Daily Archives: mai 4, 2009

Forallergiutredninga

No har det gått ei stund sidan vi begynte på utredninga. Ho har til tider hatt god matlyst, men det blir litt for ofte at ho ete berre 1/3 av maten sin. Får sjå det litt ann framover. Magen er ikkje heilt stabil, so avføringa er som regel ikkje heilt fast, gjerne litt rennane.

Holly klør ikkje noko særleg, men av og til og ikkje intenst. Syns ikkje ho klør mindre enn då vi begynte på forallergiutredninga igrunnen. Veit ikkje om det er meir enn normalt og kva som gjer at ho plutseleg begynde å klø. Eg syns ho har fått bedre pels, ho er ikkje like tørr trur eg og røyter ikkje like mykje heller, men om alt dette kjem som eit resultat av allergiforet eller om ho er ferdig med ei røyteperiode, det veit eg ikkje. Vi får berre fortsette å gå på allergiforet og sjå om pelsen blir enda bedre.

Vi har ikkje vore 100% flinke til følge utredninga, for ho skal ikkje få noko anna enn det foret, altso ingen godbit heller. Ho har vel fått ei gulrot eller greenis ein sjelden gong:/ Det er so vanskeleg å ikkje la ho få noko godbit å ete på. Sidan eg har lyst å stille ho ut på ustilling ein gong til må eg finne ut om det fins ein slags godbit eg kan trene med, so skal kontakte dyrlegen og høyre. Eg vil også trene litt lydigheit og agility so treng godbit til det også.

Kommenter innlegget

Filed under Dyrlege, Forallergiutredning