Category Archives: Ringtrening

Prøvde ut litt av agility-startsettet vårt:)

I dag tok Vidar med Holly ut i hagen for å trene litt agility. Eg tok med fotokamera og videokamera. Vi brukte leverpostei på tube som godbit og det fungerte veldig bra:) Holly kosa seg masse.
Vi satte opp 4 pinnar først og når ho hadde prøvd det ei stund satte vi opp 2 til. Det gjekk lika bra i grunnen. Av og til lokka eg litt mykje med leverpostein følte eg, so vi prøvde ut om klarte å gå det utan at eg var ein slags veivisar. Det gjekk sann passe, ho klarte det ordentleg ein gong.

Holly er klar for slalom

Holly er klar for slalom

Då er vi i gong

Då er vi i gong

Gjekk bra dette

Gjekk bra dette

Dette var moro ja!

Dette var moro ja!

Snart ferdig no

Snart ferdig no

Her var det ja

Her var det ja

Det gjekk ikkje so bra med hoppinga heile tida, men med litt trening blir ho sikkert veldig flink.

I farta

I farta

Holly fekk gå rundt i langlina i «pausane» og då fann ho seg pinnar å tygge på. I tillegg trente vi litt på å stå oppstilt.

Tygge på ein pinne

Tygge på ein pinne

Søte Holly:)

Søte Holly:)

Holly er klart til oppstilling

Holly er klart til oppstilling

Trening på å stå oppstilt på utstilling

Trening på å stå oppstilt på utstilling

Pinne, pinne, pinne

Pinne, pinne, pinne

So var det på igjen med slalom og hopp. Ho vart viss til tider litt for opptatt av leverpostein, hehe.

Hopp

Hopp

Litt for sein

Litt for sein

Følg leverpostei!

Følg leverposteien!

Vidar syns også det var ganske kjekt med agility, so han blir sikkert med ut i hagen for å trene agility igjen. Men eg får han ikkje med på agilitykurs nei…..

Éin kommentar

Filed under Agility, Holly, Ringtrening

Ringtrening:)

I dag for eg og Holly på ringtrening. Det vart avtalt trening ved Statoilbygget på doggis.no. Endeleg kunne vi bli med og fekk tida til det:)

Vi var vel 6 stk som trente (huskar eg rett) og holdt på i litt over ein time.

Det var god sosialisering for Holly, i tillegg til god trening på kontakt innimellom. Godbitane eg hadde med var vanleg tørrfor og nokre godbitar med kyllingsmak. Ikkje akkurat det beste å trene med, men det fungerte for det meste heilt greit, hehe.

Vi øvde litt på å gå i ring, stå pent og gå i firkant. So tok vi ei pause og Holly fekk prøve seg på bordet etterpå. Det likte ikkje ho. Ho har ikkje stått på bord sidan sist vi var på utstilling (nov), so ho var litt nervøs og ville ned i starten. Eg snakka til ho, ga godbit, ba ho stå og holdt ho på plass. Etterkvart vart ho litt rolegare og sto ganske greit igrunnen. Eg klappa ho og sa ho var flink. Det vart ei lita pause igjen og vi gjekk deretter ei lita runde ein og ein. So vart det å prøve seg på bordet igjen. Alle hundane var flinke:) Holly var mykje rolegare frå starten og denne gongen var det ei som såg på tenna og kjente over kroppen. Det gjekk bra, men Holly sto litt med krumma rygg og bøygde bakbein. Meir trening skal det bli framover ja!:) Eg syns ho var flink eg sidan vi har ikkje trent sidan siste ustillinga (utanom å gått litt fram og tilbake to gongar i band i eit minutt eller to i hagen).

Kommenter innlegget

Filed under Ringtrening

Ringtrening på Nardo

I kveld tok eg med Holly på ringtrening på Nardo. Sidan Holly trenge trening å stå på bord og vise tenna sine tenkte eg at det var lurt å ta turen dit. Då eg kom dit visste eg ikkje heilt kor hallen var og kor eg skulle. Eg venta vel ei lita stund og då såg eg to personar gåande med hundebur i henda. Då forsto eg kor eg skulle. Det var i grunnen for valpa dinne ringtreninga, men Holly passa godt inn syns eg, ho som er so valpete av seg, hehe. Holly var litt vel ivrig på å helse på hundane, men ho gjekk greit mesteparten av tida, sjølv om ho var litt vel opptatt av å snuse rundt også. På bordet gjekk det eigentleg veldig bra. Holly sto fint og viste tenna, men ho var litt nærvøs. So vi skal dit neste mandag også, slik at ho får litt meir trening før ustillinga den 09.11.

Kommenter innlegget

Filed under Ringtrening

Ringtrening

I dag var vi på siste ringtrening før vi skal stille ut på Trondheim hundefestival. Vi fekk site på med Tine og kom dit ca. 19.40. Der var vel rundt 40 hundar denne gangen, inndelt i to voksenhund grupper og ei valpegruppe. Det vart veldig lang tid å vente på å få gå forann instruktøren i dag, trur vi måtte vente over ein time sidan vi var nr. 15 (nest siste hund). Holly fekk vertfall mykje trening i å stå, men ho fekk så klart gå litt og snuse sidan det tok så lang tid å vente. Når det endeleg var vår tur gjekk vi først fram og tilbake, så trekant og deretter stilte vi opp. Holly var veldig flink til alt, men ho snuse pittelitt på starten og slutten av trekanten. Til slutt gjekk vi i runding og då snuste Holly pittelitt på slutten. Eg er i grunnen veldig fornøygd med Holly:), kan berre håpe på at ho går like bra på utstillinga:)

Kommenter innlegget

Filed under Ringtrening

Ringtrening

I dag var vi på ringtrening med terrierklubben igjen. Vi kom dit 18.40, dermed havna vi blandt valpane sidan det var den minste gruppa. Vi fekk trent litt på å gå i ring, fram og tilbake og i trekant. Holly var veldig opptatt av å snuse på marka, men inn i mellom gjekk no ho greit. Ho var veldig flink til å stå:) Det likte ho godt og venta på å få godbit. 

Då pausa kom litt over halv 8 begynte det å regne, så vi fortsatte på parkeringsplass under ein parkeringsplass slik vi var under tak. Eg spurte om Trondheim hundefestival var ute og det var det, litt dumt det sidan Holly er flinkare å gå pent inne.

Vi starta igjen 19.50, eg gjekk bort til ei anna gruppe denne gangen sidan valpegruppa vart litt for stor. Det var ikkje lenge til eg og Holly måtte gå sidan bussen gjekk 20.11. Då det var vår tur var kl. 20.00, så eg tenkte vi rekk dette viss vi er heldige, men det vart til at eg fekk ganske gode tips og hadde berre tre minutt på å rekke bussen. Eg likte veldig godt måten ringtrenaren snakke til oss og kom med komentarar, han sa korleis ting skulle gjerast. Han syns Holly gjekk pent og at ho var flink når ho stilte seg opp. Noko vi skulle trene på var å få Holly til å stille frambeina litt nærmare kvarandre. Elles så fekk eg vete kor eg skulle plassere oss når vi sto forann dommarteltet og dommaren. 

Vi sprang halve veien og eg tenkte at viss bussen var litt forsinka rekke vi den, men så heldige var vi ikkje. Vi vart 1 min for seine. Så då vart det til å gå til Strindheim.

Det tok oss ein halvtime i pøsande regnver å gå til Strindheim. I starten gjekk vi forbi nokre innegjerda kyr på sida av veien og Holly fekk halen under seg og ryggpelsen sto opp og ho begynte bjeffe. Slik var ho eit godt stykke forbi kyrne, men ho knurra berre då.

Ku illustrasjon

Ku illustrasjon hentet hos http://www.greatguy.com/

Eg trur Holly fortsatt trudde at der kunne vere kyr på marka ved sidan av. Ho ville ikkje gå heilt ut mot grøfta pga kyrne og dermed måtte eg nesten tvinge ho til å gå ved sida av meg. Veien var litt smal og sikta dårleg så eg følte at eg måtte ha Holly lengst muleg ut i sida. Holly var ganske flink til å gå ved sida av meg resten av gåturen og vi gjekk i godt tempo.

Då vi kom fram til busstoppet såg eg at det gjekk ikkje buss før om eit kvarter:/, så vi vart sittande å vente. Bussen vart ca. 6 minutt forsenka, men eg forventa dette sida det var buss nr. 9. Så vi kom oss på bussen 20.55:/ Eg var veldig glad for at jakka mi er litt vanntett, det vart berre litt vått igjen eit par plassar:)

Kommenter innlegget

Filed under Ringtrening

Ringtrening

I kveld var eg og Holly på ringtrening ved Statoilbygget på Rotvoll. Den er arrangert av Terrierklubben og det kostar 40 kr for ikkje-medlemmar. Det blir kanskje litt dyrt i lengda på grunn av det kostar 90 kroner tur/retur med buss å kome seg dit i tillegg. Så dette blir då noke som eg skal berre bli med på til Holly og eg blir passe flink å stille ut. Ein får no også sosialering og litt frisk luft med å bli med på dette, så det er no greit sånn sett, men blir for dyrt i lengda:/ 

Det var ganske mange med i dag, sikkert rundt 20 stk. Holly skulle heile tida snuse når vi trente, så det var ikkje så lett :/ , men ho var flink på å stå ei stund da 🙂 Når ho skulle stå på utstillingsbordet var det nok å berre bli kjent med og tatt littegrann på av ein person, ho var litt nærvøs og ville berre sitte for det meste. Eg forstår det slik at det var mykje nytt og mykje å ta til seg på ein gong. sidan dette var første gangen ho har trent å gå i ring (har trent litt med vanleg band i fjor sommar) og andre gong på eit bord.  Holly var no for så vidt litt nærvøs ovanfor andre folk også, men eg trur det kjem av alle dei nye inntrykka.

Eg fekk ikkje tatt nokon bilder i dag (tenkte ikkje over det å ta med kamera), men det var nok å tenke på å prøve ringtrening i grunnen.

Her e bandet eg kjøpte før eg for på treninga, berre at eg har kvit. Bilde frå Hund som hobby :

Bilde tatt frå heimesida til Hund som Hobby

Kommenter innlegget

Filed under Ringtrening