Category Archives: Tur

Trondheim dagbok

Det kjem fleire bilder når eg får lasta over bildane frå mobilen min…

Den korte versjonen-> Køyring, kortlading, bading, ete, shopping og bursdagsfest

Den lengre versjonen:

Fredag: Vidar og eg køyrte til Trondheim. Først leverte eg Holly hos foreldra til Vidar. På veien til Trondheim stoppa vi for å kjøpe ostepølse meny:) og bollar med sjokoladebitar:) Vi fylte også på Statoilkoppane våre. Far min overraska meg med ein kopp før vi for. Kjekt det:) Vi tok 15-ferja frå Hareid og kom til Trondheim 21.20. Petter, han vi skulle overnatte med bur litt før sentrum. Då vi kom fram var han ikkje heime so Vidar foreslo at vi skulle stikke på Ikea ein tur. Det ville eg so klart:) Eg hadde igrunnen planlagt ein tur dit i morga, men sidan det vart so mykje som skulle gjerast i morga hadde eg droppa den planen. So då fekk eg kjøpt dinna plastikknettholdaren likevel.

Hos Petter fekk vi god Pizza Orginale:) Trur det var med kjøttbollar og chili av eit slag. Det var veldig godt med kvitløksdressing på. Det var av merket Stabburet huskar eg rett og smakte det same som den ein får på pizzarestaurantar:)

Resten av kvelden laga eg til bursdagskortet til Eva, medan Vidar og Petter såg på Seinkveld og eit anna humorprogram. Eg måtte soklart titte litt fram når Seinkveldduellen kom da. Dessverre gløymte eg å ta bilde av bursdagskortet eg laga, men eg kan legge ut eit bilde av det fine kortet eg vart inspirert av! Håper ikkje Anita som har laga kortet har noko i mot det. Ho lagar veldig fine ting og det er veldig lett å bli inspirert. Sjekk ut hobbybloggen hinna:) Her er kortet hinna eg henta inspirasjon frå dinne gongen:

Fine kortet eg fekk inspirasjon av

Det vart kanskje ikkje dei største forandringane på kortet eg laga dinne gongen, men fargane og stilen vart da litt annleis:) Mitt vart litt meir amatørmessig også, hehe. Blått kopiark utanpå med store rundingar og lysegrønt scrappingark inni. Musa teikna eg på eit kvitt teikenarg. Ho vart teikna med store auge med augevippe og eg laga til ein lapp med skrift i musa sine hende. Sløyfa var kvit og grøn med rundingar. I tillegg var nokre pyntedetaljar ikkje med eller bytta ut.

Laurdag: Eg, Solveig, Nina og Rita for på Pirbadet rundt 12.30. Før det var det litt småtitting i butikkane på Torget sidan eg gjekk inn der på veien (det regna ute) bort til Solveig som overnatta hos Nina. Eg enda opp med å kjøpe meg eit svart smykke på Accent.

Smykke

Smykke eg kjøpte

På Pirbadet var det litt kø, men det gjekk forholdsvis fort. Vi var alle bestemt på å halde oss til det varme vatnet, so vi for først i Helsebassenget og deretter Velværebassenget. I tillegg sat vi litt i dampbadstu og vanleg badstu. Det var opptatt i boblebada heile tida:/

Etterpå for eg, Rita og Solveig på Egon og bestilte oss Kylling BLT Sandwitch 🙂 Det er so godt!!

Eg og Rita:)

Eg og Rita:)

Vi rakk desseverre ikkje å kose oss med ein kopp varm sjokolade før Rita skulle fare. Eg og Solveig skulle også rekke å kjøpe gåve til Eva som vi skulle på bursdagsfest hos seinare på kvelden. I tillegg ville vi begge sjå etter sko.

Eg fann meg eit støvlettpar på DNA på Trondheim Torg og håper dei passar. Dei gjor det vertfall då eg prøvde dei på. Der er litt for mykje nagledill-rader på, so eg skal kanskje ta av to av radane. Det er veldig IN med naglar på klede no, men for meg blir det kanskje litt for voldtsomt med so mykje av det. For å fjerne to av nagleradane må eg først ha ei nål som kan sy i skinnet, so får sjå om det kjem til å skje, hehe. Bildet vart ikkje so bra, men får duge inntil vidare:) :

Støvlettane

På leiten etter gåve til Eva fann eg meg hue og skjal og det var det Eva fekk også i gåve:) Det er alltid kjekt å få skjal og hue tenkte eg og Solveig. Kan aldri få nok av det….Hua kjøpte eg på ein veskebutikk eg gløymer namnet på heile tida (heiter Accent), skjaldet er kjøpt på Acessories:

Ny hue og skjald

Holly ville ha oppmerksomheit so ho fekk bli med på bilde, men det var vanskeleg å få ho til å sjå mot kameraet, hehe.

Vi tok bussen til Eva og kom dit til kl 19.30. Det var kjekt å sjå Trondheimsfolket igjen:) Eva diska opp med pølse m/brød ut på kvelden og det vart likt svært godt av alle. Eg orka dessverre ikkje å ete noko sidan eg var fortsatt mett etter middagen og drikka eg drakk. Kvelden gjekk og alle kosa seg. Det vart mykje prat og dans på golvet. Det er so kjekt når det folk vil danse på festa syns eg sidan eg likar so godt å danse. Solveig og Nina for innover til byen rundt 24 sidan dei skulle ut på byen. Eg ville bli hos Eva sidan eg er so sjeldan i Trondheim.

Eg fekk meg skyss heimover til dit Vidar skulle overnatte, men sidan eg ikkje fekk tak Vidar var det ikkje til stor hjelp. Dermed vart det til å overnatte hos Eva likevel, men det er da kjekt det. Vi kosa oss med pølse til nattmat. Dei har gjesterom so eg sov godt på ei ganske stor seng. Kl. 04. fekk eg mld frå Vidar om at dei hadde såte ute i badestamp, so han kunne ikkje ta med mobilen dit ut, derfor fekk eg ikkje tak i han.

Søndag: Vidar ringte kl. 12.30 og det var vel på tide å stå opp. Til frukost vart det pølse m/brød og potetgull 🙂 Sidan bussen går so sjeldan vart det til at eg blei hos Eva til eg og Vidar skulle reise heimover. Vidar kom å henta meg kl. 17 og vi rakk dermed 23-ferja frå Sula. På veien kjøpte eg ein sånn smørbrødpakke m/ 4 skiver. Det var ikkje spesielt godt, men mat må ein ha dagen derpå. Eg kjøpte også 3 bollar med sjokoladebollar og vi fylte på Statoilkoppane.

Før vi for heim henta vi Holly hos foreldra til Vidar. Ho hadde berre vore snill og grei dinne helga:) Dei hadde hatt to uhell da, hehe. 1. Gløymte å ha av tispetrusa (ho har løpetid) eine gongen Holly skulle på do, hehe. Det er ikkje alltid like lett å legge merke til at ho har på tispetruse. 2. Det datt masse sylte på gulvet og Holly var so klart der med ein gong og slikka i seg. Dermed vart øyrane fulle av sylte! Det førte til ei litt stor floke og mesteparten måtte eg berre klippe vekk, men det er ikkje so farleg sidan ho ikkje skal stillast ut.

For å få Holly til å ete maten sin tok dei Holly sin mat oppi Fluffy (hunden deira) si matskål sidan ho alltid vil bort å ete maten hinna, men dei klarte berre å lure ho i starten.

Advertisements

Kommenter innlegget

Filed under Bursdag, Hobbydill, Holly, Kvardagen, Mote, Tur

Overåsanden, hamburgermeny og på besøk hos Bernt og Sara

Vi for ein tur på Overåsanden ein tur slik at Holly fekk springe litt rundt. Det var heilt mørkt der so vi parkerte med lysa frå bilen ned mot sanden. Dermed vart det lyst midt mellom to mørke område. Vi gjekk fram og tilbake mellom dei områda og fekk Holly til å springe etter oss:)

Overåsanden ein sommarkveld

Etterpå for vi heim med Holly og vidare ned på terminalen for å kjøpe oss middag. Det var so pass seint at vi bestemte oss for å kjøpe oss middag der istaden for å lage middag heime. Vidar tenkte på pølse m/brød, men eg ville heller ha hamburger og dermed vart det til det:) Eg får rabatt på maten på terminalen sidan eg jobbar der av og til, so det er ikkje so dyrt å ete der:)

Hamburger

Hamburger er godt:) Foto: spiseriet.no

Vi for so vidare ut til Bernt og Sara. Dette var første gongen vi besøkte dei, so det var kjekt å sjå korleis dei bur. Dei hadde kvite veggar og ganske stort soverom. Det vil eg også ha!, hehe. Vi såg litt på tv, skravla, drakk cola og åt m&m, potetgull og drue. Koseleg var det:)

M&M

Holly fekk ikkje bli med til Bernt og Sara. Det var litt dumt syns eg, men det er greit at Holly får vere litt aleine heime so det ikkje blir uvant for ho å vere det. I tillegg er det greit å sleppe å fylge med på alt Holly finn på når vi er på besøk hos folk, hehe. Ho brukar å gå rundt å snuse og prøve å finne noko å ete på omtrent heilt til vi skal fare igjen, hehe.

Kommenter innlegget

Filed under Holly, Kvardagen, Tur

Tur og Entrecotemiddag

I dag gjekk eg, Holly og far min ein tur før middag. Holly kosa seg masse.

Far min inviterte meg på Entrecote-middag:) Det er lenge sidan eg har ete biff!

Ingredienser:

Entrecote

Potete

Gulrot

Bernaisesaus

Kok opp vatn. Skrell potete og gulrøte og ha dei opp i det kokande vatnet. La det småkoke i ca. 25 minutt. Når det er igjen 10 minutt til potetane er ferdig krydr entrecoten og  steik den i ca. 4 minutt på kvar side (for å få den godt steikt). Lag til bernaisesausen når det er 5 minutt igjen av steiketida (følg bruksanvisinga på bernaisesauspakken).

Kommenter innlegget

Filed under Holly, Matlaging, Tur

Tur på Overåsanden

Eg, Vidar og Holly tok oss ein rask tur på Overåsanden. Planen var å kanskje få til eit lite cavaliertreff, men hittil er det veldig få som har vore inn på cavaliertreff sida eg har laga til.

Vi hadde igrunnen dårleg tid, so det vart berre ein snusetur på 15 minutt. Holly kosa seg.

Snuse, snuse, snuse...

Snuse, snuse, snuse...

Ta pinnen Holly!

Ta pinnen Holly!

I farta!

I farta!

Overåsanden

Utsikt frå Overåsanden

Kommenter innlegget

Filed under Holly, Tur

Tur på Overåsanden:)

I dag tok eg, Holly og Solveig oss ein køyretur ut til Overåsanden. Det er so utruleg fint der og ein kjekk plass for Holly å snuse og springe rundt om ho vil det. Eg tok med videokamera og langlina. Solveig tok med seg fotokamera so bilder kjem etterkvart. Eg treng ein pc for å laste opp filmen (finst ikkje Mac-programvare for videokamerat vi har:/).

Holly ville berre ligge å tygge på tang, so det vart ikkje mykje action. Eg prøvde å få ho til å gå ut i vatnet ved å hive tang som lokkemat, men det enda for det meste med at Holly gjekk å snuste og ville finne tang på stranda. Der var også nokre turistar med ein liten hund. Ho fekk helse litt på den, men hunden vart fort uinterssant (luktane frista meir).

Kommenter innlegget

Filed under Holly, Tur

Tur ned til demninga/Rotarystien

I kveld gjekk eg, Vidar og Holly oss ein tur ned til demninga/Rotarystien.

Vidar har aldri vore der so eg tenkte å vise han kor den var. Rotarystien er ein veldig grei tursti so eg ville vise han kor den var også:) Det var so pass seint at det ikkje vart å gå Rotarystien.

Holly kosa seg masse på turen. På returen fann Vidar ein pinne og delte den i tre. Han leika med Holly, kasta pinnen framover so ho fekk springe litt. Holly vil ikkje gi frå seg pinnen når vi prøvar å ta den, so ho gjekk stolt forann oss med pinnen i munnen og halen heva store delar av turen heim! Det er so kos å sjå ho gå slik:)  Turen varte i ca. 45 minutt.

Vi tenkte dessverre ikkje på å ta med oss kamera på turen.

Kommenter innlegget

Filed under Holly, Tur

Tur på Vollesanden

Vi tok oss ein tur på Vollesanden:) Holly diggar å snuse og springe rundt på sandstrander og det blir det fine bilder av også:)

Holly og Vidar

Holly og Vidar

Søte Holly tygger på tang

Søte Holly tygger på tang

Holly

Holly

Fine utsikta

Fine utsikta

Holly fann seg ei grein

Holly fann seg ei grein

Foto

Foto

Tre

Tre

Kommenter innlegget

Filed under Tur