Daily Archives: mai 14, 2009

Risotto:)

I dag laga eg risotto til middag. Det var godt:) Noko som gjorde at den vart mykje bedre enn elles var at eg brukte fersk annanas, ikkje på boks. Det gjor at risottoen vart friskare og det vart meir smak.

Risotto er ein veldig grei rett å lage til, tar ca. 20 minutt.

Ingrediensar:

Kjøttdeig

Salt

Peppar

Fullkornris

Fersk annanas

Mais

Drue

Rømme

Framgangsmåte: Kok risen slik det står på pakken. Skjer opp annanas og drue. Steik kjøttdeiga når vatnet til risen kokar. Når kjøttdeiga er steikt krydre med salt og peppar. Bland kjøttdeig, ris, annans, mais og drue saman i ei stor serveringsskål. Ha på ein liten klatt med rømme ved sidan av maten eller bland den også i maten.

Risotto passar også som kvelds og lunsj, so eventuelle restar er berre kjekt å ha:)

Ein kan bytte ut kjøttdeiga med kylling for å få ein anna og sunnare variant.

Bilde kjem når eg får tak i ein overføringskabel.

Kommenter innlegget

Filed under Matlaging