe ostepølse meny:) og bollar med sjokoladebitar:) Vi fylte også på Statoilkoppane våre. Far min overraska meg med ein kopp før vi for. Kjekt det:) Vi tok 15-ferja frå Hareid og kom til Trondheim 21.20. Petter, han vi skulle overnatte med bur litt før sentrum. Då vi kom fram var han ikkje heime so Vidar foreslo at vi skulle stikke på Ikea ein tur. Det ville eg so klart:) Eg hadde igrunnen planlagt ein tur dit i morga, men sidan det vart so mykje som skulle gjerast i morga hadde eg droppa den planen. So då fekk eg kjøpt dinna plastikknettholdaren likevel.

Hos Petter fekk vi god Pizza Orginale:) Trur det var med kjøttbollar og chili av eit slag. Det var veldig godt med kvitløksdressing på. Det var av merket Stabburet huskar eg rett og smakte det same som den ein får på pizzarestaurantar:)

Resten av kvelden laga eg til bursdagskortet til Eva, medan Vidar og Petter såg på Seinkveld og eit anna humorprogram. Eg måtte soklart titte litt fram når Seinkveldduellen kom da. Dessverre gløymte eg å ta bilde av bursdagskortet eg laga, men eg kan legge ut eit bilde av det fine kortet eg vart inspirert av! Håper ikkje Anita som har laga kortet har noko i mot det. Ho lagar veldig fine ting og det er veldig lett å bli inspirert. Sjekk ut hobbybloggen hinna:) Her er kortet hinna eg henta inspirasjon frå dinne gongen:

Fine kortet eg fekk inspirasjon av

Det vart kanskje ikkje dei største forandringane på kortet eg laga dinne gongen, men fargane og stilen vart da litt annleis:) Mitt vart litt meir amatørmessig også, hehe. Blått kopiark utanpå med store rundingar og lysegrønt scrappingark inni. Musa teikna eg på eit kvitt teikenarg. Ho vart teikna med store auge med augevippe og eg laga til ein lapp med skrift i musa sine hende. Sløyfa var kvit og grøn med rundingar. I tillegg var nokre pyntedetaljar ikkje med eller bytta ut.

Laurdag: Eg, Solveig, Nina og Rita for på Pirbadet rundt 12.30. Før det var det litt småtitting i butikkane på Torget sidan eg gjekk inn der på veien (det regna ute) bort til Solveig som overnatta hos Nina. Eg enda opp med å kjøpe meg eit svart smykke på Accent.

Smykke

Smykke eg kjøpte

På Pirbadet var det litt kø, men det gjekk forholdsvis fort. Vi var alle bestemt på å halde oss til det varme vatnet, so vi for først i Helsebassenget og deretter Velværebassenget. I tillegg sat vi litt i dampbadstu og vanleg badstu. Det var opptatt i boblebada heile tida:/

Etterpå for eg, Rita og Solveig på Egon og bestilte oss Kylling BLT Sandwitch 🙂 Det er so godt!!

Eg og Rita:)

Eg og Rita:)

Vi rakk desseverre ikkje å kose oss med ein kopp varm sjokolade før Rita skulle fare. Eg og Solveig skulle også rekke å kjøpe gåve til Eva som vi skulle på bursdagsfest hos seinare på kvelden. I tillegg ville vi begge sjå etter sko.

Eg fann meg eit støvlettpar på DNA på Trondheim Torg og håper dei passar. Dei gjor det vertfall då eg prøvde dei på. Der er litt for mykje nagledill-rader på, so eg skal kanskje ta av to av radane. Det er veldig IN med naglar på klede no, men for meg blir det kanskje litt for voldtsomt med so mykje av det. For å fjerne to av nagleradane må eg først ha ei nål som kan sy i skinnet, so får sjå om det kjem til å skje, hehe. Bildet vart ikkje so bra, men får duge inntil vidare:) :

Støvlettane

På leiten etter gåve til Eva fann eg meg hue og skjal og det var det Eva fekk også i gåve:) Det er alltid kjekt å få skjal og hue tenkte eg og Solveig. Kan aldri få nok av det….Hua kjøpte eg på ein veskebutikk eg gløymer namnet på heile tida (heiter Accent), skjaldet er kjøpt på Acessories:

Ny hue og skjald

Holly ville ha oppmerksomheit so ho fekk bli med på bilde, men det var vanskeleg å få ho til å sjå mot kameraet, hehe.

Vi tok bussen til Eva og kom dit til kl 19.30. Det var kjekt å sjå Trondheimsfolket igjen:) Eva diska opp med pølse m/brød ut på kvelden og det vart likt svært godt av alle. Eg orka dessverre ikkje å ete noko sidan eg var fortsatt mett etter middagen og drikka eg drakk. Kvelden gjekk og alle kosa seg. Det vart mykje prat og dans på golvet. Det er so kjekt når det folk vil danse på festa syns eg sidan eg likar so godt å danse. Solveig og Nina for innover til byen rundt 24 sidan dei skulle ut på byen. Eg ville bli hos Eva sidan eg er so sjeldan i Trondheim.

Eg fekk meg skyss heimover til dit Vidar skulle overnatte, men sidan eg ikkje fekk tak Vidar var det ikkje til stor hjelp. Dermed vart det til å overnatte hos Eva likevel, men det er da kjekt det. Vi kosa oss med pølse til nattmat. Dei har gjesterom so eg sov godt på ei ganske stor seng. Kl. 04. fekk eg mld frå Vidar om at dei hadde såte ute i badestamp, so han kunne ikkje ta med mobilen dit ut, derfor fekk eg ikkje tak i han.

Søndag: Vidar ringte kl. 12.30 og det var vel på tide å stå opp. Til frukost vart det pølse m/brød og potetgull 🙂 Sidan bussen går so sjeldan vart det til at eg blei hos Eva til eg og Vidar skulle reise heimover. Vidar kom å henta meg kl. 17 og vi rakk dermed 23-ferja frå Sula. På veien kjøpte eg ein sånn smørbrødpakke m/ 4 skiver. Det var ikkje spesielt godt, men mat må ein ha dagen derpå. Eg kjøpte også 3 bollar med sjokoladebollar og vi fylte på Statoilkoppane.

Før vi for heim henta vi Holly hos foreldra til Vidar. Ho hadde berre vore snill og grei dinne helga:) Dei hadde hatt to uhell da, hehe. 1. Gløymte å ha av tispetrusa (ho har løpetid) eine gongen Holly skulle på do, hehe. Det er ikkje alltid like lett å legge merke til at ho har på tispetruse. 2. Det datt masse sylte på gulvet og Holly var so klart der med ein gong og slikka i seg. Dermed vart øyrane fulle av sylte! Det førte til ei litt stor floke og mesteparten måtte eg berre klippe vekk, men det er ikkje so farleg sidan ho ikkje skal stillast ut.

For å få Holly til å ete maten sin tok dei Holly sin mat oppi Fluffy (hunden deira) si matskål sidan ho alltid vil bort å ete maten hinna, men dei klarte berre å lure ho i starten.

Kommenter innlegget

Filed under Bursdag, Hobbydill, Holly, Kvardagen, Mote, Tur

Shopping i vik

I dag vart det «litt» shopping i vik igjen. Bilder kjem:)

Eg var på jobbintervju og etterpå skulle eg levere nokre støvlettar til reperasjon hos Bianco.

Før eg for bort på Bianco stakk eg innom B-Young og vart visst verande der ei stund, hehe. Eg prøvde litt forskjelleg og fekk god service av butikkekspeditør. Det er kjekt å kome tidleg på dagen når nesten alle andre er på jobb for då får ein gjerne ekstra god service sidan det er so få i butikken. Eg prøvde litt forskjelleg og ente med å kjøpe ein long grå vest?, ein lilla pologenser til å ha innapå og to svarte tunika?.

Eg for innom eit par butikkar på kjøpesenter også før eg kom meg opp i 2. etasje der Bianco er. Dermed vart det kjøpt to bøker som var på tilbod:

Pasta-bok og Skriv en hilsen-bok

På Bianco råda ekspeditøren meg å heller kjøpe nye støvlettar enn å fikse hælen sidan støvlettane var litt slitt. Eg ville gjerne ha nokre i same stil, men den som har erstatta støvlett-versjonen eg har passa ikkje på foten min. Det gjor heller ikkje so monge andre støvlettar, men eg enda likevel med å kjøpe støvlettane Katrina:

Foto: bianco.com

Foto: bianco.com

Det var ikkje heilt etter planen å kjøpe utan vanleg hæl…..Disse har visst ganske lik stil som vinterstøvlettane eg kjøpte i august…

Eg såg ei veske eg likte og kjøpte den også. Der var ikkje mobillomme so då må eg sy på ei sjølv, men vil tru at det ikkje vil skje med det første kjennar eg meg rett, hehe. Eg skal også fjerne ein liten dusk av snorer som er på veska, har ikkje heilt forstått at det skal vere so fint og In. Syns ikkje bildet var noko godt bilde av veska:

Foto: bianco.com

Foto: bianco.com

Neste butikk ut var Best Fashion (Vero Moda). Der fann eg meg ei lilla strømpebukse, ein lilla genser og ein blå/kvit stripa genser. Det var på tide å fornye gensergarderoba mi.

Eg for også innom ein Parfymeriet for å sjå på veske, men hadde allereide kjøpt ei so det vart ikkje kjøpt noko der.

Sidan det er jul om ikkje so lenge, for eg innom ein butikk for å sjå på klokke. Eg har lyst på ei som er litt meir femenin. Der var tre stk eg likte sann passe, so får sjå om eg ønskar meg ei av dei til jul.

Eg tok turen innom Prinsess før eg skulle bort på Amfi. Då eg gjekk ut såg eg far min parkere. Eg gjekk for å sei hei og det endte med ein tur på kafe:) Det var godt med Moccakaffi og rundtstykke m/ reke.

På Amfi var eg innom ein del butikkar. Eg klarte å la vere å kjøpe noko på dei fleste butikkane, men på Savoy vart det kjøpt eit lilla belte:)

Det vart kjøpt ein del lilla i dag for å få litt meir farge i klesgarderoba mi. Sidan det er so In med lilla passar det bra:)

Kommenter innlegget

Filed under Mote, Shopping

Shopping i Ålesund

Ja, då vart det enda ein tur til Ålesund. Eg skulle på intervjumøte hos Adecco kl. 11 og dermed vart det litt shopping før eg tok turen heim. Bilder kjem over helga:)

Eg leitte etter pumps, skolettar og støvlettar, men fann ikkje nokon eg likte veldig godt. Der var eit par pumps eg likte sann passe og dei har eg sett på før. I tillegg såg eg på nokre støvlettar. Det kan hende eg kjøpar dei når eg skal til vik ein tur.

Elles so for eg på Only, Vero Moda, Lene V og H&M Impulse.

På Lene V var der ein litt kul kjole i lilla, men sidan den kosta 699 syns eg ikkje den vart verdt det.

På Vero Moda fann eg meg ei mørkeblå bukse, ei svart longskjorte, ei kvit skjorte med korte armar og eit armband i sølv. Bilder kjem etterkvart:)! .

Svart longskjorte frå Vero Moda

Svart longskjorte frå Vero Moda

På H&M var der ein kjole med skjortelook. Den likte eg både i svart og grått, men valgte den i grått til slutt sidan den var passa bedre i jobbsamanheng. Eg kjøpte også eit svart skjørt m/belte som ein har opp mot livet. På eine veggen fann eg hanskar utan fingrar, berre med tommel (huskar ikkje kva det blir kalla). Hanskane var strikka med litt mønsterstrikk fremst, men det var ikkje so framtredane og dermed valgte eg å kjøpte dei i lilla. Prisen var 49.90 for eit hanskepar. Dei svarte og gråe var også fine, men eg kunne ikkje kjøpe alle tre fargane, hehe.

Hanskar uten "fingrar" frå H&M

Hanskar utan fingrar frå H&M

Då eg var på IH&M fekk eg plutseleg ein slags strekk i ryggen. Det var låkt dersom eg bevegde litt på ryggen 😦 Og det gjer det fortsatt, men no gjer det låkt om eg ikkje har krumma rygg.

Eg for innom ein butikk og kjøpte med meg ein fleirkornsbaguett og ei Tropisk juice slik eg hadde noko å ete på båten heim. Hadde berre ete eit eple til frukost. Når eg shoppar blir mat ikkje so viktig, hehe.

So no skal eg sove litt før eg lagar graut til middag. Gler meg til graut 🙂 Eg har hatt lyst på graut i vertfall 1 veke no!  Graut med kanel – og sukkerblanding, rosiner og mår. Nam 🙂

Kommenter innlegget

Filed under Matlaging, Mote, Shopping