Strykebrettoverslag

Bubbla strykebrettoverslag frå perlanliving.se

Foto: perlanliving.se

Kunne gjerne tenkt meg eit Bubbla strykebrettoverslag på strykebrettet mitt. Strykebrett vi har er eit billeg eit frå Ikea, so eit overslag hadde vore fint:)

Advertisements

Kommenter innlegget

Filed under Ønskelista, Interiør

Smoothie og The Vampire Diaries:)

The Vampire Diaries

Foto: cwtv.com

I kveld var det sesongstart på The Vampire Diaries 🙂

Serien handlar om Elena og Jeremy som fortsatt prøvar å tilpasse seg etter at foreldra døde i eit bilkrasj for 4 mnd sidan. Når skuleåret begynner dukkar det opp ein ny mystisk gut med namn Stefan. Elena og Stefan blir umiddelbart tiltrekt av kvarandre. Stefan har skjular ei hemmeleg, nemeleg at han er vampyr og samtidig som han starta på skulen dukka også vampyrbroren hans opp. Stefan og Damon har ei bitter historie. Stefan er god og vil ikkje leve som ein vampyr, medan Damon er ond og vil gjere alt for å få Stefan ond.

Eg likar veldig godt overnaturlege seriar so dette var kjekt:)

Kommenter innlegget

Filed under Tv-serie

Indisk gryte Tikka Masala til middag

God gryte:)

Foto: toro.no

I dag hadde vi Indisk gryte Tikka Masala frå Toro til middag. Eg syns den gryta var veldig god og Vidar likte den også!:) Den hadde godt med smak.

Følg oppskrifta på baksida av gryteposen.

Eg brukte kylling og fløte dinne gongen. Eg vil tru det er bedre med kylling enn svinekjøtt, men det må vel kanskje testast ut ein gong i framtida. Sidan eg ikkje er so glad i kokos brukte eg fløte.

Eg serverte kokt fullkornsris til. For å få litt meir mat ut av måltiden kan ein også ha skive til. Vi vart passe mette av ein pakke kyllingstrimlar (400 g), ein pose Indisk gryte og ein boil in bag fullkornsris. Kanskje vi skulle hatt litt meir ris sidan det vart ganske mykje «saus» i gryta i forhold til ris.

Kommenter innlegget

Filed under Matlaging

Bestilt abonnement hos Bo Bedre og Costume:)

Før jul bestilte eg meg abonnement hos Costume og Bo Bedre:) Gledar meg til å få blada i posten:)

I mellomtida får eg nøye meg med å lese på nettsida deira.

Kommenter innlegget

Filed under Interiør, Mote

Fajitas til middag

I dag hadde vi fajitas til middag igjen. Det går ei stund mellom kvar gong sidan Vidar ikkje er so glad i kylling, men eg trur at han syns fajitas er heilt greit og kanskje litt godt.

Eg har begynt å bruke vanleg løk istaden for rødløk sidan Vidar likar den bedre. Dinne gongen brukte eg ruccolosalat istaden for isbergsalat. Det gjer smaken litt annleis.

Bilde frå forrige fajiitasmiddagen vår:) :

Fajitas

Ingredienser:

Tortillas

Kyllingkjøttdeig

Fajitaskrydder

Isbergsalat eller ruccolosalat

Paprika

Rødløk

Rømme

Steik kyllingkjøttdeiga. Følg bruksanvisninga bak på fajitaskrydder-pakken. Skjer salat, paprika og rødløk i strimlar og legg i kvar si skål. Varm tortillasane i mikroen. Server:)

Det held akkurat med ein pakke kyllingkjøttdeig for to personar (4-5 tortillas tilsamen)

Det er godt med rømme på, men det er ikkje nødvendig å ha det på. Mais er også godt å ha på. For å piffe opp måltiden og gjere det litt utenom det heilt vanlege kan ein bruke ruccolosalat istaden for vanleg salat:)

Kommenter innlegget

Filed under Matlaging

Baguett, kokt egg og bacon til frukost/middag

Eg plana å ha ein god frukost saman med Vidar, men sidan eg sto opp ganske so seint vart frukosten middag istaden.

Det er veldig godt med baguett i skiver, egg og bacon. Eg syns det passar best som frukost eller ein god kvelds sidan det ikkje er so veldig mettandes (blir fort svolten igjen).

Kommenter innlegget

Filed under Kvardagen, Matlaging

På kafe og filmkveld etterpå at med veninner

I dag var eg på kafe at med Ida, Anna, Janita og Iselin.

Eg bestilte meg mocca caffe og baguett. Dei hadde desverre ikkje meir kylling, so det vart reker på baugetten istaden.

Seinare på kvelden for eg og Anna til Janita for å sjå film. Eg var svolten so eg kjøpte meg ein Hamburgermeny då vi leigde film:)

Vi såg komedie-filmen The Proposal og den likte vi alle:)

The Proposal

Foto: filmweb.no

Filmen handlar om den energiske forlagskonsulenten Margaret (Sandra Bullock) som risikerer å bli utvist til hjemlandet Canada og erklære  snartenkte til sjefane at ho er eigentleg forlova med assistenten Andrew (Ryan Reynolds), som er uvitande om dette. Andrew går med på dette. Dei må so reise for å besøke familia….

Kommenter innlegget

Filed under Film, Kvardagen