Category Archives: Utstilling

Utstilling i Sunnmørshallen

I dag var eg og Holly på utstilling. Det vart å ta hurtigbåten over og ta taxi vidare bort til Sunnmørshallen. Sidan cavalieren begynte kl. 09.00 og hurtigbåten kom til Ålesund kl.08.55 følte eg at vi hadde dårleg tid. Taxi bort til hallen tok 10 minutt og kosta 165 kr. Det var dyrt syns eg. Startprisen låg på 90 kr.

Då vi kom bort til ringen var det åpen klasse hannhund som gjekk. Eg følte eg hadde dårleg tid, men igrunnen hadde eg ikkje det. Det at eg hadde propp i øyra gjor at eg var nærvøs om eg ville høyre når det var vår tur. Eg øvde litt med Holly før eg la merke til at litt av pelsen so stod opp likeforann halefestet (sidan ho har såte med våt pels). Det hadde eg gløym å gjere noko med. So det vart å gå på toalettet for å prøve å bløyte det nok til at det la seg ned. Det hjalp ikkje spesielt nei.

Kritikk:

God type feminin. Fine øyne/uttryke. Passe stopp. Normal benstamme. Fine poter. Noe kort i brystkassen. Ønsker mer driv i bevegelsen. Ikkje i beste pels. Velvist. Vennlig temperament.

Åpen klasse: 2.kval.

Holly var veldig flink i dag, utanom då ho skulle gå. Holly gjekk ikkje bra i dag. Ho skulle gå fortast muleg fram, men gjekk litt saktare tilbake. (Eg har ikkje vore veldig flink til å trene på å gå, men ho gjekk veldig bra då vi trente. Tida gjekk fort fram til utstillinga, hehe).

Eg er vel igrunnen enig i at pelsen til Holly ikkje er av den beste. Ho har røyta i 3 mnd so det sei seg sjølv at den ikkje er so spesielt bra. I tillegg har ho ikkje villa ete opp maten sin den siste månaden og ho vil ikkje ha fiskeolje på. Eg trur at det har gått litt ut over pelsen, men ho har igrunnen aldri hatt bra pels, vertfall ikkje mykje og so mjuk som mange andre cavalierar har.

Eg såg etter når hurtigbåten skulle gå tilbake. Den skulle gå kl. 10.55, så det skulle gå greit å gå bort. Det tok 30 minutt. Det var igrunnen perfekt ver å gå i. Sola skein litt og det var ein god temperatur:)

På kaia medan vi venta på hurtigbåten kom det to turistar å helste på Holly. Dei syns ho var so fin. Ho eine sa at Holly var det finaste ho har sett i dag:)

Eg hadde med meg kamera på ustillinga, men var so pass stressa at eg ikkje orka å ta bilder. På hurtigbåten tok eg eit bilde av Holly:

Holly på hurtigbåten

Kommenter innlegget

Filed under Holly, Utstilling

Utstilling i morga:/!

I morga skal eg stille ut Holly. Nærvane kjem sigande. Det som er verst er at eg har ørebetennelse med dottfølelse fortsatt:/ Blir ekstra stress av det. Eg har no bestilt taxi frå kaia og bort til hallen, slik eg veit eg rekk å kome fram i tide. Det blir litt travelt uansett sikkert, men det får so vere.

Holly har nesten ikkje trent på å stå på bord, so eg er redd for at ho kjem til å ikkje ville stå på bordet. Eg forventar ikkje at ho skal ville stå der, men det hadde vore kjekt:) Elles so har vi trent ganske lite på ringtrening sidan eg ikkje er flink til å huske på å trene, so det går som det går.

Dette blir sikkert siste gongen eg stillar ho, muleg det blir til at det blir til ei årleg utstilling i dinna hallen for Holly, hehe. Eg vil heller satse på agility eller lydigheit for moro skyld og kanskje konkurrere litt dersom ho skulle bli flink no:)

Eg ønskar vertfall meg og Holly lykke til i morga:) hehe, for det treng vi!

Kommenter innlegget

Filed under Holly, Utstilling

Blir ikkje til at vi skal på utstillinga på Sunndalsøra:/

Eg var litt forberedt på det sidan eg kanskje skulle bli innkalla på eit intervju der eg kjem frå i perioda før eller etter utstillinga. Det endte med at intervjuet vart mandagen etter utstillinga og dermed kan eg ikkje fare på utstillinga. I tillegg er det ikkje stor vits i fare på utstillinga sidan eg ikkje kan gi Holly godbit framover sidan ho går på forallergi-utredning. Eg har dermed planar om å kanskje stille Holly på utstillinga i Sunnmørshallen, men er usikker på grunn av allergiutredninga. Har ut april på å bestemme meg.

Det hadde vore veldig kjekt å fare på utstillinga på Sunndalsøra sidan det er so monge frå Trondheim som skal stille og også for første gong, men slik blei det berre.

Kommenter innlegget

Filed under Utstilling

Prøvde ut litt av agility-startsettet vårt:)

I dag tok Vidar med Holly ut i hagen for å trene litt agility. Eg tok med fotokamera og videokamera. Vi brukte leverpostei på tube som godbit og det fungerte veldig bra:) Holly kosa seg masse.
Vi satte opp 4 pinnar først og når ho hadde prøvd det ei stund satte vi opp 2 til. Det gjekk lika bra i grunnen. Av og til lokka eg litt mykje med leverpostein følte eg, so vi prøvde ut om klarte å gå det utan at eg var ein slags veivisar. Det gjekk sann passe, ho klarte det ordentleg ein gong.

Holly er klar for slalom

Holly er klar for slalom

Då er vi i gong

Då er vi i gong

Gjekk bra dette

Gjekk bra dette

Dette var moro ja!

Dette var moro ja!

Snart ferdig no

Snart ferdig no

Her var det ja

Her var det ja

Det gjekk ikkje so bra med hoppinga heile tida, men med litt trening blir ho sikkert veldig flink.

I farta

I farta

Holly fekk gå rundt i langlina i «pausane» og då fann ho seg pinnar å tygge på. I tillegg trente vi litt på å stå oppstilt.

Tygge på ein pinne

Tygge på ein pinne

Søte Holly:)

Søte Holly:)

Holly er klart til oppstilling

Holly er klart til oppstilling

Trening på å stå oppstilt på utstilling

Trening på å stå oppstilt på utstilling

Pinne, pinne, pinne

Pinne, pinne, pinne

So var det på igjen med slalom og hopp. Ho vart viss til tider litt for opptatt av leverpostein, hehe.

Hopp

Hopp

Litt for sein

Litt for sein

Følg leverpostei!

Følg leverposteien!

Vidar syns også det var ganske kjekt med agility, so han blir sikkert med ut i hagen for å trene agility igjen. Men eg får han ikkje med på agilitykurs nei…..

Éin kommentar

Filed under Agility, Holly, Ringtrening

Ringtrening:)

I dag for eg og Holly på ringtrening. Det vart avtalt trening ved Statoilbygget på doggis.no. Endeleg kunne vi bli med og fekk tida til det:)

Vi var vel 6 stk som trente (huskar eg rett) og holdt på i litt over ein time.

Det var god sosialisering for Holly, i tillegg til god trening på kontakt innimellom. Godbitane eg hadde med var vanleg tørrfor og nokre godbitar med kyllingsmak. Ikkje akkurat det beste å trene med, men det fungerte for det meste heilt greit, hehe.

Vi øvde litt på å gå i ring, stå pent og gå i firkant. So tok vi ei pause og Holly fekk prøve seg på bordet etterpå. Det likte ikkje ho. Ho har ikkje stått på bord sidan sist vi var på utstilling (nov), so ho var litt nervøs og ville ned i starten. Eg snakka til ho, ga godbit, ba ho stå og holdt ho på plass. Etterkvart vart ho litt rolegare og sto ganske greit igrunnen. Eg klappa ho og sa ho var flink. Det vart ei lita pause igjen og vi gjekk deretter ei lita runde ein og ein. So vart det å prøve seg på bordet igjen. Alle hundane var flinke:) Holly var mykje rolegare frå starten og denne gongen var det ei som såg på tenna og kjente over kroppen. Det gjekk bra, men Holly sto litt med krumma rygg og bøygde bakbein. Meir trening skal det bli framover ja!:) Eg syns ho var flink eg sidan vi har ikkje trent sidan siste ustillinga (utanom å gått litt fram og tilbake to gongar i band i eit minutt eller to i hagen).

Kommenter innlegget

Filed under Ringtrening

Utstilling i Orklahallen, 2 utstillinga vår:)

I dag var vi i Orklahallen på utstilling. Dette er den første inneutstilling vår. Det var påmeldt 24 cavalierar. Eg og Holly satt på med Tine. Holly var litt sytete på veien, men ho var ganske roleg sidan ho låg for det meste. Trur Holly si piping smitta litt over på Theo som låg i bur ved sidan av, hehe.

Vi kom dit kl. kvart over 10. Holly var ganske roleg der inne og grei å trene med.

Holly ser rart på meg

Holly ser rart på meg

Litt før det var vår tur i ringen spurte eg ei om kor monge unghund tisper som skulle stille. Det var visst berre 2! Joda tenkte eg, hadde rekna med det skulle vere fleire, hadde håpt det vertfall skulle vere 4.

Då vi gjekk og stilte oss i ringen var Holly flinke:) Ho sto fint mesteparten av tida.

Dommaren kjika på hundane og so tok eg Holly opp på bordet. Der sto ho i grunnen bra. Ho likte ikkje sånn spesielt å stå der, men ho sto nesten heilt rak i ryggen og viste fram tenna. Dommaren kjente bittelitt på Holly og so ba ho meg gå i eit triangel. Holly gjekk veldig bra syns eg. Ho fylgte meg fint.

Så stilte eg ho opp forann dommaren. Holly var flink her med, hadde ikkje noko særleg lyst å stå der, men ho sto der og venta. Så venta eg på dommen, Holly fekk raudt band:) Eg gjekk so å stilte oss opp og venta til andre hunden vart ferdig. Holly var litt uroleg og ville vekk, men ho var villeg til å stille seg opp når eg ba ho om det. Dommaren kom bort og såg på hundane, vi vart nr.2 og då tenkte: Ja, vi fekk no raudt:) Den andre hunden fekk ck, og so vart det også delt ut band til Holly! Blått og rosa. Holly fekk ck:) Ringsekretæren sa at vi skulle inn igjen om ikkje so lenge.

Eg vart litt surrete når vi skulle inn i ringen igjen angåande kor vi skulle stå, men ringsekretæren var flink og sa kor. Vi kom ikkje vidare, men er veldig fornøgd med resultatet:) Var kjekt ditta:) Kritikken var også veldig fin.

Klasse: Unghund

Dommar: Colette Muldoon

Premiering: Kval 1 Konk 2 CK

Kritikk: Moved + handled well. Nice soft express. Corr dark round eye. Nice markings. Good shoulder-placement. Good angle. Nice tight feet. Good furnishing.

Dommaren ga ganske monge CK i dag.

Turen heim gjekk veldig bra, Holly var låg stille og halvsov mesteparten av turen. Det same gjor Theo. Vi alle var ganske so sletne.

091120080061

 

091120080071

Kommenter innlegget

Filed under Utstilling

Ringtrening på Nardo

I kveld tok eg med Holly på ringtrening på Nardo. Sidan Holly trenge trening å stå på bord og vise tenna sine tenkte eg at det var lurt å ta turen dit. Då eg kom dit visste eg ikkje heilt kor hallen var og kor eg skulle. Eg venta vel ei lita stund og då såg eg to personar gåande med hundebur i henda. Då forsto eg kor eg skulle. Det var i grunnen for valpa dinne ringtreninga, men Holly passa godt inn syns eg, ho som er so valpete av seg, hehe. Holly var litt vel ivrig på å helse på hundane, men ho gjekk greit mesteparten av tida, sjølv om ho var litt vel opptatt av å snuse rundt også. På bordet gjekk det eigentleg veldig bra. Holly sto fint og viste tenna, men ho var litt nærvøs. So vi skal dit neste mandag også, slik at ho får litt meir trening før ustillinga den 09.11.

Kommenter innlegget

Filed under Ringtrening