Category Archives: Shopping

Juleverksted saman med venninner:)

I kveld kom Elisabet, Anna og Ragnhild på juleverkstad hos meg litt over kl.20.  🙂 Vi kosa oss med julekortlaging, gløgg, pepperkake, Cola. Det vart også kjøpt kebabpizza kl. 00.30:) Vi kunne ikkje ete pizza før vi var ferdig å lage kort, det hadde vorte litt styr.

Elisabet og eine julekortet ho laga

Elisabet og eine julekortet ho laga

Ragnhild og Elisabet:)

Ragnhild og Elisabet:)

Holly vil leike

Holly vil leike

Juleverkstadrot

Juleverkstadrot

Anna laga innbunden hjerte-melkesjokoladøske

Anna laga innbunden hjerte-melkesjokoladøske

Anna tar ikkje ei einaste pause frå å binde inn øskane

Anna tar ikkje ei einaste pause frå å binde inn øskane

Ragnhild kosar seg med god salat med biff

Ragnhild kosar seg med god salat med biff

Elisabet kosar seg med pizza:)

Elisabet kosar seg med pizza:)

Kebabpizza:)

Kebabpizza:)

Eg har jobba heile helga, so det måtte litt rydding til i dag også. Det vart til at eg kom heim etter å ha gått i 20 minutt, begynte rett på rydding. Deretter køyrte eg til vik for å handle litt julegåve og sjå etter noko fineklede til meg sjølv. Eg vart litt forsinka sidan eg ikkje fylgte skikkeleg med på kva klokka er pga mangel på klokke m/batteri (mobilen er ikkje godt nok tilgjengeleg der den ligg i veska). I tillegg ville eg handle inn Pepperkake som vi kunne ha at med middagen og det var soklart kø på butikken.

Shopping: Første butikken eg for innom var P.F. Waage. Der hadde dei veldig mykje kjekt frå Eva Solo, Menu og Rosendahl. Det var vanskeleg å ikkje kjøpe noko. Eg har vel igrunnen tenkt på å kjøpe ei skål å ha salt i, men kanskje ikkje til so høg pris. Eg bestemte meg likevel for å berre kjøpe Twist saltskål frå Georg Jensen.

Twist saltskål av Georg Jensen

Foto: norwaydesigns.no

Rosendahl sitt kakefat og 4 asjettar i serien Grand Cru må eg tenke litt meir på om eg vil kjøpe. Eg har begynt so smått å tenke på å begynde å samle på eit servise, men det er ekstremt vanskeleg å bestemme seg for kva servise eg skal gå for. Eg likar igrunnen godt Rosendahl sin serie Grand Cru. Det meste i den serien er fint og det går ann å bruke det i kvardagen også.

Advertisements

Kommenter innlegget

Filed under Gjer det sjølv, Hobbydill, Interiør, Leiligheita, Shopping

Gåvetips

Gåve

Kom over nettsida Gave-Tips.no. Som det står på nettsida finn du eit godt og variert utvalg av gåvetips til alle anledningar.

Kommenter innlegget

Filed under Bursdag, Shopping

Bestilt oss iRobot Roomba 563 Pet Series:)

iRobot Roomba 563 Pet Series

Vi har endeleg bestilt oss robotstøvsugar:)

Vi bestilte den hos Din Robot.

Det har komt ein spesialtilpassa for dyreeigarar, so blir spennande å sjå om den fungerar bra. Får den vel til helga vil eg tru, men då er vi bortreist, so får ikkje prøvd den før til over helga:/

Kommenter innlegget

Filed under Kvardagen, Shopping

Blå lys:)

Blå lys

No har eg endeleg kjøpt meg blå lys:) Då manglar berre den blå puta…

Kommenter innlegget

Filed under Interiør, Shopping

Shopping i vik

I dag vart det «litt» shopping i vik igjen. Bilder kjem:)

Eg var på jobbintervju og etterpå skulle eg levere nokre støvlettar til reperasjon hos Bianco.

Før eg for bort på Bianco stakk eg innom B-Young og vart visst verande der ei stund, hehe. Eg prøvde litt forskjelleg og fekk god service av butikkekspeditør. Det er kjekt å kome tidleg på dagen når nesten alle andre er på jobb for då får ein gjerne ekstra god service sidan det er so få i butikken. Eg prøvde litt forskjelleg og ente med å kjøpe ein long grå vest?, ein lilla pologenser til å ha innapå og to svarte tunika?.

Eg for innom eit par butikkar på kjøpesenter også før eg kom meg opp i 2. etasje der Bianco er. Dermed vart det kjøpt to bøker som var på tilbod:

Pasta-bok og Skriv en hilsen-bok

På Bianco råda ekspeditøren meg å heller kjøpe nye støvlettar enn å fikse hælen sidan støvlettane var litt slitt. Eg ville gjerne ha nokre i same stil, men den som har erstatta støvlett-versjonen eg har passa ikkje på foten min. Det gjor heller ikkje so monge andre støvlettar, men eg enda likevel med å kjøpe støvlettane Katrina:

Foto: bianco.com

Foto: bianco.com

Det var ikkje heilt etter planen å kjøpe utan vanleg hæl…..Disse har visst ganske lik stil som vinterstøvlettane eg kjøpte i august…

Eg såg ei veske eg likte og kjøpte den også. Der var ikkje mobillomme so då må eg sy på ei sjølv, men vil tru at det ikkje vil skje med det første kjennar eg meg rett, hehe. Eg skal også fjerne ein liten dusk av snorer som er på veska, har ikkje heilt forstått at det skal vere so fint og In. Syns ikkje bildet var noko godt bilde av veska:

Foto: bianco.com

Foto: bianco.com

Neste butikk ut var Best Fashion (Vero Moda). Der fann eg meg ei lilla strømpebukse, ein lilla genser og ein blå/kvit stripa genser. Det var på tide å fornye gensergarderoba mi.

Eg for også innom ein Parfymeriet for å sjå på veske, men hadde allereide kjøpt ei so det vart ikkje kjøpt noko der.

Sidan det er jul om ikkje so lenge, for eg innom ein butikk for å sjå på klokke. Eg har lyst på ei som er litt meir femenin. Der var tre stk eg likte sann passe, so får sjå om eg ønskar meg ei av dei til jul.

Eg tok turen innom Prinsess før eg skulle bort på Amfi. Då eg gjekk ut såg eg far min parkere. Eg gjekk for å sei hei og det endte med ein tur på kafe:) Det var godt med Moccakaffi og rundtstykke m/ reke.

På Amfi var eg innom ein del butikkar. Eg klarte å la vere å kjøpe noko på dei fleste butikkane, men på Savoy vart det kjøpt eit lilla belte:)

Det vart kjøpt ein del lilla i dag for å få litt meir farge i klesgarderoba mi. Sidan det er so In med lilla passar det bra:)

Kommenter innlegget

Filed under Mote, Shopping

Serviettar

Serviettar

Eg har vorte litt hekta på å kjøpe serviettar. Tidlegare hadde eg ikkje det omtrent og no har eg 5 forskjellege som er kjøpt dei siste månadane. Kvar gong eg er på butikken går eg fordi servietthylla og der er alltid ein eller to serviettapakkar eg har lyst på. Det trengst liksom forskjellege motiv til forskjellege anledningar og interiør. Eg lurar på kor monge serviettpakkar eg endar opp med til slutt. Ikkje har eg spesielt bruk for serviettar heller.

Kommenter innlegget

Filed under Kvardagen, Shopping

Møbelbutikken Furniturebox

Furniturebox virkar som dei har veldig gode prisar på stilige designmøblar:) Det kostar sikker litt å få varane frakta til Norge men…

Har ikkje sett etter kva erfaring folk har med dinne butikken enda…

Kommenter innlegget

Filed under Interiør, Shopping