Category Archives: Uncategorized

Innetemperatur

Det er rart med det, kor forskjellege folk er når det gjeld kva temperatur dei likar å ha inne.

Eg vil helst at målestokken skal vise 24 grader:)

Eg er ein frostpist og frys dersom det er under 23 grader. Ofte frys eg når det er 24 grader også, hehe. No visar målestokken 22 grader og eg er frostig sjølv om eg har godt med klede på meg (strømpebukse, pologenser, skjerf og sokkelesta i tillegg til det vanlege).

Samboaren min vil gjerne ha 21 grader inne og sit ofte med t-skjorte når temperaturen er 23 grader, medan eg sit med strømpebukse innapå buksa, genser innanpå gensaren og eit skjerf. Eg trur det at eg er kald på beina gjer at eg frys litt meir. Derfor har eg prøvd med tjukkelestar og det hjelpe litt, men eg er fortsatt litt kald i resten av kroppen, brr. Eg har gjerne på meg eit teppe når det er 23 grader inne. Då blir det varmt og godt.

Mor mi er også frostig av seg, so eg har nok arva det av ho.

Kommenter innlegget

Filed under Uncategorized

På kafe at med Anna og Elisabet:)

I dag tok eg, Elisabet og Anna oss ein tur på kafe. Det var koseleg. Sidan det var kaldt, vart eg sittande å fryse mesteparten av tida og det var litt kjedeleg da:/

Nachos og chips

Eg hadde plana om å kjøpe meg baguett, men det har dei visst ikkje på søndagar, dermed vart det til nachos. Det var ganske godt, men innhold ikkje akkurat det eg likar best. Der var veldig mykje tomat på, eg foretrekke nok paprika til istaden.

Anna og Elisabet kjøpte chips. I ettertid angra eg på at eg ikkje valte det istaden for nachos. Eg klarte berre å ete opp halvparten av nachosen sidan det var frukosten min og chipsen deira frista:)

Anna fekk ei veldig god nyheit også, ho skal bli tante:)  So det var veldig kjekt for ho!:)

Kommenter innlegget

Filed under Uncategorized

Gjer det sjølv: Strikkepinneetui

Bilde av strikkepinneetuiet Pickles har sydd:

Foto: pickles.no

Foto: pickles.no

Pickles har lagt ut oppskrift på eit strikkepinneetui ein kan sy sjølv:) Syns det var fint og virka ganske greit å lage, so kanskje når eg finn nokre stoff eg likar blir det å sy eit slikt. Oppdatering følger evt…:)

Éin kommentar

Filed under Gjer det sjølv, Uncategorized

Blogglotteri hos Huset på Planen:)

Huset å Planen har blogglotteri, der vinnaren får ein Vola knagg i blankt krom når ho har fått 30 000 treff på bloggen sin:) Trykk her for å ta turen innom blogglotteriet.

Vola knagg

Vola knagg

Bloggen hennar er inspirerande og ho legger ut masse fine bilder:)

Kommenter innlegget

Filed under Uncategorized

Sokkelås/klype?

Sokkelås frå Enklere liv. Foto: enklereliv.no

Sokkelås frå Enklere liv. Foto: enklereliv.no

Fann sokkelåsen på sida enklereliv.no. Sokkane festast på sokkelåsen og held dermed sokkepar samla i vaskemaskina og i tørketrommelen:) Kvart familiemedlem kan ha ein farge på sokkelåsen slik ein lett veit kven sokken tilhøre.

Trur kanskje den er verdt å teste ut? Kanskje det blir brukt litt mindre tid og frustrasjon på sokkevasken?

Ametrine har også ein type sokkelås.

Kommenter innlegget

Filed under Uncategorized

Prøver å finne eit passande bloggnamn, men

det er ikkje lett! Eg tenkjar å opprette ein ny blogg sidan namnet på dinne bloggen passar ikkje so godt når eg skriv om so mykje anna enn Holly. Dermed har eg prøvd å finne eit nytt bloggnamn slik eg kan opprette eit domene og webhotell for det, men det skal visst ta tid å finne det rette namnet, hehe..Hittil har eg komt fram til kanskje http://www.ellensvrimmel.com, http://www.evrimmel.com og http://www.emylder.com, men eg syns ikkje dei passar heilt.

Kommenter innlegget

Filed under Uncategorized

Skohylle

Tjusig Skohylla vår frå Ikea:)

Tjusig Skohylla vår frå Ikea:)

Vi har nettopp kjøpt oss Tjusig skohylle frå Ikea. Dei kan settast oppåkvarandre, men eg trur vi skal ha to ved sidan av kvarandre. Frå før hadde vi ei billig skohylle i tre frå Ikea, men no følte eg for å ha ei ny som var litt meir stil på. Det som er kjekt med Tjusig skohylle er at det er plass til sko under første «hylla» også:), men i forhold til støvsuging er det kanskje best å ikkje sette sko der for då må ein ta vekk kvar eit par for å kome til:/ Det er ein av grunnane til at eg vil ha to skostativ, slik vi slepp å sette sko ned på gulvet.

På klikk.no har dei no skrive om smarte skohyller. Der var ei skohylle eg likte ganske godt (kan tenke meg to av dinne når eg blir rik) med litt spesielt design frå j-me. Den kostar kr. 1125.

Skohylle på veggen, bilde henta frå j-me.co.uk

Skohylle på veggen, bilde henta frå j-me.co.uk

Elles har klikk.no også artikkelen Gjør det selv: Skohylle. Den virka heilt grei og ein kan alltids lage sin eigen vri for å få litt meir stil på den.

Vi i Villa har også ein artikkel om Gjør det selv: Skohylle. Denne syns eg var ganske stilig:) Muleg eg lagar noko sånt neste gong vi treng ny skohylle? 🙂

Kommenter innlegget

Filed under Ønskelista, Interiør, Shopping, Uncategorized