Om oss

I bloggen vil det bli skrive om ting som skjer i livet vårt og om det eg er opptatt av som er cavalieren vår Holly, interiør, mote og matlaging. Det blir lagt ut ein god del bilder:)

Litt om oss:

Eg heiter Ellen, er 24 år og bor på Sunnmøre. Vi bor ei sokkelleiligheit på rundt 80 kvm, men gledar oss til vi får økonomi til å bygge hus:) Vi håper det blir innan eit par år (drømme).

Eg var ferdig utdanna våren -08, har gått studiet Bachelor i IT-støttet bedriftsutvikling. Eg har vore arbeidsledig mykje av tida etter studiet, men eg fortsette å håpe på at det dukkar opp ein fast jobb snart, er ikkje so monge av dei her visst:) Spesielt ikkje no i i dinne «finanskrisa» og i området vi bor.

På fritida likar eg å drive med webdesign, lese interiør/husbloggar, blogge, høyre på musikk, danse, sitte på kafè, ha vennekveldar og lage mat.

Eg har veldig lyst å drive med agility. Har funne ut at dei har agilitytrening i Ørsta. Det blir 40 minutters køyretur kvar vei, so eg må kanskje motivere meg til å ta turen og ville køyre dit (eg er ikkje spesielt glad i køyre bil og med Holly pipande i bilen blir ikkje det akkurat bedre).

)

Eg og Holly:)

Samboaren min Vidar er 28 år. Fritida brukar han på bowling og diverse spel på Facebook. Han er ikkje eit spesielt aktivt hundemenneske, men eg håper han vil bli med å trene agility av og til (blir vel eventuelt i den framtidige hagen det tippar eg).

Holly og Vidar

Holly og Vidar:)

Historia om då vi skaffa oss Holly 🙂 :

Vi begynte å tenke på at vi ville ha hund då vi gjekk første året på skule i Trondheim. Vi tenkte at vi skulle vente til vi var ferdige å studere, men eg fekk so veldig lyst på hund og hadde sikta meg inn rasa Cavalier king charles spaniel. Eg klarte ikkje å slutte å sjå etter hund når eg først hadde komt inn på tanken. Denne hunderasa var også den som likna på eit valpekull eg huska litt frå då eg var lita og eg syns dei var so fine:) Vidar syns med det første at rasa cavalier var litt for søt, men etter kvart som vi hadde sett på andre raser viste eg han cavalieren og då syns han den var ein favoritt:), hehe. So då begynte vi å sjå litt meir på cavalieren og oppdrettarar og bestemte oss for at det var den rasen vi ville ha. Vi tenkte nøye gjennom korleis det ville vere å ha hund, korleis det ville påverke kvardagen vår og om vi faktisk kunne ha hund. Det endte med at vi bestemte oss november -06, vi skulle kjøpe oss cavalier:)

Eg sjekka heimesidane til oppdrettarar, ringte til eit par oppdrettarar og vi fann ei som hadde ei blenheim cavaliertispe til salgs då det passa oss best. Holly hadde overbitt so vi kunne ikkje stille ho ut og dermed få valpekull på ho. Vi hadde eigentleg ikkje tenkt å stille ut hunden vår, so vi var interessert i å få sjå fleire bilder av cavaliertispa:) Vi syns ho var veldig søt og bestemte oss fort at vi ville ha ho:) Sidan oppdrettar kalla ho Holly og stamtavlenamnet hennar var Lyngroen`s Holly Wood vart det til at vi valgte å kalle ho Holly. Vi hadde ikkje komt fram til noko bedre namn heller. Den 04.02.07 reiste eg til Haugesund for å hente Holly:)

No har vi hatt Holly i 3 år, tida har gått fort! Vi bodde i Trondheim sentrum og hadde etterkvart eit ønske om å flytte litt utanfor sentrum slik vi var nærmare turområde og kanskje bodde i første etasje med hage:) Det gjor vi også, vertfall omtrent. Hadde ikkje direkte utgang til hagen, men der var ein plen rundt heile huset og masse plenar i nærområdet:) Vi flytta til Persaunet den 01.12.08. Det var litt trist at vi flyttar frå dinne plassen og Trondheim generelt, men er kjekt å bo nærme familie og barndomsvenner igjen:)

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s