Daily Archives: mai 13, 2009

Eg og Holly var på besøk hos Cecilie i dag

Cecilie er heime på Hareid ein tur:), so eg tok med meg Holly dit fram i dag.

Dei grilla so på starten hadde eg Holly i band slik at ho ikkje for bort til maten som var på eit lavt bord/benk. Holly gjekk å surra rundt omtrent heile tida, vi var der i 5 tima, so det sei sitt.

Holly snusa og fann masse å gnafse i seg på gulvet og elles tigga ho når folk åt mat, so ho ville ikkje slappe av med det første. Elles so fekk Holly helse på Angelica (yngste dattera til Cecilie) og Lea (systra til Cecilie). Holly syns dei var litt skumle når dei ville klappe ho (dei kom litt brått på av og til), men ho kosa seg alikvel og sprang bortover når dei kom gåande etter ho.

Eg trur Holly vart litt dårleg i magen av det ho fann, men var ikkje lett å halde ho unna det som låg på gulvet. Sidan ho går på allergifor trur eg magen hennar er meir ømfintleg mot anna mat enn den var før.

Kommenter innlegget

Filed under Holly, Uncategorized