Category Archives: PC

Fått macbooken og teiknebrettet:)

I går fekk eg macbooken og i dag fekk eg teiknebrettet. Eg syns det fungerar greit å bruke macbooken. Der er fortsatt eit par ting eg ikkje har funnet hurtigtastar for, men eg reknar med at det fins, må berre finne informasjonen om det først. Teiknebrettet var ganske så stort. Eg trudde det var mindre, men det er wide, så vart vell litt større då kanskje? Det virkar vertfall som eit bra teiknebrett, trur eg skal teste det ut i helga sidan eg ikkje har fått installert photoshop på macbooken enda.

Advertisements

Kommenter innlegget

Filed under PC

Bestilt meg Macbook og teiknebrett:)

I dag tok eg steget å bestilte meg Macbook og teiknebrett (Wacom Intuos3 A5 Wide Special Edition) hos Applestore. Måtte vente slik at eg var komt til Trondheim igjen når eg får pakken. Men eg får ikkje den før rundt 20.august :(, litt småirritert. Eg har også bestilt meg bæreveske til å ha mac-en i (svart med grønn farge inni) og iLap slik at eg kan ha den på fanget utan at det blir så varmt. Disse får eg rundt den 25. august. Det eg også var usikker på når eg tenkte å kjøpe Macbook var at den har glossy skjerm og det passar eigentleg ikkje så godt til bildebehandling. I tillegg var det at kanten nede oppå Macbooken er ganske skarp, men eg håper eg blir vant til det :/

Macbook konfigurasjonen eg kjøpte: 2,4 GHz, 4 GB ram, 260 GB harddisk + fjernkontroll  

Teiknebrettet eg kjøpte:

Wacom Intuos3 A5 Special Edition, bilde henta frå Wacom sin side

Bildet er henta frå Wacom sin webside

No føle eg meg ganske blakk, hehe, men det er no noko som blir brukt ei god stund da. Det blir ikkje så dyrt over tid. No har eg hatt min bærebare Acer i 3 år, så då er det vel på tide å kjøpe seg ny bærbar

Kommenter innlegget

Filed under PC