Category Archives: Tv-serie

Smoothie og The Vampire Diaries:)

The Vampire Diaries

Foto: cwtv.com

I kveld var det sesongstart på The Vampire Diaries 🙂

Serien handlar om Elena og Jeremy som fortsatt prøvar å tilpasse seg etter at foreldra døde i eit bilkrasj for 4 mnd sidan. Når skuleåret begynner dukkar det opp ein ny mystisk gut med namn Stefan. Elena og Stefan blir umiddelbart tiltrekt av kvarandre. Stefan har skjular ei hemmeleg, nemeleg at han er vampyr og samtidig som han starta på skulen dukka også vampyrbroren hans opp. Stefan og Damon har ei bitter historie. Stefan er god og vil ikkje leve som ein vampyr, medan Damon er ond og vil gjere alt for å få Stefan ond.

Eg likar veldig godt overnaturlege seriar so dette var kjekt:)

Advertisements

Kommenter innlegget

Filed under Tv-serie

Lasagne og Valkyrie:)

I kveld kosa vi oss med lasagne til middag og såg Valkyrie på tv:)

Eg jobba på terminalkiosken i dag og ville ha middag heime i kveld, men fann ikkje ut kva eg ville ha. Middagen skulle vere god, men hadde ikkje lyst på taco eller pizza. Dermed tenkte eg å ete dei to siste hamburgarane som var på jobb, men sidan det ikkje er meir salat der, frista det ikkje so mykje. Det kom ein gut og bestilte to hamburgarar utan salat på og dermed forvann «middagen» min. Eg ringte Vidar for å sei at vi skulle ha middag heime, men han hadde fortsatt ikkje noko forslag til middag og då kom eg på at vi kan ha LASAGNE 🙂

I kveld skulle vi sjå dei to siste episodane i sesong 4 av Dexter, men filane var visst ikkje Dexter, dermed såg vi filmen Valkyrie på tv. Den var passe bra, litt kjedeleg i starten, men bedra seg mykje. Det er ein historisk dramafilm som handlar om 20. juli-attentatet av tyske hærførere for å likvidere Adolf Hitler. Tom Cruise har rolla som ein av nøkkelpersonane.

Lasagne ingrediensar:

Kjøttdeig

Toro Lasagne-pakke (krydder og plate)

Salat ingrediensar:

Isbergsalat eller kinakål

Annanas

Mais

Lasagne oppskrift: Følg det som står på Toro lasagne-pakken:) Tar ca. 15 minutt å lage lasagen klar til å ha i ovnen og deretter 30 minutt i ovnen.

Lag til salaten, rydd og dekk på medan lasagnen er i ovnen. Middagen er klar:)

Tips: Bruk Partydressing eller Thousand Island dressing til. Til drikke er det godt med solbærsaft eller brus.

Kommenter innlegget

Filed under Film, Kvardagen, Matlaging, Tv-serie

Vafler og Entourage

I kveld kosa eg og Vidar oss med vafler og Entourage:)

VaflehaugenGodt med vafle:)

Vaffelhjernet vårt

Her er vaffelhjernet vårt. Eg syns det fungerar veldig bra.

Vaffeloppskrifta:

Oppskrifta eg bruker er frå ei kokebok vi brukte i heimkunnskap på ungdomskulen. Den heiter «Frå bollar til burritos». Det er veldig grei bok, med enkle oppskrifter.

Ingredienser (ca. 5 plater):

2 dl mjøl

1 ts bakepulver

1 ts vaniljesukker

2 ms sukker

3 dl melk

2 egg

2 ms smør
Bland samen mjøl, bakepulver, vaniljesukker og sukker. Rør inn halvparten av melk. Smelt smøret. Pisk egg. Hell melk, smøret og piska egg i røra. Rør godt. La røra stå i min. 15 minutt før du begynner å steike vafler.

Kommenter innlegget

Filed under Kvardagen, Matlaging, Tv-serie

Middag, Entourage-kveld, yoghurtis med vaniljesmak og varme skogsbær:)

Vi ville lage noko lettvindt so valget landa på ostesnitzel og potetstappe. Eg hadde remulade til slik at det ikkje blei so tørt og for å få litt meir smak på middagen. Vidar hadde partydressing, men eg syns ikkje den passar til potetstappe.

Det vart til at vi kosa oss med ein dessert ut på kvelden. Eg ga Vidar beskjed om å kjøpe yoghurtis sidan det er sunnare enn vanleg is og det smakar igrunnen like godt meinar vertfall eg:)

Vi såg eit par episode med Entourage. Begynner å like den serien godt sjølv om den er litt spesiell.

Kommenter innlegget

Filed under Kvardagen, Matlaging, Tv-serie